Nikkelverket

I perioden oktober 2015 - februar 2016 gjennomførte  Memoar, Norsk etnologisk gransking, fagforbundet Industri Energi og Nikkelverkets Arbeiderforening forprosjektet "Vendepunkt 1975". Forprosjektet forsøkte ut samarbeid med lokal fagforeining om å gjere opptak av munnlege forteljingar om endringar i industrien i åra rundt 1975, det året då hundre år nesten samanhengande vekst i industrisysselsetjinga brått snudde til nedgang. Meininga var å førebu eit større hovudprosjekt for å samle munnleg kjeldemateriale om endringane i norsk industri og samfunnsliv. Forprosjektet vart avrunda med eit ope "minnemøte"  i Kristiansand 25. Februar 2016. 
Prosjektet si hovudside finn du her: Industri.Memoar.no

Munnlege kjelder: 

https://sites.google.com/a/memoar.org/memoar/tema/arbeidsminner/SluttrapportFramside.jpg
Prosjektet (prosjektskildringa kan lesast her) har laga 10 minneopptak med personar som var aktive på Nikkelverket i endringsåra ca 1965 - 1995. Kvart intervju er omlag ein time langt. Etter opptak er dei dokumenterte i den forstand at dei er utstyrt med "mellomtitlar" og ei emneordliste som gjer det enklare å bruke opptaka som kjeldemateriale. Etter kvart som dei har blitt ferdige, har dei blitt lasta opp til internett med passord. Det er så forteljaren som avgjer om passordet kan fjernast. 

Sluttrapport for forprosjektet vert avlevert 1. mars 2016. Deretter vert alt materiale avlevert til Norsk etnologisk gransking, Arbeiderbevegelsens arkiv, Statsarkivet i Kristiansand, Norsk Folkeminnesamling og Nasjonalbiblioteket. Fram til ein eller fleire av desse har stadfesta mottak og at materialet er tilgjengeleg der, vil Memoar bevare ein kopi.  Prosjekthistoria kan lesast på prosjektweb'en

Opptak frå avsluttingsmøtet vert publisert tidleg i mars 2016

Desse opptaka er publiserte: 
(Kvar forteljar har ei underside med emneord og litt tekst. Der det er passord må innsyn avtalast med forteljaren)

Vidareføring av industriprosjektet i Kr.Sand

Memoar har eit veldig sterkt ynskje om å halda fram med Nikkelverksprosjektet særskilt, og industrihistorie i Kr.Sand / Agderregionen generelt. 

Industrien si rolle for by- og regionutviklinga på Sørlandet er etter vår meining sterkt undervurdert. Framtida har sterk bruk for livserfaringane til dei menneska som sto for den enorme utviklinga i heile førre og starten av dette hundreåret - frå Sam. Eyde til Bjarne Skeie, og ikkje minst alle dei som gjorde ideane deira verkelege. 

Me vil gjerne samarbeida med andre om å gjennomføra flest mogleg intervjuopptak for å ta vare på den munnlege historia til desse personane. 

Interessert? Ta kontakt med bjorn.enes@memoar.no  

Forteljarane:

Comments