Arbeidsoppgåver

Husten 2016 arbeider me med desse oppgåvene: 

Digitalisering og formidling av materiale etter Norgesdokumentasjon. 
Prosjektet Norgesdokumentasjon vart drive fram av Jan Eidi. Han var rektor ved Folkeuniversitete i Vestfold. Han hadde stor interesse for å ta vare på munnleg kjeldemateriale. Etter at han vart pensjonert, gjekk han for fullt inn for prosjektet "Norgesdokumentasjon", der han samla intervjuopptak med ei lang rekke personar.  I alt samla han 450 intervju. 

Ein av dei næraste samarbeidspartnarane til Eidi var Jostein Saakvitne, ein av grunnleggjarane av Memoar. Det var mellom anna han som førebudde og gjennomførte opptaka på Vestlandet, som nokre gonger som fotograf og andre gonger som både fotograf og intervjuar.  saakvitne var også sentral i arbeidet med NS-intervjua. Det er Saakvitne sine opptak som i fyrste omgang skal tilgjengeleggjerast i dette prosjektet.

Avtalane mellon Eidi/Saakvitne og intervjuobjekta var at opptaka skulle gjerast tilgjengelege for ettertida. Norgesdokumentasjon klarte ikkje å finne midler til digitalisering og webpublisering, som den gong var ganske kostbart. Derfor lagde han og andre som arbeidde saman med han, forkorta tekstdokumentasjon på innhaldet i intervjua. Eidi gav sine opptak til prosjektet Neveragain.no ved Stiftelsen Arkivet i Kristiansand  for at arbeidet skulle vidareførast, men også der har det vore vanskeleg å finna finansiering. 

I 2016 er kostnadane med publisering og digital arkivering gått kraftig ned. Memoar startar derfor opp på dugnadsbasis.



Dette skal gjerast: 

Oppgåve 1: Oppretta  nettside. 
Oppretta side med personnamnet under Krigsminne.memoar.no og leggja eksisterande innhald inn på den. Skriva forslag til ny introduksjonstekst. Aktuelle oppgåver her, 

Utstyr: 
    • PC / Mac med netttilgang
Arbeid:
  • Få redigeringstilgang på Krigsminne.Memoar.no. Oppretta side 
  • Kopiera bilete og tekst frå arkivkopi av Norgesdokumentasjon
  • Lima dei inn på den nye sida. 
  • Hente evt. andre data eller relevante peikarar til andre kjelder. 
  • Skriva ny og kortare introduksjonstekst om opptaket

Oppgåve 2: Videograbbing, samansetjing og konvertering til moderne format
Opptaka finst på DV-kassettar i .dv-format og skal over på ein arbeidsdisk i .mp4-format med start- og sluttplakat.  Aktuelle opgåver her

Utstyr
    • DV-avspelar eller -kamera 
    • PC/Mac som kommuniserer med DV-eininga
    • Programvare som kan grabba video. (Til no arbeider me med eit Panasonic NV-GS320 kamera som vert importert til en Mac. Software er iMovie for grabbing og Adobe Premier for samansetjing og  konvertering til .mp4) 
Arbeid: 
    • Importera opptaka frå DV til iMovie og lagring på disk.  (Real video time)   
    • Setja saman klippa frå importen, justera overgangar (klipppunkt), 
    • Leggja på start- og sluttplakat. 
    • Rendra og spela ut ferdig fil i moderne format (.mp4) og lagra den på disk. 
    • Levera arbeidsdisk med råfilar og ferdig .mp4-fil til den som skal gjera neste oppgåve. 
Oppgåve 3: Støyreduksjon:
Det har vist seg at mange av DV-kassettane har begynt å degenerera. Biletet har helde seg - men det har lagt seg støy i lydspora.  Me har gjort relativt vellukka forsøk på å redusere denne med vanleg lydfiltrering. Aktuelle opgåver her

Utstyr: 
    • PC/MAC og lydkort / programvare for lydfiltering  
Arbeid:
    • Hente/motta arbeidsdisk. 
    • Importera mp4-filar frå disk, filtrera og eksportera filtrert fil attende til disk
    • Levera arbeidsdisk med ferdige filar til den som skal gjera neste opgåve

Oppgåve 4: Opplasting til Memoar-arkivet. Publisering på Vimeo. 
Denne delen av arbeidet krevjer hurtige internettliner og tilgang til Memoar-arkiv og Vimeokonto. I tillegg til å laste opp filane, må dei også embeddast på den sida som er laga under oppgåve 1.  

Utstyr: 
    • PC / MAC.
    • Hurtig internettlinje 
Arbeid:
    • Hente/motta arbeidsdisk frå den som har fjerna støy. 
    • Etablera arkivmapper og lasta opp videofilane til Memoar-arkivet (Dropbox)
    • Lasta filane opp frå Dropbox til Vimeo. Publisera med passord. 
    • Embedda vimeofilane på nettsida  som er laga under oppgåve 1
    • Flytta råfilar og ferdig støyfjerna filar over frå arbeidsdisk til backupdisk.
    • Levera arbeidsdisken til den som skal starte ny sekvens (oppgåve 1) 

Oppgåve 5: Dokumentasjon 
Sjølv om Norgesdokumentasjon laga gode tekstresymé av kvart opptak, trengst det ein dokumentasjonsjobb for å kunne lage meir nøyaktig oversyn over innhaldet og kor det kan finnast. 

utstyr: 
    • Papir og blyant
    • PC/Mac med internetttilkopling
Arbeid:.
    • Spela gjennom heile opptaket og notera stikkord og tidskodar for innhaldet   
      • Det mest effektive ser ut til å vere papir og blyant. 
      • Noter omlag eit stikkord per minutt. Helst stikkord som forteljaren sjølv brukar, og som på same tid gir eit tydeleg indikasjon på kva ho/han fortel om. 
    • Føra stikkordslista med tidskodar inn i eit rekneark (Excel, Google Rekneark el.l.)
      • Venstre kolonne: Tidskoder i format  0h0m0s (tal-timar, tal-minutt, tal-sekund) 
      • Høgre kolonne: Stikkord
    • Skriva ein kort introduksjonstekst om kva opptaket handlar om.
    • Senda reknearket og intorduksjonsteksten til dugnad@memoar.no for publisering - 
      • evt. be om tilgang til å publisera sjølv


Oppgåve 6: Publisera:

Publiseringa må skje trinnvis, særleg når mange er involverte. Me bygger kvar enkelt forteljar si side opp på undersida Dugnad.Memoar.no og flyttar sida over til Memoar.no når alt er ferdig. 

Utstyr:  

    • PC / Mac med internettoppkoping. 
    • Publiseringstilgang i Dugnad.Memoar.no
Arbeid: 
    • Kopierea ned tekstar og bilete  frå Norgesdokumentasjon,  "Vaska" tekstane for formateringskoder (lim dei inn og klipp dei ut att frå f.eks. Notepad)
    • Etablera ny side med namn etter forteljaren i "Under arbeid"  Lima inn  bilete og tekst frå Norgesdokumentasjon. 
    • Når opptaket er publisert på Vimeo:: Embedda videoen over introduksjonsteksten frå Norgesdokumentasjon. 
    • Flytta sida frå "Under arbeid" til "Klare for dokumentasjon"  
    • Når dokumentasjonsjobben er gjort: Lima inn introduksjonsteksten og biletet over video-vindauget og stikkordslista under videovindauget (men over den opprinnelege intoruksjonsteksten) 
    • Lage klikbare stikkord: I prinsipet kan godt alle stikkord vere klikkbare. Men det er klokt å starte med dei viktigaste. Peikaren er videoadressa med fygjande tillegg: #t=0m0s" - f.eks. https://vimeo.com/185977970#t=25m58s
    • Legga stikkrda inn i Vimeo. 
    • Når alt er klart: Flytta sida over til "Ferdige sider". 
    • Den endelege flyttinga til Memoar.no skal etter planane gjerast i lanseringsprosjekt saman med andre. Det fyrste lanseringsarrangementet skal etter planen vere i Nordhordland truleg i november 2016. Samarbeidsopartnar der vil vere Radøy Bibliotek, 

Oppgåve 7: Finansiering
Det er eit stort arbeid som skal gjerast, og det vil ta lang tid om alt må gjerast som dugnad. Det beste ville vere om ein eller fleire medarbeidarar kunne engasjerast på prosjektbasis for å få tilgjengeleggjort dette materialet.  Me tek gjerne mot idear om korlis dette kan gjerast - og aller helst ein dugnadsinnsats for å skaffe finansiering eller samarbeid med institusjon/organisasjon som kan vere med å sikre gjennomføringa av produksjonan. 


 
Comments