Program

Interessa for munnleg historie - oral history - er aukande i Noreg. 
Ei årsak er at opptak, arkivering, katalogisering og formidling av munnleg kulturarv blir stadig enklare og billegare. 
Endå viktigare er det at ulike fagmiljø og frivillige finn saman, lærer av kvarandre og samarbeider. 
Per 24. januar er 70 fagpersonar og frivillige frå heile landet påmeldte. 
 

Laurdag 17. februar 2018: Memoarkonferansen

Program: 
09:00  Registrering og kaffe i kafeen "Amalies hage". Kaffe og te-buffét. 
10:00  Auditoriet opnar . 
10:10  Velkomst frå arrangørane. 

10:20  Audun Kjus:
Om minneinnsamling og minneinnsamlingar.
Audun er folklorist. Han er leiar av Norsk etnologisk gransking ved Folkemuseet. 


11:05    Ingar Kaldal: 
Minner som prosessar 
Ingar er profesor i historie ved Institutt for historiske studier ved NTNU. Han er også grunnleggar av nettverket Arbeidsarven, Nyleg publiserte han ei minneteoretisk bok med same tittel som foredraget.

11:50 - Beinstrekk 

12:05    Malin Thor Tureby: 
Arbetet med att återetablera oral history som forskningsfält i Sverige
Malin er biträdande professor i historie  i Linköping Universitet.  Forskingsfeltet hennar er oral history, migrationshistorie og jødisk historie. Ho er ein av grunnleggjarane av nettverket «Oral history i Sverige» (OHIS) og nettstaden  Oralhistory.se



12:50  
Line Esborg: 
Citizen Science - verdien av frivillige sitt arbeid for å samla inn munnleg kjeldemateriale
Line er folklorist, førsteamanuensis ved Institutt for kulturvitenskap, Universitetet i Oslo og faglig ansvarlig for Norsk Folkeminnesamling.  


13:15   Lunsj og mingling - 
  • Kaffe- & tebuffét
  • Eplemost val 
  • Smørbrød - firkantstykker med assortert pålegg 
(Lunsjen er inkludert i konferanseavgifta)
Under lunsjen vil det vera tilgang til  biblioteket sitt intervjustudio.


Før Konferansen:

Fredag 16. februar: Workshop på UIB.
Tema: Tverrinstitusjonelt og tverrfagleg strategi for sikring, digitalisering, arkivering og formidling av kulturhistoriske samlingar og munnleg historie i Noreg.  
Spesielt inviterte deltakarar. Interesse kan meldast til konferanse2018@memoar.no 






14:15 
 
Bjørn André Widvey: 
Skeive livsminne – om Skeivt arkiv sitt intervjuprosjekt.

Bjørn André har bakgrunn som journalist, men arbeider no med utviklinga av Skeivt Arkiv, mellom anna som intervjuar.  


14:40    Maja Gudim Burheim:  
22.juli-sentets vitneprosjekt
Maja er historikar, og har også journalistutdanning. Ho har arbeidd m.a. i TV2. Nå er ho ansvarleg for innsamling av munnleg og skriftleg minnemateriale etter terroren 22. juli 2011

15:05 - Kaffe og tebuffet med minibrownie i auditoriet 

15:25  
Stig Tenold: 
Munnlege kjelder i arbeidet med nyare norsk sjøfartshistorie. 
Stig er professor i økonomisk historie. Han arbeider til dagleg ved Norges Handelshøyskole. Men han har og tilknytting til Sjøfartsmuseet, mellom - munnleg  anna i arbeidet med eit nytt bind av Bergens sjøfartshistorie.

15:50  Spørsmål og kommentarar  - munnleg historie i praksis

16.20 Bjørn Enes: 
Bjørn er frilansjournalist og leiar av Memoar. Han har erfaring med produksjon av munnleg kjeldemateriale til nyare sjøfarts- og industrihistorie, lokalhistorie og livshistorier.

16:50: Årsmøte i Memoar
Årsmelding og reknekap til etteretning - val av nytt styret. Viss årsmøtet treng meir tid, vil det halda fram etter avslutting av konferanseprograsmmet.

17:00    Avslutting - informasjon om kveldsarrangementet i Amalies Hage. 

(Enkel middag og ei drikkeeining under kveldsarrangementet er inkludert i konferanseavgtifta)






Etter Konferansen:

Laurdag 17/2  kl . 19 - 24: 
Lapskaus og mingling 

Kveldsarrangement med mingling, mat og munnrappe bergenserar - tonen vert sett av Marie Nicolaisen, kulturformidlar i Sogn og Fjordane og styremedlem i Kulturvernforbnundet.
Undersider (1): Initiativet
Ċ
Bjørn Enes,
14. feb. 2018, 03:00
Ċ
Bjørn Enes,
5. des. 2017, 03:03
ą
Bjørn Enes,
5. des. 2017, 03:05
Comments