Oversyn





Memoar har arbeidd for å få til ei landsomfattande innsamling av industriminne om dei store endringane i teknologi, organisasjon, kultur og sysselsetting i norsk industri i åra mellom ca 1960  og 1995.  Prosjektleiaren vår for dette arbeidet, Bjørn Enes, skreiv i 2014 ein artikkel om dette, der han argumenterte for et denne perioden må kunne analyserast som ein tredje industriell revolusjon. 
  • Den fyrste handla om mekanikk. Den var resultatet av dei store oppdagingane i opplysningstida og oppfinningar som spinnemaskinen, dampmaskinen og maskinveven. For Noreg var denne perioden prega av rask vekst i tekstilindustri og skipsbygging, med stålbåtar og propelldrift som mest typiske framsteg. 
  • Den andre handla om elektrisitet, metallurgi og olje. Den slo til for fullt rundt førre prhundreskifte, med vasskraftutbygging og elektrokjemisk industri som det mest iaugefallande. Det var i denne perioden at Noreg vart industrialisert for alvor. Frå dei fyrste kraftstasjonane vart bygde og fram til 1975 vart heile det norske samfunnet omdanna. Industrien kom til å dominera alt. 
  • I 1975 snudde veksten i den registrerte industrisysselsettinga. I løpet av svært kort tid, vart dei tradisjon

    Nov. 2018:

    Viktig historisk artikkel om den 3. industrielle revolusjonen: 
    Historikaren Pål Nygård publiserte i november 2018 artikkelen   "Institutt for atomenergi og digitaliseringen av norsk aluminiumsindustri" i Historisk Tidsskrift 4/2018 . Artikkelen er ein innsiktsfull og velskriven analyse med ei rekke spennande påstandar. Mellom anna at digitaliseringa av norsk industri ikkje var resultat av nokon plan eller strategi - snarare  "ein serie tilfeldigheter og uintenderte konsekvensar" av planar og strategiar som blei forsøkte.
    elle industriarbeidsplassane reduserte dramatisk. Noko industri flytta til lågkostland. I den industrien som ble verandevart sysselsettinga redusert til omlag ein tredel. Også denne gong var drivaren teknologi. Den elektroniske revolusjonen gjorde det mogleg å fjerna så å seie alt rutinemessig, manuelt arbeid- Arbeidaren sin kvardag endra seg frå fysisk arbeid til ettersyn. kontroll, vedlikehald og krisehandtering på maskinar og digitale prosessrobotar som gjorde sjølve arbeidet. Men sysselsettinga gjekk ikkje ned - tvert om. Aldri nokon gong i historia har så stor del av innbyggarane vore lønsmottakarar som etter den elektroniske revolusjonen.
Når historikarane ein gong kjem i gang med å studera desse prosessane, vil dei truleg oppdaga at dei tradisjonelle kjeldene er svært mangelfulle. Dei må til dei munnlege kjeldene om dei skal pusla saman bitane av det fragmenterte arbeids- og produksjonslivet etter 1975. Faren er at primærkjeldene er borte før interessa vaknar for desse kjeldene. 

Det er hovudargumentet for at Memoar ynskjer ei ny "Arbeiderminneinnsamling" av minst like stort omfang som Edvard Bull og Norsk etnologisk gransking sette i gang på fyrste halvdel av 1950-talet.  Me ynskjer kontakt med alle - historikarar like så vel som historielags- eller fagforeningsmedlemmer som deler synet om at dette er viktig. Ta gjerne kontakt med vår prosjektleiar bjorn.enes@memoar.no !


Prosjekt i startgropa: 

Nikkelverket i Kristiansand; 
Gjennomført og publisert ti intervju i 2016. 

Borregårdsamfunnet: Påbegynt samarbeid med Østfoldmuseene. Gjennomført åtte intervju med tidegare Borregårdtilsette,

Hermetikkindustrien: Gjennomført to intervju i Bergensområdet (Os og Askøy). 

Herøya: Påbegynt samarbeid med Arbeiderbevegelsens Arkiv i Telemark i Industriarbeidermuseet. 

Orkla Gruver: Påbegynt samarbeid med Orkla Industrimuseum.  

Tekstilindustrien; Påbegynt samarbeid med Tingvoll Museum om gamal og ny tekstilindustri i Møre og Romsdal.

Herøya: Publiserte innlegg

  • Den 8. januar 2019 held Memoar og Norsk Industriarbeidermuseum eit kurs i minnesamling med video på Porsgrunn Bibliotek. Eit minneoptak med Hans Gunnar Olsen Tørre vert ein viktig del av kurset. Me vonsr det skal bli starten på ei Herøyainnsamling.
  • Hans Gunnar Olsen Tørre Hans Gunnar Olsen Tørre vaks opp i Landsbyen på Herøya. Både far hans og bestefar hans arbeidde på Hydro, og sjølv om han høyrde til den fyrste generasjonen som hadde ...
    Lagt inn 20. jan. 2019, 16:05 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 1 av 1. Vis mer »

Nytt industriprosjekt

https://docs.google.com/a/enes.no/viewer?a=v&pid=sites&srcid=ZW5lcy5ub3xtZW1vYXJ8Z3g6NWQwZjNhMDc2ODk1OGJhNQ
Memoar og Norsk Industriarbeidermuseum på Rjukan er i samtalar om ei ny innsamling av munnleg historie i Telemark.  

Memoar har lagt fram eit prosjektforslag som kan hentast opp frå Dokumentarkivet

Me kjem attende med meir informasjon når/viss samtalane fører til at det vert utvikla ein prosjektsøknad.