Startside‎ > ‎

Utstillingane - andre etasje


Eksplosjonen på T/T "Haakon VII"

lagt inn 26. sep. 2016, 11:10 av Bjørn Enes

MEMOAR: I romjula 1969 vart Hilmar Reksten sin fyrste supertankar, T/T "Haakon VII" skaka av ein voldsom eksplosjon. Halve dekket vart flerra opp. Kort etter kom ein ekwsplosjon til. Bern Fredrik Jonberg var styrmann ombord. I Bergen vart Olav Vindedal vekt opp av telefonen og beordra til å kome til kontoret i Fjøsanger klokka tre om natta. Nesten femti år etterpå møttest dei att, på Venneforeningens dag på Bergens Sjøfartsmuseum. Framfor utstillingsmonteren med modellen av "Haakon VII" og eit stort bilete av korleis han såg ut morgonen etter eksplosjonen fortalde dei litt om hendinga. 

Bern Fredrik Jonberg og Olav Vindedal



QR-kode: 



Skipsmotoren - Burmeister & Wain

lagt inn 26. sep. 2016, 07:20 av Bjørn Enes

Edmund Hellman har vore motormann på mange slags ksipsmotorar gjennom eit langt sjømannsliv - ein av dei han har likt best, har vore Burmeister & Wain.  Det står ein modell av ein slik i andre etasje i Sjøfartsmuseet. På Venneforeningnes dag den 18. september 2016, var han "motormann" på ny - denne gong som forteljar på museet.  I denne videoen gir han eit lynkurs i drift og overhaling av slike motorar. 

Edmund Hellman om Burmeister & Wain



QR-kode: 





Talerøyret

lagt inn 21. sep. 2016, 02:42 av Bjørn Enes   [ oppdatert 21. sep. 2016, 02:46 ]

 Før "den elektroniske revolusjonen" var kommunikasjonsutstyret ombord i store skip gjerne røyrgater som ein kunne ropa ordrer og korte meldingar gjennom.  I denne kortvideoen frå Bergens Sjøfartsmuseum fortel sjøkaptein Eilif Harbitz-Rasmussen om røyret til kapteinslugaren.

Embed gadget



QR-kode til denne videoen:


Bilete av eit talerøryr frå Sunnmøre Museum: 




Skipsklokka

lagt inn 21. sep. 2016, 02:33 av Bjørn Enes

John Stormark fortel i denne korte videoen om skipsklokka frå TS "Leda", som i dag står i andre etasje i Bergens Sjøfartsmuseum. I ein forrykande storm på tidleg 1950-tal berga han klokka frå å bli skylt overbord.

Skipsklokka




QR-kode til denne videoen: 


Redningsdåden på "Venus"

lagt inn 19. sep. 2016, 03:55 av Bjørn Enes   [ oppdatert 27. sep. 2016, 07:41 ]




P.G. Steimler fortel:



QR-for meir informasjon frå  Fylkesarkivet.no




1-5 of 5