Skulemål

Hordaland fylke er delt i språkspørsmålet. I Bergen og randsona rundt Bergen har dei fleste skulane bokmål hovudmål, og bergensdialekten breier seg utover, medan resten av fylket har nynorsk. Nynorskprosenten i skulen ligg no rundt 45%. I Bergensområdet er det mange skular med parallellklassar i anna målform, både ved nynorsk- og bokmålsskular, og ein stor del av skulemålsarbeidet går ut på å få foreldre til å velja nynorsk, for på den måten å hindra bokmålsparallellar og krav om røysting.

Dei siste åra har det vore ei sterk tilflytting til Bergen og nynorskprosenten har gått ned, men ved nokre av skulane i Bergen sentrum har det lukkast å få til nynorske parallellklassar – under sterk motstand frå skulebyråkratar. Samstundes er nynorsken blitt røysta ut av skulekrinsar i Åsane (Hordvik, Kyrkjekrinsen) og Fana (Liland).På grunn av auka utflytting frå Bergen. I nabokommunane Fjell og Øygarden er det blitt oppretta fleire bokmålsparallellar. Rundt 25-30% av elevane skifter frå nynorsk til bokmål ved overgangen til ungdomsskule eller vidaregåande skule.

Skulemålsnemnda i 2016 er: 

Oddvar Skre (Leiar) Fana Mållag 
Erlend Bakke, Askøy Mållag  
Håkon Remøy Studentmållaget,
Hallgeir Dale, Sotra Mållag 
Arild Reigstad, Arna Mållag 
Vara: 
Mona Stormark, Bergen Mållag 
Øyvind Heitmann, Arna Mållag 
Johanne Telnes Instanes, Sotra Mållag 

Kontakt - skulemålsnemnda: skule@maallag.no

Undersider (1): Skulemålsrapport 2016
Comments