Nyhende‎ > ‎

Nynorsk julekafé: 9. desember i Kulturhuset Gimle

lagt inn 30. nov. 2017, 07:12 av Live Havro Bjørnstad   [ oppdatert 30. nov. 2017, 07:14 ]

 Treng du ein roleg pause i desemberstria? Eller ei gåve til ein språkinteressert ven? Kan henda er du nyfiken på nynorsk litteratur eller målarbeid? Då er dette hendinga for deg. Her får du nemleg både kaker, kaffi, handel og kultur!


Kaféinnhaldet vert slik:

Forfattar Helga Gunerius Eriksen les frå nokre av bøkene sine.
Masterstudent Marta Nagel-Alne snakkar om ruskevêr og vinterlandsskap i barnelitterær fantasy.
Mållagstilsett Live Havro Bjørnstad rapporterer frå arbeidet med satsingsfelt i målrørsla i Hordaland

Elles vert det sal av kaker, kaffi, lotterilodd og nynorske bøker og andre profilvarer.

................

13:00 - Velkomst. Live og fyrsteklasseaksjonen.
13:15 - Helga Gunerius Eriksen les.
13:45 - Marta fortel om norsk fantacylandskap.

Velkomen skal du vera!
Comments