Nyhende‎ > ‎

Fråsegn frå årsmøtet i Hordaland Mållag

lagt inn 16. mar. 2017, 06:52 av Live Havro Bjørnstad   [ oppdatert 16. mar. 2017, 06:56 ]
Hordaland Mållag vil ha Språkrådet til Bergen.

Skal Språkrådet ut av Oslo, bør det koma til Bergen.

Hordaland Mållag er kjend med at regjeringa og samarbeidspartiet Venstre vurderer å flytta Språkrådet ut av Oslo. Språkrådet er ein viktig institusjon i Noreg som skal styrka statusen til norsk språk, fremja norsk som eit godt kultur- og bruksspråk og ta vare på det språklege mangfaldet samt språkbrukarane sine interesser.

Dersom Språkrådet vert flytta ut av Oslo, meiner me det bør koma til Bergen. Her vil dei ha alle føresetnader for å lukkast i det viktige arbeidet dei gjer. 

Bergen har eit kunnskapsmiljø som gjer byen godt rusta til å vera vertskap for Språkrådet. Særleg ved Universitetet i Bergen finn me eit sterkt nordisk språkmiljø. UiB har nyleg overteke ansvaret for ordbøkene og språksamlingane frå Universitetet i Oslo, og dei har ein samarbeidsavtale med Høgskulen i Volda om å styrkja forsking og forvaltning av nynorsk språk. Bergen har også sterke språkmiljø ved NHH, Uni Research og ved Høgskulen på Vestlandet. 

Bystyret i Bergen har dei siste åra fatta viktige vedtak for å styrka Bergen som nynorskhovudstaden i Noreg. Det bles ein språkvenleg vind over vestlandet. Dersom Språkrådet vert flytta ut av Oslo, bør styresmaktene velja Bergen. Her kan Språkrådet sikrast fagleg kvalitet, og byen kan møta Språkrådet sitt behov for rekruttering av kompetanse, samstundes som Språkrådet vinn nærleiken til nynorsken.
Ċ
Live Havro Bjørnstad,
16. mar. 2017, 06:56
Comments