Nyhende‎ > ‎

Årsmelding - Hordaland Mållag

lagt inn 19. feb. 2017, 07:34 av Bjørn Enes

Årsmelding for Hordaland Mållag mars 2016-2017

(PDF-versjon)  I Hordaland har me 26 lag og 2984 betalande medlemmer (31/12-17). Me har hatt seks styremøte i perioden og mange småmøte, ca 50, mellom styremedlemmer og andre, som har gjort ein innsats for Hordaland Mållag. I tillegg har me hatt ei rekkje mindre møte, som førebuingsmøte, komitemøte o.l.

Styret har vore: Leiar Astrid Olsen, nestleiar Solveig Grønlien, kasserar Ingrid Hovstad, skrivar Morten Myksvoll, styremedlem Arild Reigstad-

Vara: Lars Fjeldstad, Sahra Torsvik, Bjørg Eli Eide, Øyvind Heitmann, Silje Namtvedt.

Håkon Remø har vore fast observatør frå SmiB, Fredrik Heimsæter har møtt ein gong då Håkon Remø ikkje kunne.

Skulemålsnemnda: Leiar Oddvar Skre, Erlend Bakke, Håkon Remøy, Hallgeir Dale, Arild Reigstad. Vara: Mona Stormark, Øyvind Heitmann, Johanne Telnes Instanes

Andre valde: Mållovsansvarleg Erlend Bakke, Næringslivsansvarleg Øystein Skjæveland, Webansvarleg Bjørn Enes.

Live Havro Bjørnstad er no tilsett i Hordaland Mållag. Ho byrja 22.august.


Kampen for målet i haust

Den store saka me fekk i fanget i haust, var spørsmålet om eit eventuelt stort vestlandsfylke skulle ha nynorsk som administrasjonsspråk, og om Staten måtte venda seg til eit slikt fylke på nynorsk.

Då nyhenda om at fylkesordførarane i Sogn & Fjordane og Hordaland var viljuge til å selja nynorsken kom, var me svært mange sjokkerte målfolk.

Fylkesleiaren i Rogaland hadde uttala at nyorsk ikkje var naturleg i Rogaland.

Me trudde knapt kva me las og høyrde. Mange andre oppgåver stod på vent medan kampen for nynorsk i fylka våre varte.

Me kalla raskt inn dei som særleg ville jobba med saka, fordelte fylkespolitikarar, gruppeleiarar og partia mellom oss, gjekk i gang for å overtyda dei. Sidan hadde me eit nytt medlemsmøte, ope for alle medlemmer i Hordaland og Karmsund.

Hordaland Mållag har vore i radio, TV, media, på video, har skrive høyringssvar, lesarbrev, artiklar på nett og papir. Mange lag og einskildpersonar har levert høyringsfråsegner. 705 kom inn i alt, 457 i Hordaland.

Me sette ned mindre grupper til arbeidet og hadde godt samarbeid med SmiB, som og gjorde ein særs god jobb. Samarbeidet med andre lag og delar av målrørsla var og godt.

Kvar dag i november jobba me med dette.

Mållaga fekk ein del nye medlemmer i denne kampen

Som me veit vart det ikkje noko av det store, nye fylket, med Rogaland som tredjepart.

Då S&F og Hordaland vedtok å slå seg i lag, vedtok dei at målet skulle vera nynorsk. Det skulle berre mangla! Men når me såg kva som faktisk stod på spel, må me oppsumera dette som ein siger!

Det var svært heldig at me hadde Live Havro Bjørnstad på plass, då strida dukka opp. Saka om fylkesmålet skulle koma til å ta mykje plass.

Live Havro Bjørnstad

vart tilsett i Hordaland Mållag 22.august 2016 i 80% stilling. Førebels gjeld stillinga til 22.juni 2017. Intensjonen er og har vore at stillinga skal halda fram. Me vonar og trur ho kan halda fram, helst som fast tilsett.

Live H.B. Har på alle måtar vore den rette for Hordaland Mållag. Ho har vore med på å auka aktiviteten i haust. Under arbeidet med nynorsk i fylka våre gjorde ho ein ekstra god innsats. (Ho var i møtelokala då fylkesstyret i Hordaland hadde møte, to gonger. Den eine gongen var Erlend Bakke med. Den andre gongen var ho åleine.)

Då me føreslo å laga filmsnuttar, for å opmoda folk til å senda inn høyringsfråsegner, fekk ho i gang fleire ulike småfilmar. På den fyrste såg ein henne åleine . Det kom fleire filmsnuttar, m.a. frå SmiB.

Ho skriv, ringjer, lagar brev, kontaktar styresmakter og lag. Ho er til stades på styremøta til HM og på mykje av det målrørsla skipar til.

Ho delar kontor med BUL-Ervingen, der me er leigetakarar.

Me ser fram, til vidare målarbeid i lag med Live Havro Bjørge.

Idedugnad

19.november var det idedugnad i Gimle. Dette var noko Hordaland Mållag hadde planlagd i god tid. 16 målfolk frå ulike lag møtte.

Sidan dette var midt i strida om nynorsk i fylka, handla den viktigaste delen sjølvsagt om dette. Innspurten for å senda inn gode høyringssvar hadde byrja.

Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag, innleidde. Han var ekspert på emnet, sidan han m.a.har jobba for NM med å sikre nynorsk ved samanslåingar av kommunar, i fleire år.

Hognestadseminaret

Me hadde representantar til stades ved dette seminaret.

Det var interessant, med dei opna ikkje for kommentarar eller debatt frå salen. Me ynskjer at fokuset på målmannen Hognestad skal vera ei oppmoding til Den Norske Kyrkja, til å ta skikkeleg ansvar for nynorsk i eigne rekkjer.

Sidemålseminaret på Flesland

Odda mållag, ved Knut O.Dahle skipa til eit særs velluka sidemålseminar 2/12-16. HM deltok me fire representantar. Her var båe vararepresentantane til fylkesleiarane i S&F og Hordaland fylke til stades. Odda-modellen var i fokus. Men sidan det var midt i strida om målet i fylka, vart det litt tid til å drøfta dette, og.

Bergenskonferansen 2017

er den store tilskipinga i vår. Me er med, og vonar det kjem mange, som på Bergenskonferansen i 2015. Denne gongen er samarbeidet mellom Bergen Mållag, UiB og HM. Tanken er å samla mange ulike målfolk og interesserte, dei åra det ikkje er landsmøte i Noregs Mållag. Bergenskonferansen er allereie viktig fot vidareutviklinga av målarbeid i Noreg. Tema i år er: Språksamlingane, kommune-og regionalspråk, Fjellprosjektet, identitet, nynorsk for innvandrarar. Me er no i mobiliseringsinnspurten, på årsmøtet er det berre to veker att til hendinga.

Opplæring i nynorsk; skule, barnehage, Odda-modellen, særeigen innvandraropplæring, nynorske i høgare utdanning

Samanslåimnga av høgskulane i Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund er no eit faktum. Me er glade for at administrasjonsmålet skal vera nynorsk. I desse tidene har me opplevd at jamvel sjølvsagde nynorskbastionar er under åttak. Difor pustar me letta ut over at me ikkje måtte setja inn ekstrakrefter i denne saka, og. Dette greidde høgskulefolka sjølve. - Dvs dei mange medlemmene mållaga har ved desse skulane.

Kampen om Odda-modellen er i ei ny utvikling. Me vonar på fortgang frå nasjonalt hald, slik at parallellklasseretten skal gjelda for ungdomskulen alle stader. Dette vil styrkja den lovfesta retten på barneskuletrinna, og. Mange kommunar bryt lova allereie, og har språkblanda klassar.

Den positive trenden til at nokre fleire kommunar no har opplæring for innvandrarar på nynorsk, kan godt auka på. Enno er me langt unna at alle nynorskkommunar i fylket driv slik opplæring. Difor utarbeidde Arild Reigstad eit brev til alle nynorskkomunane i fylket, der dei har bokmål for innvandrarar. (Dette er diverre dei fleste.) Responsen på brevet har vore positiv. Men mange kommunar skuldar på økonomi, når dei berre driv slik opplæring på bokmål. Brevet har fungert positivt, ingen kommunar forsvarar bokmålsbruken ideologisk eller politisk.

Mange lag driv godt skule-og barnehagearbeid. Men me har ikkje greidd å stogga bokmålifiseringa i randsona.

Sjå eigen rapport frå skulemålsnemnda.

Mållovsarbeid

Sjå eigen rapport frå Erlend Bakke (Kjem seinare.)

Næringslivsrapport

Sjå eigen rapport frå Øystein Skjæveland (Kjem seinare.)

Webrapport

Sjå eigen rapport frå Bjørn Enes (Kjem seinare.)

Nynorskbyen Bergen

Peder Lofsnes Hauge frå Venstre, er styremedlem i NM. Han fremja framlegget om at Bergen bystyre skulle gå inn for nynorsk som administrasjons-og tenestemål i eit eventuelt nytt storfylke. Med gode støttespelarar for nynorsk, vart dette vedteke. Dette var tungtvegande i debatten om målet i fylka våre.

Bergen bystyre har og tidlegare vedteke gode framlegg, om forsøk med tidlegopplæring og positive sidemålsforsøk i bokmålsklassar. Det ligg mykje oppfylgjingsarbeid att. Men vedtaka syner nye, gode stemningar for nynorsk i Bergen. Det har vore vellukka prøveprosjekt ved to skular i Arna. Det er få, når Bergen har ca 100 grunnskular. Men det er ei byrjing, som med vonar vil spreie seg til alle skulane.

At bystyret i den tidlegare så tradisjonelle bokmålsbyen, Bergen, verkeleg fremjar gode vedtak om nynorsk, er eit vendepunkt i historia. Dette har skjedd gradvis, men no ser me nokre resultat av målarbeidet.

I akademia, i fleire butikkar og kafear i Bergen sentrum, finst det nynorsk.

Bergen har mange nynorskforfattarar. Mange andre i Bergen skriv nynorsk, og. Nynorskscena i Bergen sentrum når mange.

Fleire har kryssa av for nynorsk for fyrsteklassingane sine i 2016, sjølv om det ikkje var mange nok på same bokmålsskule til å få eigen nynorskklasse.At nynorsk står sterkare i Bergen no enn før, har samanheng med at Hordaland fylke er eit nynorskfylke.

Dei aller fleste kommunane er solide nynorskkommunar. Det er i randsona at vanskane særleg finst. Då er det ekstra viktig at Bergen vert meir nynorskby enn tidlegare.

Målprisen 2016

Kjartan Rødland, tidlegare redaktør i Bergens Tidende, fekk målprisen av Hordaland Mållag i 2016. Me brukte nynorskbaren til Bergen mållag som stad, for å dela ut prisen. Prisvinnaren har gjort mykje godt for nynorsk, og han er historisk hovudmann bak at BT nyttar så mykje nynorsk som dei gjer.

Kontakt med styresmakter

Me hadde ein del kontakt med ulike styresmakter i samband med saka om nynorsk i eit eventuelt storfylke. Det har elles vore ein del kontakt med einskildpolitikarar, i fylkestinget, i bystyret i Bergen og i andre kommune-og heradsstyre.

Ord til slutt

Me er mange nynorskbrukarar i Hordaland. Me er det største nynorskfylket i landet, ikkje i prosent, men i folketal. Potensiale for endå meir målarbeid er stort.

Den rå nynorskhetsen er så godt som borte. Likesæla finst, men me opplever ikkje direkte hets.

Me ser at det er skilnad på mållag. Det er viktig at aktive målfolk gjer målarbeid som dei likar, som dei tykkjer er gøy. Me må ha som mål å få endå fleire til entusiastisk å utvida desse aktivitetane.

Ført i pennen/tasta, for styret, Astrid Olsen




Vestlandet utan nynorsk er utenkjeleg – nynorsk utan vestlandet er utenkjeleg

(Jon Fosse)







Ċ
Bjørn Enes,
19. feb. 2017, 07:34
Comments