Nyhende

Årsmøte i Hordaland Mållag

lagt inn 16. mar. 2017, 07:49 av Live Havro Bjørnstad


Helga 11. og 12. mars heldt Hordaland Mållag årsmøtet sitt. Møtet fann stad på Voss Vandrarheim og samla rundt 30 utsendingar frå 14 lokallag. I løpet av dei to dagane fekk deltakarane med seg innleiingar om ideologisk tenking, kommune- og regionreform, skulespråk og forholdet mellom tale og skrift, og på si side medverka dei i friskt ordskifte etterpå. Godt og inspirerande arbeid!

Takk for ei flott helg!

Referat kjem om litt.

Målprisen til Myrkdalen Fjellandsby

lagt inn 16. mar. 2017, 07:37 av Live Havro Bjørnstad   [ oppdatert 16. mar. 2017, 07:40 ]

  

11. mars delte Hordaland Mållag ut Målprisen 2017. I år gjekk denne til Myrkdalen Fjellandsby som i lang tid har profilert seg på nynorsk. Dei er eit godt førebilete på medviten og god språkbruk som Hordaland Mållag er glade for å kunna gje litt ekstra heider til. Det er ikkje innlysande at eit populært skisenter eigd av store eigedomsinvestorar brukar nynorsk, og det at Myrkdalen gjer det også i marknadsføringa si er svært positivt.

- Me har alltid vore ei nynorskbedrift, sa Kaia Finne, marknadsdirektør i Myrkdalen Fjellandsby. - Men nynorskarbeidet vårt byrja for alvor for fire år sidan, då me fekk ny merkevareprofil. Då fekk me også nedfelt i strategien vår at me berre skulle bruka nynorsk, både innanfor bedrifta og i kontakt med kundar. Nynorsk er trendy! Utan den mistar me identiteten vår.

 Ein vel fortent pris! 

Du kan sjå meir om Myrkdalen og arbeida deira på nettsidene: http://www.myrkdalen.no/no
Dei som abonnerer på Avisa Hordaland kan lesa nettsaka deira om prisen her: http://www.avisa-hordaland.no/nyhende/voss/myrkdalen-fekk-pris-for--bruka-nynorsk&loggedin=1

Fråsegn frå årsmøtet i Hordaland Mållag

lagt inn 16. mar. 2017, 06:52 av Live Havro Bjørnstad   [ oppdatert 16. mar. 2017, 06:56 ]

Hordaland Mållag vil ha Språkrådet til Bergen.

Skal Språkrådet ut av Oslo, bør det koma til Bergen.

Hordaland Mållag er kjend med at regjeringa og samarbeidspartiet Venstre vurderer å flytta Språkrådet ut av Oslo. Språkrådet er ein viktig institusjon i Noreg som skal styrka statusen til norsk språk, fremja norsk som eit godt kultur- og bruksspråk og ta vare på det språklege mangfaldet samt språkbrukarane sine interesser.

Dersom Språkrådet vert flytta ut av Oslo, meiner me det bør koma til Bergen. Her vil dei ha alle føresetnader for å lukkast i det viktige arbeidet dei gjer. 

Bergen har eit kunnskapsmiljø som gjer byen godt rusta til å vera vertskap for Språkrådet. Særleg ved Universitetet i Bergen finn me eit sterkt nordisk språkmiljø. UiB har nyleg overteke ansvaret for ordbøkene og språksamlingane frå Universitetet i Oslo, og dei har ein samarbeidsavtale med Høgskulen i Volda om å styrkja forsking og forvaltning av nynorsk språk. Bergen har også sterke språkmiljø ved NHH, Uni Research og ved Høgskulen på Vestlandet. 

Bystyret i Bergen har dei siste åra fatta viktige vedtak for å styrka Bergen som nynorskhovudstaden i Noreg. Det bles ein språkvenleg vind over vestlandet. Dersom Språkrådet vert flytta ut av Oslo, bør styresmaktene velja Bergen. Her kan Språkrådet sikrast fagleg kvalitet, og byen kan møta Språkrådet sitt behov for rekruttering av kompetanse, samstundes som Språkrådet vinn nærleiken til nynorsken.

Årsmelding frå Voss Mållag

lagt inn 16. mar. 2017, 06:34 av Live Havro Bjørnstad   [ oppdatert 16. mar. 2017, 06:44 ]

Voss Mållag hadde årsmøte 7. mars og no er årsmeldinga klar. Den kan lastast ned herifrå. Vil du lesa meir om Voss Mållag, kan du gjera det på nettsidene deira: http://www.vossmaallag.no/

Rapport frå webansvarleg 2016

lagt inn 10. mar. 2017, 14:38 av Bjørn Enes

Sist årsmøte valde webansvarleg for fyrste gong. Underteikna, Bjørn Enes, vart vald som ein «frittståande» ansvarleg utanfor styret. Då Live Havro Bjørnstad tok til å fungera som regionsekretær, tok ho over det meste av det daglege webarbeidet. Truleg er det ikkje bruk for denne funksjonen så lenge me har regionsekretær, men det har vist seg nyttig at nokon kan avlaste Live i periodar. Mi tilråding er derfor at årsmøtet framleis gir nokon eit særleg ansvar for å arbeida ned digital kommunikasjon.

Domene: Hordaland Mållag eig domenet Maallag.no. Det kostar omlag 150,- kr/år.

Domenet vert brukt til nettsidene Hordaland.Maallag.no, Bergen.Maallag.no og Rogaland.Maallag.no. I tillegg er det laga snarveg til Odda.Maallag.no, Radoy.Maallag.no, Stord.Maallag.no og Noregs.Maallag.no. Det kan lagast mange fleire snarvegar eller nettsider dersom lag ynskjer det.

Domenet er brykt til epostadressene Hordaland@Maallag.no, Bergen@Maallag.no og Skule@mallag.no (skulemålsnemnda). I tillegg har styremedlemmene i Hordaland Mållag personlege epostadresser fornamn.etternamn@maallag.no

Nettsida

Hordaland.Maallag.no inneheld nyhendemeldingar, i hovudsak informasjon om komande arrangement. Elles er det i hovudsak statisk informasjon om Hordaland Mållag, peikarar til dei lokallaga som har eigne nettsider, årsmeldingar og skulemålsrapportar og peikarar til Fjesboksidene.

Etter mitt syn er nettsida ein god stad å gi medlemmer og andre interesserte god informasjon, mellom anna kan styremøteinnkallingar og styrereferat leggjast ut i staden for at slike dokument vert sende i epost berre til styremedlemmene (eventuelle dokument som ikkje må offentleggjerast kan framleis sendast i epost).

Fjesboka:

Facebook.com/Hordaland-Maallag har 144 likarar. Det er svært lite med tanke på kor mange medlemmer Mållaget har i Hordaland, og det tyder på at sida ikkje vært brukt i særleg grad. Truleg er hovudårsaka at dei fleste identifiserer seg sterkare med lokale fjesboksider som det er mange av: Studentmållaget, Ervingen, Lindås Mållag, Kvam Mållag, Meland Mållag, Øygarden Mållag, Radøy Mållag, Osterøy Mållag, Bergen Mållag, Stord Mållag, Bømlo Mållag, Odda Mållag, Kvinnherad Mållag og Voss Mållag. Aktiviteten er med andre ord ganske spreidd, og det ville styrka den digitale kommunikasjonen om alle «redaktørar» hadde sendt melding til Hordalandssida kvar gong noko vart lagt ut på dei lokale sidene, slik at det også kunne bli publisert der.

Eit siste uutnytta potensiale er etter mitt syn praksis når det gjeld deling av hendingar og andre meldingar. Fjesboka kan vera eit svært effektivt medium dersom mange delar invitasjonar og meldingar. Då kan kommunikasjonen veksa eksponensielt. Dette er ei form for moderne dugnadsarbeid som både er svært enkelt og jamnt over ganske hyggeleg, og det burde etter mitt syn vera dyrkast fram ein kultur for slik aktivitet.

Biletstoff: 

I all digital kommunikasjon er bilete og korte videoar svært viktige. Difor er det bra med alle som hugsar på å ta bilete frå arrangement og andre aktuelle motiv. Me har laga nokre få videoinnslag i løpet av siste år, og dei har fungert svært bra. Det er mi tilråding at denne formen for kommunikasjonsarbeid vert trappa opp i året som kjem.

Bergen 9/3-2017 – Bjørn Enes, webansvarleg 2016.

Tilbod på teaterbillettar

lagt inn 28. feb. 2017, 03:17 av Live Havro Bjørnstad   [ oppdatert 28. feb. 2017, 03:48 ]

Hordaland teater gjev mållagsmedlemer rabatt på førestillinga 

Eg ringer mine brør 

av den svenske suksessforfattaren Jonas Hassen Khemiri. 


Aktuelt teater om utanforskap og integrering. 

Medlemspris : kr 150  (Ord. pris kr 350) 
På Hordaland Teater i LOGEN, Bergen sentrum:

Måndag  27. februar kl.19.30
Tysdag  28. februar  kl.19.30
Onsdag  1. mars kl.19.30
Torsdag  2. mars  kl.19.30
Laurdag 25.mar kl.18
Laurdag  1. april kl.18

 

Spesialpris/ medlemspris : kr 150  (Ord. pris kr 350) Kjøp billettar på www.hordalandteater.no. Send ein førespurnad til live.bjornstad@nm.no, så får du vita korleis du skal gå fram. Du kan også kjøpe i døra, 1 time før framsyninga.

INFO om stykket:


 «Eg ringer mine brør» er den hylla svenske dramatikaren og forfattaren Jonas Hassen Khemiris eige teaterstykke basert på ein kronikk han hadde på trykk i Dagens Nyheter etter bombingane i Stockholm i 2010. Etter bombeangrepa opplevde svenske innvandrarar for første gong korleis det var å bli mistenkte for å vere terroristar berre på bakgrunn av korleis dei såg ut. Folk var redde for dei. For kva er normal oppførsel? Kven er ein potensiell gjerningsmann? I 24 intense timar er vi inne i hovudpersonen Amor sitt hovud, der grensene mellom forbrytar og offer, kjærleik og kjemi, fantasi og verkelegheit blir stadig meir utviska. Stykket vil sette fokus på integrering og utanforskap.


Av Jonas Hassen Khemiri (originaltittel: «Jag ringer mina bröder») 
Omsetjing Maria Tryti Vennerød 
Regissør  Stian Isaksen   Scenograf Bård Lie Thorbjørnsen  Dramaturg Solrun Toft Iversen 
Med Madalena Sousa Helly-Hansen, Thomas Bipin Olsen, Iselin Shumba, Kingsford Siayo
Stykket tek ca 85-90 min utan pause.

Årsmelding - Askøy Mållag

lagt inn 27. feb. 2017, 05:50 av Bjørn Enes

Askøy Mållag si årsmelding for 2016 er klar og kan lastast ned her 

Årsmøte i Hordaland Mållag 11-12.mars

lagt inn 19. feb. 2017, 07:44 av Bjørn Enes

http://www.visitvoss.no/overnatting/voss-vandrarheim-p840703
Årsmøtet 11.-12.mars skal vera på Voss Vandrarheim.

Me byrjar årsmøtet laurdagen kl 11.30. 

Registrering frå kl 10.45

Me sluttar av sundagen før kl 14.00.

Detaljert program sender me ut seinare. 

Prisar: Utsending i enkeltrom kostar kr. 1475,-
           Utsending i topersonsrom kostar kr.1275,-
           Utsending utan overnatting og frukost kostar kr.675,-

Då får ein overnatting med oppreidde senger, frukost, to suppelunsjar, middag om kvelden, te kaffi, vatn under møtet.
(Det er same pris for observatørar.)

 Me vil helst ha melding om de kjem og kor mange som kjem frå kvart lag, innan 3.mars. Men me vil godta påmelding heilt fram til møtet byrjar.



Alle lag må senda inn årsmelding for å få røysterett.  De kan senda inn elektronisk eller ha med eit eksemplar på årsmøtet.
 
Eg legg ved lovbrigde for Hordaland Mållag, årsmelding og framlegg til arbeidsplan.  

Seminardelen er ikkje heilt klår. (Det går an å koma med framlegg til ulike tema enno.)


Vel møtt til eit entusiastisk og interessant årsmøte 2017!


Beste helsing

Astrid Olsen,
leiar i HM

Årsmelding - Hordaland Mållag

lagt inn 19. feb. 2017, 07:34 av Bjørn Enes

Årsmelding for Hordaland Mållag mars 2016-2017

(PDF-versjon)  I Hordaland har me 26 lag og 2984 betalande medlemmer (31/12-17). Me har hatt seks styremøte i perioden og mange småmøte, ca 50, mellom styremedlemmer og andre, som har gjort ein innsats for Hordaland Mållag. I tillegg har me hatt ei rekkje mindre møte, som førebuingsmøte, komitemøte o.l.

Styret har vore: Leiar Astrid Olsen, nestleiar Solveig Grønlien, kasserar Ingrid Hovstad, skrivar Morten Myksvoll, styremedlem Arild Reigstad-

Vara: Lars Fjeldstad, Sahra Torsvik, Bjørg Eli Eide, Øyvind Heitmann, Silje Namtvedt.

Håkon Remø har vore fast observatør frå SmiB, Fredrik Heimsæter har møtt ein gong då Håkon Remø ikkje kunne.

Skulemålsnemnda: Leiar Oddvar Skre, Erlend Bakke, Håkon Remøy, Hallgeir Dale, Arild Reigstad. Vara: Mona Stormark, Øyvind Heitmann, Johanne Telnes Instanes

Andre valde: Mållovsansvarleg Erlend Bakke, Næringslivsansvarleg Øystein Skjæveland, Webansvarleg Bjørn Enes.

Live Havro Bjørnstad er no tilsett i Hordaland Mållag. Ho byrja 22.august.


Kampen for målet i haust

Den store saka me fekk i fanget i haust, var spørsmålet om eit eventuelt stort vestlandsfylke skulle ha nynorsk som administrasjonsspråk, og om Staten måtte venda seg til eit slikt fylke på nynorsk.

Då nyhenda om at fylkesordførarane i Sogn & Fjordane og Hordaland var viljuge til å selja nynorsken kom, var me svært mange sjokkerte målfolk.

Fylkesleiaren i Rogaland hadde uttala at nyorsk ikkje var naturleg i Rogaland.

Me trudde knapt kva me las og høyrde. Mange andre oppgåver stod på vent medan kampen for nynorsk i fylka våre varte.

Me kalla raskt inn dei som særleg ville jobba med saka, fordelte fylkespolitikarar, gruppeleiarar og partia mellom oss, gjekk i gang for å overtyda dei. Sidan hadde me eit nytt medlemsmøte, ope for alle medlemmer i Hordaland og Karmsund.

Hordaland Mållag har vore i radio, TV, media, på video, har skrive høyringssvar, lesarbrev, artiklar på nett og papir. Mange lag og einskildpersonar har levert høyringsfråsegner. 705 kom inn i alt, 457 i Hordaland.

Me sette ned mindre grupper til arbeidet og hadde godt samarbeid med SmiB, som og gjorde ein særs god jobb. Samarbeidet med andre lag og delar av målrørsla var og godt.

Kvar dag i november jobba me med dette.

Mållaga fekk ein del nye medlemmer i denne kampen

Som me veit vart det ikkje noko av det store, nye fylket, med Rogaland som tredjepart.

Då S&F og Hordaland vedtok å slå seg i lag, vedtok dei at målet skulle vera nynorsk. Det skulle berre mangla! Men når me såg kva som faktisk stod på spel, må me oppsumera dette som ein siger!

Det var svært heldig at me hadde Live Havro Bjørnstad på plass, då strida dukka opp. Saka om fylkesmålet skulle koma til å ta mykje plass.

Live Havro Bjørnstad

vart tilsett i Hordaland Mållag 22.august 2016 i 80% stilling. Førebels gjeld stillinga til 22.juni 2017. Intensjonen er og har vore at stillinga skal halda fram. Me vonar og trur ho kan halda fram, helst som fast tilsett.

Live H.B. Har på alle måtar vore den rette for Hordaland Mållag. Ho har vore med på å auka aktiviteten i haust. Under arbeidet med nynorsk i fylka våre gjorde ho ein ekstra god innsats. (Ho var i møtelokala då fylkesstyret i Hordaland hadde møte, to gonger. Den eine gongen var Erlend Bakke med. Den andre gongen var ho åleine.)

Då me føreslo å laga filmsnuttar, for å opmoda folk til å senda inn høyringsfråsegner, fekk ho i gang fleire ulike småfilmar. På den fyrste såg ein henne åleine . Det kom fleire filmsnuttar, m.a. frå SmiB.

Ho skriv, ringjer, lagar brev, kontaktar styresmakter og lag. Ho er til stades på styremøta til HM og på mykje av det målrørsla skipar til.

Ho delar kontor med BUL-Ervingen, der me er leigetakarar.

Me ser fram, til vidare målarbeid i lag med Live Havro Bjørge.

Idedugnad

19.november var det idedugnad i Gimle. Dette var noko Hordaland Mållag hadde planlagd i god tid. 16 målfolk frå ulike lag møtte.

Sidan dette var midt i strida om nynorsk i fylka, handla den viktigaste delen sjølvsagt om dette. Innspurten for å senda inn gode høyringssvar hadde byrja.

Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag, innleidde. Han var ekspert på emnet, sidan han m.a.har jobba for NM med å sikre nynorsk ved samanslåingar av kommunar, i fleire år.

Hognestadseminaret

Me hadde representantar til stades ved dette seminaret.

Det var interessant, med dei opna ikkje for kommentarar eller debatt frå salen. Me ynskjer at fokuset på målmannen Hognestad skal vera ei oppmoding til Den Norske Kyrkja, til å ta skikkeleg ansvar for nynorsk i eigne rekkjer.

Sidemålseminaret på Flesland

Odda mållag, ved Knut O.Dahle skipa til eit særs velluka sidemålseminar 2/12-16. HM deltok me fire representantar. Her var båe vararepresentantane til fylkesleiarane i S&F og Hordaland fylke til stades. Odda-modellen var i fokus. Men sidan det var midt i strida om målet i fylka, vart det litt tid til å drøfta dette, og.

Bergenskonferansen 2017

er den store tilskipinga i vår. Me er med, og vonar det kjem mange, som på Bergenskonferansen i 2015. Denne gongen er samarbeidet mellom Bergen Mållag, UiB og HM. Tanken er å samla mange ulike målfolk og interesserte, dei åra det ikkje er landsmøte i Noregs Mållag. Bergenskonferansen er allereie viktig fot vidareutviklinga av målarbeid i Noreg. Tema i år er: Språksamlingane, kommune-og regionalspråk, Fjellprosjektet, identitet, nynorsk for innvandrarar. Me er no i mobiliseringsinnspurten, på årsmøtet er det berre to veker att til hendinga.

Opplæring i nynorsk; skule, barnehage, Odda-modellen, særeigen innvandraropplæring, nynorske i høgare utdanning

Samanslåimnga av høgskulane i Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund er no eit faktum. Me er glade for at administrasjonsmålet skal vera nynorsk. I desse tidene har me opplevd at jamvel sjølvsagde nynorskbastionar er under åttak. Difor pustar me letta ut over at me ikkje måtte setja inn ekstrakrefter i denne saka, og. Dette greidde høgskulefolka sjølve. - Dvs dei mange medlemmene mållaga har ved desse skulane.

Kampen om Odda-modellen er i ei ny utvikling. Me vonar på fortgang frå nasjonalt hald, slik at parallellklasseretten skal gjelda for ungdomskulen alle stader. Dette vil styrkja den lovfesta retten på barneskuletrinna, og. Mange kommunar bryt lova allereie, og har språkblanda klassar.

Den positive trenden til at nokre fleire kommunar no har opplæring for innvandrarar på nynorsk, kan godt auka på. Enno er me langt unna at alle nynorskkommunar i fylket driv slik opplæring. Difor utarbeidde Arild Reigstad eit brev til alle nynorskkomunane i fylket, der dei har bokmål for innvandrarar. (Dette er diverre dei fleste.) Responsen på brevet har vore positiv. Men mange kommunar skuldar på økonomi, når dei berre driv slik opplæring på bokmål. Brevet har fungert positivt, ingen kommunar forsvarar bokmålsbruken ideologisk eller politisk.

Mange lag driv godt skule-og barnehagearbeid. Men me har ikkje greidd å stogga bokmålifiseringa i randsona.

Sjå eigen rapport frå skulemålsnemnda.

Mållovsarbeid

Sjå eigen rapport frå Erlend Bakke (Kjem seinare.)

Næringslivsrapport

Sjå eigen rapport frå Øystein Skjæveland (Kjem seinare.)

Webrapport

Sjå eigen rapport frå Bjørn Enes (Kjem seinare.)

Nynorskbyen Bergen

Peder Lofsnes Hauge frå Venstre, er styremedlem i NM. Han fremja framlegget om at Bergen bystyre skulle gå inn for nynorsk som administrasjons-og tenestemål i eit eventuelt nytt storfylke. Med gode støttespelarar for nynorsk, vart dette vedteke. Dette var tungtvegande i debatten om målet i fylka våre.

Bergen bystyre har og tidlegare vedteke gode framlegg, om forsøk med tidlegopplæring og positive sidemålsforsøk i bokmålsklassar. Det ligg mykje oppfylgjingsarbeid att. Men vedtaka syner nye, gode stemningar for nynorsk i Bergen. Det har vore vellukka prøveprosjekt ved to skular i Arna. Det er få, når Bergen har ca 100 grunnskular. Men det er ei byrjing, som med vonar vil spreie seg til alle skulane.

At bystyret i den tidlegare så tradisjonelle bokmålsbyen, Bergen, verkeleg fremjar gode vedtak om nynorsk, er eit vendepunkt i historia. Dette har skjedd gradvis, men no ser me nokre resultat av målarbeidet.

I akademia, i fleire butikkar og kafear i Bergen sentrum, finst det nynorsk.

Bergen har mange nynorskforfattarar. Mange andre i Bergen skriv nynorsk, og. Nynorskscena i Bergen sentrum når mange.

Fleire har kryssa av for nynorsk for fyrsteklassingane sine i 2016, sjølv om det ikkje var mange nok på same bokmålsskule til å få eigen nynorskklasse.At nynorsk står sterkare i Bergen no enn før, har samanheng med at Hordaland fylke er eit nynorskfylke.

Dei aller fleste kommunane er solide nynorskkommunar. Det er i randsona at vanskane særleg finst. Då er det ekstra viktig at Bergen vert meir nynorskby enn tidlegare.

Målprisen 2016

Kjartan Rødland, tidlegare redaktør i Bergens Tidende, fekk målprisen av Hordaland Mållag i 2016. Me brukte nynorskbaren til Bergen mållag som stad, for å dela ut prisen. Prisvinnaren har gjort mykje godt for nynorsk, og han er historisk hovudmann bak at BT nyttar så mykje nynorsk som dei gjer.

Kontakt med styresmakter

Me hadde ein del kontakt med ulike styresmakter i samband med saka om nynorsk i eit eventuelt storfylke. Det har elles vore ein del kontakt med einskildpolitikarar, i fylkestinget, i bystyret i Bergen og i andre kommune-og heradsstyre.

Ord til slutt

Me er mange nynorskbrukarar i Hordaland. Me er det største nynorskfylket i landet, ikkje i prosent, men i folketal. Potensiale for endå meir målarbeid er stort.

Den rå nynorskhetsen er så godt som borte. Likesæla finst, men me opplever ikkje direkte hets.

Me ser at det er skilnad på mållag. Det er viktig at aktive målfolk gjer målarbeid som dei likar, som dei tykkjer er gøy. Me må ha som mål å få endå fleire til entusiastisk å utvida desse aktivitetane.

Ført i pennen/tasta, for styret, Astrid Olsen




Vestlandet utan nynorsk er utenkjeleg – nynorsk utan vestlandet er utenkjeleg

(Jon Fosse)







Årsmelding frå Studentmållaget

lagt inn 19. feb. 2017, 07:17 av Bjørn Enes   [ oppdatert 19. feb. 2017, 07:22 ]

(Hent årsmeldinga i PDFformat her)

Vitring frå styret – årsmelding for Studentmållaget i Bergen

Februar:

9. februar: Årsmøte på Studentsenteret. Det vart valt nytt styre, med to nye medlemar (Vetle og Karen). Desse to gjekk av ulike grunnar ut av styret etter eit halvt år. Elles haldt alle styremedlemane fram, utanom Anna Elise, som gjekk over i valnemnda etter god innsats i styret over fleire år. Ved slutten av perioden er styret dimed sett saman av Marta, Fredrik, Ingrid, Aslaug, Håkon og Øystein.

16. februar: Årsmøte i Bergen Mållag.

24. februar: Møte med byråd Hafstad Thorsen om nynorsk i Bergen. Marta møtte og snakka med han saman med Nils Mæhle (Bergen Mållag) og Oddvar Skre (Fana Mållag).

Mars:

4.-6. mars: Studentsamling i Stavanger.

12.-13. mars: Årsmøte Hordaland Mållag.

Utdeling av sidemålspamflettar.

15. mars: Nynorskkurs med Vegard.

April:

1.-3. april: Landsmøtet til NMU.

15.-17. april: Landsmøtet til Noregs Mållag.

15. april: Landsmøtemålpils på Kvarteret med både landsmøtedeltakarar og lokale SmiB-arar. Stor suksess!

Mai:

17. mai: Kransenedlegging ved Ivar Aasen-bysta. Peder Lofnes Hauge var festtalar.

20. mai: Sumaravslutningsmiddag på Egon.

Juni:

Eksamenstid og sommarferiestart.

Juli:

Sumarleir i Søgne på Sørlandet.

August:

30. august: Nynorskkveld med Juristmållaget. Håkon, Fredrik og Marta stilte frå styret, og informerte om aktivitetane til Studentmållaget.

Stand (på organisasjonsdagane til HiB og UiB).

September:

5. september: Semesterstartpizza!

19. september: «Ingen nynorsk – inga avtale»-fotoaksjon på Torgallmenningen.

20. september: Bannermåling.

Stand/Utdeling av nynorsknyklar.

Oktober:

30. september – 2. oktober: Haustkonferanse.

4. oktober: Vår nynorskbar, med Ida Haugum.

20. oktober: Stand på Kronstad for kampanjen «Framtidas superlærar kan nynorsk».

23. oktober: 70-årsbursdagsfest, hurra for oss! Me åt kake, hadde kviss og kosa oss masse. Hipp-hipp!

November:

5. november: Peter Hognestad-jubileum.

14. november: Høyringssvarskrivedugnad på Kvarteret.

19. november: Idédugnad for målarbeid i Hordaland.

23. november: Me hang opp det eine eksamensbanneret vårt på Studentsenteret til UiB.

24. november: Me hang opp det andre eksamensbanneret på Kronstad (HiB).

25. november: Grautfest på kontoret, rundt 15 personar deltok. Veldig koseleg!

30. november: Peparkake- og matpakkesamling på Kronstad.

Desember:

Overgangen november/desember: Eksamenstid og eksamensbanner oppe på Studentsenteret (på høgskulen måtte me ta det ned att). Banneret på Studentsenteret kom på fjernsynet!

2. desember: Utdeling av Kringkastingsprisen på Ervingen, Arill Riise fekk prisen og SmiB gratulerte.

Januar:

13.-15. januar: Vinterleiren til NMU på Kvam i Vinstra, fem SmiB-arar reiste frå Bergen.


Styrearbeidet:

Sidan sist årsmøte har me hatt 14 styremøte. Talet på medlemar i styret har variert litt gjennom året, sidan Karen flytta og Vetle gjekk ut av styret rundt sommarferietid. Arbeidet i styret har likevel både før og etter dette fungert godt. Dei som sit att i styret no i slutten av perioden kjenner kvarandre veldig godt, og arbeidet har i stor grad blitt fordelt fint med godt samarbeid oss i mellom.

70-årsjubileet:

At me vart 70 år i 2016 måtte sjølvsagt feirast, og dette var dessutan eit av punkta frå fireårsplanen vår, så dette har me hatt i tankane lenge. Det er kjekt å bli 70 år, veldig kjekt. Me erfarte at det er vanskeleg å få tid og moglegheit til å gjennomføra absolutt alt ein har lyst til, men me fekk til ein stor del av planane for året, og det er me glade for.

Tilfang:

Endeleg har me fått oss nytt tilfang! I løpet av året har me fått oss eit eige SmiB-rullebanner, leiketatoveringar, og t-skjorter. Leiketatoveringane har vist seg å vera spesielt populære, både blant små og store målmenneske. No før årsmøtet er det berre paraplyane som manglar av dei tinga me har planlagt å skaffa oss, og no er òg dei tinga. Elles har me har sendt ut SÅ mange klistremerke!

Vestlandsregionen og anna aktivitet:

Vestlandsregionen har vore eit heitt tema det siste halvåret godt og vel, og er noko me i laget har brukt ein del tid på. I tillegg til å arrangera høyringssvarskrivedugnad med gode resultat, har me lagt mykje innsats i å få flest mogleg til å uttrykkja meininga si omkring språk og nynorsk i det potensielle nye fylket. Me har skrive høyringssvar til Hordaland frå SmiB, og til alle dei tre fylka saman med andre studentmållag. Medlemar i laget har blitt intervjua om saka i ulike samanhengar, og saman med resten av målrørsla i landet har me vore med på å setja språkspørsmålet i fokus for innbyggjarane i dei tre vestlandsfylka.

Mykje av arbeidet rundt Vestlandsregionen og andre sakar me har arbeidd med, har vore i samarbeid med andre lag i regionen, andre studentmållag, og resten av Norsk Målungdom og målrørsla. Her lokalt har me delteke med observatør på nærmast alle styremøta til Bergen og Hordaland Mållag. I tillegg til at me normalt sett arrangerer nynorskbar ein gong i halvåret, har medlemar av laget vore tilstade på nærmast alle nynorskbarane til Bergen Mållag dette året. Me har delteke på arrangement sentralt, og tykkjer det var ekstra kjekt at landsmøtet til Noregs Mållag var her i Bergen.


1-10 of 29