Gje ei målgåve

Kvart år får Hordaland Mållag gåver frå medlemer og andre. Dette er me umåteleg takksame for! I tillegg til medlemspengar og stønad frå det offentlege, er dette den viktigaste driftsinntekta vår. 

Du er velkomen til å gje ei målgåve for å stø arbeidet til Hordaland Mållag. Til dette kan du bruka fylgjande kontonummer: 3525.07.02041. 

Dei siste åra har me sett av målgåvene til å finansiera ei prosjektstilling i Hordaland Mållag.  Me meiner det er viktig å ha ein tilsett som kan driva fram målsaka i fylket vårt også på dagtid, slik at me kan verta ein endå meir synleg og relevant aktør i det offentlege.

Utan målgåvene ville ikkje stoda for nynorsken vore den same.
Comments