Debatt om nynorsk

Om nynorsk i Hordaland
Nynorsken står sterkt på Vestlandet. Av 33 kommunar i fylket har 30 valt nynorsk som administrasjonsmål, medan tre (Bergen, Askøy og Odda) er språkleg nøytrale. Hordaland Mållag er då òg med sine om lag 2300 medlemmer det største fylkeslaget i Noregs Mållag. Lokallag som Voss og Ullensvang høyrer mellom dei største lokallaga i Noregs Mållag.

Av Astrid Helene Olsen

Nynorsk i byen 
Men stoda er ikkje berre enkel for nynorsken i fylket. Dels møter folk som flyttar frå andre deler av fylket til den vestlandske hovudstaden, Bergen, framleis ein annan språkleg røyndom enn den dei kom ifrå. Om elles utviklinga dei siste tiåra har gått i retning av større språkleg toleranse og større vørdnad for lokale dialektar. Dels breier ein by som Bergen seg ved at byfolk flyttar til distrikta rundt og tar med seg språket sitt. Dette påverkar både talemålet lokalt og har ved fleire høve ført til oppretting av parallellklassar med bokmål eller krav om slike i tradisjonelle nynorskområde. Samstundes har det dei siste åra kvart år kome minst ein ny nynorskklasse i Bergen. Skulemålsarbeidet, dvs arbeidet for at flest mogleg skal ha nynorsk på skulen, står sentralt i Hordaland Mållag sitt arbeid.

Nynorsk i næringslivet 
For å støtte opp om næringsdrivande som nyttar nynorsk har Hordaland Mållag i fleire år no sendt julehelsingar til slike. At dette arbeidet nyttar, ser vi ved at minst ei næringsverksemd som folk i Hordaland Mållag arbeidde aktivt med i ettertid konsekvent nyttar nynorsk, òg ved annonsering i bergenspressa.

Nynorsk elles i fylket 
Lokallaga i Hordaland Mållag definerer arbeidsoppgåvene sine ulikt etter om dei høyrer heime i eit tradisjonelt nynorskområde som t.d. Voss eller Ullensvang, om dei høyrer til i område som merkar presset frå byen som lokallag i dei gamle bydelane rundt Bergen og Askøy, Sotra/Øygarden eller om det er mållaget i sentrum av Bergen. I mange lokalsamfunn er mållaget ein viktig kulturberar som Meland Mållag som har laga ei songbok for ungar, eller Ullensvang Mållag som har gjeve ut bøker om så vel lokale namneskikkar som om kunstnarar i distriktet. Andre stader kan mållaget kanskje stå som tilskipar av ulike kulturkveldar. For Hordaland Mållag er utfordringa å freiste stø opp om arbeidet som vert gjort ulike stader, og å hjelpe lag som ligg nede på føtene att. Fylkeslaget har mellom anna regionale samlingar for lokallag og vi yter økonomisk støtte om vi meiner dei har gode prosjekt.

Språkutviklinga 
Med betre kommunikasjon, ved at folk har meir samkvem er og dei språklege avstandane vorte mindre. Men utviklinga er ikkje eintydig i retning av at det er bokmålet og det bokmålsnære talemålet som vinn. I Odda t.d. har nynorsken i seinare år styrkt seg samtidig som Oddadialekten har vunne fram mellom yngre folk i distriktet rundt tettstaden.

Ei anna side ved språkbruken er ungdom som gjennom mange år på skule og seinare kanskje høgskular har halde på nynorsken. Men etter nokre år i arbeidslivet byter mange av dei til bokmål. Truleg seier dette noko om kva språk som har prestisje, om kva språk som vert oppfatta som minst kontroversielt. Å arbeide mot slikt målbyte er ei sjølvsagt sak for eit mållag.

Med i bilete om språkutviklinga i Hordaland høyrer at Haukeland Universitetsjukehus bytta til nynorsk som administrasjonsspråk i 2004. For ein institusjon som skal tene eit område med ei overvekt av nynorskkommunar er det grunn både til å gle seg over dette og til å seie at det var ikkje anna enn rett og rimeleg. Offentleg målbruk er eit anna felt Hordaland Mållag engasjerer seg på.

Nynorsk i framtida 
Som kjent er det vanskeleg å spå, særs om framtida. Men mange vil meine at vi går i retning av at regionane vil få meir å seie, og i forlenginga av det kan ein tenkje seg ein vestlandsregion. Denne regionen, som vil ha trong for å utvikle ein eigen identitet, ein identitet ulik den austnorske, oslodominerte, vil vere i kjerneområdet til nynorsken. For Hordaland Mållag vil då vere nærliggjande å vise til nynorsk som eit lokalt/regionalt særmerke, noko som skil Vestlandet frå Oslo-regionen. Sjølvsagt finn vi bokmålsbrukarar i fylket, mest i Bergen. Men utviklinga over tid har gått i retning større vørdnad for nynorsken. Den nynorske vestlandsregionen treng ikkje liggje så langt fram i tid.
Kommentarer
Bjørn Enes
Bjørn Enes
Comments