Framsida


  • Årsmelding - Askøy Mållag Askøy Mållag si årsmelding for 2016 er klar og kan lastast ned her 
    Lagt inn av Bjørn Enes
  • Årsmøte i Hordaland Mållag 11-12.mars Årsmøtet 11.-12.mars skal vera på Voss Vandrarheim.Me byrjar årsmøtet laurdagen kl 11.30. Registrering frå kl 10.45Me sluttar av sundagen før kl 14.00.Detaljert ...
    Lagt inn 19. feb. 2017, 07:44 av Bjørn Enes
  • Årsmelding - Hordaland Mållag Årsmelding for Hordaland Mållag mars 2016-2017 (PDF-versjon)  I Hordaland har me 26 lag og 2984 betalande medlemmer (31/12-17). Me har hatt seks styremøte i perioden og ...
    Lagt inn 19. feb. 2017, 07:34 av Bjørn Enes
  • Årsmelding frå Studentmållaget (Hent årsmeldinga i PDFformat her)Vitring frå styret – årsmelding for Studentmållaget i Bergen Februar: 9. februar: Årsmøte på Studentsenteret. Det vart valt nytt styre, med to nye medlemar (Vetle og ...
    Lagt inn 19. feb. 2017, 07:22 av Bjørn Enes
  • Årsmeldinga frå Odda Mållag Odda Mållag kan sjå tilbake på eit aktivt år i 2016, og legg fram ei omfattande årsmelding for årsmøtet som er innkalt til 26. februar. Heile årsmeldinga kan lesast her ...
    Lagt inn 19. feb. 2017, 07:23 av Bjørn Enes
  • Nynorskbar tysdag 7. februar Nynorskbar hyllar engasjement for nynorsk på Vestlandet Nynorskbar er imponert over det store engasjementet som vart vist i haust, då fylksetingspolitikarane vurderte å avslutta ordninga med nynorsk som offentleg tenestemål ...
    Lagt inn 1. feb. 2017, 06:30 av Live Havro Bjørnstad
  • Meld deg på BERGENSKONFERANSEN 2017 Fram til 15. mars kan du melda deg på Bergenskonferansen (25.-26. mars). Lurer du på noko? All praktisk info kan du finna HER. Klikk HER for påmelding og prisar ...
    Lagt inn 1. feb. 2017, 04:36 av Live Havro Bjørnstad
Viser innlegg 1 - 7 av 23. Vis mer »

Hordaland Mållag

Hordaland Mållag er med sine om lag 2900 medlemmer det største fylkeslaget i Noregs Mållag. Det er mange lokallag i Hordaland. Bergen Mållag er det største lokallaget i landet (530 medl), og lag som Voss (260 medl), Bergen Ungdomslag Ervingen (200 medlem) og Ullensvang (150) er og mellom dei største.

Me arbeider for auka bruk av nynorsk i skulen, næringslivet og i samfunnet elles, og har mellom anna ei eiga  skulemålsnemnd.

Dersom du ynskjer å melda deg inn i Hordaland Mållag, kan du nytta innmeldingsskjemaet på sida til Noregs Mållag.


Nettsida er eit dugnadsarbeid. Send meldingar om mållagsarbeidet, artiklar, bilete og forslag til forbetringar til Hordaland@Maallag.no eller direkte til Nettansvarleg i Hordaland MållagBjørn Enes 

Ein stor del av verksemda på nettsida handlar å å legge ut saker som kan delast på Fjesboksida www.Facebook.com/Hordaland.Maallag 

Nynorsk i Hordaland 
Nynorsken står sterkt på Vestlandet. Av 33 kommunar i fylket har 30 valt nynorsk som administrasjonsmål, medan tre (Bergen, Askøy og Odda) er språkleg nøytrale.


Nynorsk.no 
På vevsida nynorsk.no kan du lesa siste nytt om målsaka og nynorsken.