Arbeidsliste‎ > ‎

Temaliste

Prosjektskildringa sa: "Det skal lagast eit tekstresyme av kvart opptak med tagging til videofila slik at innhaldet vert søkbart. Kvart opptak skal kvalitetssikrast for ikkje å publisere noko som bryt med vanleg presseetikk".

Prinsippet me har fylgd i redigeringsarbeidet har vore: Minst mogleg endring. I og med at tanken heile tida har vore at opptaka skal publiserast, har det vore naturleg å fylgje vanlege presseetiske normer når det gjeld omtale av namngjevne tredjepersonar. På den eine sida har det ikkje vore vanskeleg, av di forteljarane i svært liten grad har fortald ting om namngjevne tredjepersonar som vedkomande vil kunne oppfatte som negativt eller nedsetjande. Men det har til tider vore problematisk den andre vegen: Fleire har brukt namn på heidersmenn som omgrep på viktige fenomen - den mest omtalte i så måte er "Petter Smart" - mekanikaren Otto Romslo, som etter mange si meining hadde ei viktig - og oversett - rolle i innovasjonsutviklinga. Romslo er dessverre gått bort, så det har ikkje vore mogleg å ta han med i intervjurekka. Eg har valt å la namnet bli verande i hans og liknande tilfeller.

Av og til har eg også tatt bort sidespor som har endt opp i ingenting, og ofte har eg funne eit sluttpunkt som fungerer i staden for å la samtalen gå heilt ut. Det har ikkje vore store dilemma, sidan samtalane har vore så pass lange at dei uansett har hatt litt preg av repetisjon mot slutten.

Mellomtitlar - tesaurus

Uttrykket er henta frå avisformat. Det eg meiner er undertekstar i videoen som gjer innhaldet meir oversiktleg, slik at brukaren enkelt kan spole fram til deler av intervjuet ho/han er spesielt interessert i. Tanken er at desse mellomtitlane også skal vere klikkbare, men eg har ikkje tatt arbeidet med å gjennomføre det i den mellombels løysinga på Vimeo. Som eg kjem attende til under Arkivering, så har me rykka eit langt steg nærare ein offentleg nasjonal minnebase, som vil kunne bli den permanente "heimen" til desse opptaka. Der er klikkbare tekstar som gir oversyn over videoinnhald eit av dei elementa me har spelt inn ynskje om.

Eg har sett mellomtitlane ut frå ein reint journalistisk tenkjemåte: Kva er det spesielle med denne forteljinga? Eg har så langt som råd brukt dekkjande einskildord eller ordpar tatt frå forteljaren sine eigne formuleringar. Nokre få gonger har eg forsøkt å finne ord som forklarar innhaldet i sekvensen utan å bruke forteljaren sine eigne ord. Dette har ført til ei stor mengde ord - i alt 489 mellomtitlar - som i liten grad eignar seg som emneordliste.

I ettertid har eg difor gått gjennom og forsøkt å gruppere etter ein arkivar sin tenkjemåte: Kva er det generelle med forteljingane? I vedlegget "Tesaurus" har eg gruppert samtlige 489 mellomtitlar etter dette spørsmålet, og på det viset kom eg fram til 18 emneord - som lett kan gjerast til ei spørjeliste:

  1. Bakgrunn: Kor vaks du opp, korleis gjekk det til at du begynte på Falconbride?

  2. Fyrste arbeidsdag.

  3. Gamle tørrsida (Roste- og Smelteavd i Hybinetteprosessen)

  4. Gamle våtsida (Elektrolyse, Cementasjon mm i Hybinetteprosessen)

  5. Vedlikehaldstradisjonane

  6. Gamal administrasjonskultur

  7. Endringsårsakene?

  1. Krisa i 1982.

  2. Teknologiendringar

  3. Organisasjonsendringar

  4. Innovasjon

  5. Kulturendringar

  6. Kvinner

  7. HMS - Helse, Miljø og Sikkerheit

  8. Kompetanseutvikling

  9. Fagforeing

  10. Lovendringar

  11. Koloritt

mellomttitlar og temalister

Undersider (1): Robert Alsaker
Comments