Framdrift‎ > ‎

1. mars 2016: Sluttrapport levert

lagt inn 29. feb. 2016, 23:00 av Bjørn Enes   [ oppdatert 1. mar. 2016, 00:09 ]
I dag vert sluttrapporten for prosjekt "Vendepunkt 1975" levert til Industri Energi, Norsk etnologisk gransking og Memor. I rapporten heiter det mellom anna: "Forprosjektet har etter vårt vore vellukka i den forstand at det har stadfesta at munnlege forteljingar om endringar i industrien både er viktig kulturarv, historisk kjeldemateriale og kulturopplevingar i samtid. Me meiner at me har funne bærekraftige løysingar på alle dei utfordringane som var lista opp i prosjektskildringa, og i dei som har dukka opp under arbeidet."

Heile sluttrapporten kan lesast her 




Avleveringsbrevet

Til 

  • Industri Energi v/ Solfrid Horne-Moe,  
  • Nikkelverkets Arbeiderforening v/ Cay Nordhaug
  • Norsk etnologisk gransking/Folkemuseet v. Audun Kjus
  • Memoar v/ Jostein Saakvitne  

Sluttrapport 
Forprosjektet "Vendepunkt 1975" er no ferdig. Det er gjennomført, dokumentert og publisert 10 djupintervju av personar som var aktive på eller i tilknytting til Nikkelverket under dei store endringane i åra rundt 1975, då sysselsetjingskurven snudde både på Nikkelverket og i industrien generelt. 

Eg skriv mellom anna: 

"Forprosjektet har etter mitt syn vore vellukka i den forstand at det har stadfesta at munnlege forteljingar om endringar i industrien både er viktig kulturarv, historisk kjeldemateriale og kulturopplevingar i samtid. Eg meiner at me har funne bærekraftige løysingar på alle dei utfordringane som var lista opp i prosjektskildringa, og i dei som har dukka opp under arbeidet." 

Prosjektarkivet med alle opptaka og dokumentasjonsarka vil no bli forsøkt avlevert til fylgjande: 

  • Arbeiderbevegelsens arkiv 
  • Norsk etnologisk gransking 
  • Statsarkivet i Kristiansand 
  • Norsk Folkeminnesamling 
  • Nasjonalbiblioteket. 
Fram til ein eller fleire av desse har overtatt samlinga, vil den bli forvalta i Memoar si mellombels arkivløysing (dette er forklart i sluttrapporten). 

Både eg personleg og Memoar sitt styre vil arbeide vidare for å finne finansiering for å kunne vidareføre dette arbeidet. Eg vil m.a. lage eit foredrag om erfaringar og funn i Nikkelverksprosjektet, og vil vere glad for alle invitasjonar til å framføre det.  

Til sist vil eg takke alle for samarbeidet. Dette arbeidet har vore ei stor glede. Eg er sikker på at det har synleggjort kor viktig og interessant innsamling av munnleg historie er, både for "lekmann og lærd". 

Bergen - 1. mars 2016 

Med beste helsing 


Bjørn Enes 


Comments