Framdrift

  • Ferdig utvikling av kortkurs for minnesamling på video: 1. november 2015

  • Gjennomføring av fyrste kurs: 15. november

  • Publisering av publikumsretta nettstad 15. november

  • Gjennomføring av prøveopptak innan 15. desember

  • Ferdig kalitetssikring og dokumentasjon 30. januar 2016

  • Ferdig prosjektskildring og partnarskap 3. mars 2016

7/3-16: Gode ord frå Arbeiderforeningen

lagt inn 7. mar. 2016, 03:19 av Bjørn Enes

Leiaren av Nikkelverkets Arbeiderforening kvitterte i dag for mottak av sluttrapporten med denne eposten (klikk på biletet for stor versjon): 

"På vegne av hele Nikkelverkets Arbeiderforening så må jeg få lov til å takke for dette flotte prosjektet. Fantastisk å kunne samle nesten 120 personer på biblioteket. Og all den skryt som er kommet i ettertid !

 

Viktig historie som kommer frem som er viktig å ikke glemme. I tillegg til en fantastisk kronikk som Bjørn sendte inn til fedrelandsvennen, så skrev de nesten 2 sider om arrangementet i etterkant. Folk har allerede spurt meg om det blir flere slike kvelder. "

 

Slikt inspirerer til ny innsats! 

1. mars 2016: Sluttrapport levert

lagt inn 29. feb. 2016, 23:00 av Bjørn Enes   [ oppdatert 1. mar. 2016, 00:09 ]

I dag vert sluttrapporten for prosjekt "Vendepunkt 1975" levert til Industri Energi, Norsk etnologisk gransking og Memor. I rapporten heiter det mellom anna: "Forprosjektet har etter vårt vore vellukka i den forstand at det har stadfesta at munnlege forteljingar om endringar i industrien både er viktig kulturarv, historisk kjeldemateriale og kulturopplevingar i samtid. Me meiner at me har funne bærekraftige løysingar på alle dei utfordringane som var lista opp i prosjektskildringa, og i dei som har dukka opp under arbeidet."

Heile sluttrapporten kan lesast her 




Avleveringsbrevet

Til 

  • Industri Energi v/ Solfrid Horne-Moe,  
  • Nikkelverkets Arbeiderforening v/ Cay Nordhaug
  • Norsk etnologisk gransking/Folkemuseet v. Audun Kjus
  • Memoar v/ Jostein Saakvitne  

Sluttrapport 
Forprosjektet "Vendepunkt 1975" er no ferdig. Det er gjennomført, dokumentert og publisert 10 djupintervju av personar som var aktive på eller i tilknytting til Nikkelverket under dei store endringane i åra rundt 1975, då sysselsetjingskurven snudde både på Nikkelverket og i industrien generelt. 

Eg skriv mellom anna: 

"Forprosjektet har etter mitt syn vore vellukka i den forstand at det har stadfesta at munnlege forteljingar om endringar i industrien både er viktig kulturarv, historisk kjeldemateriale og kulturopplevingar i samtid. Eg meiner at me har funne bærekraftige løysingar på alle dei utfordringane som var lista opp i prosjektskildringa, og i dei som har dukka opp under arbeidet." 

Prosjektarkivet med alle opptaka og dokumentasjonsarka vil no bli forsøkt avlevert til fylgjande: 

  • Arbeiderbevegelsens arkiv 
  • Norsk etnologisk gransking 
  • Statsarkivet i Kristiansand 
  • Norsk Folkeminnesamling 
  • Nasjonalbiblioteket. 
Fram til ein eller fleire av desse har overtatt samlinga, vil den bli forvalta i Memoar si mellombels arkivløysing (dette er forklart i sluttrapporten). 

Både eg personleg og Memoar sitt styre vil arbeide vidare for å finne finansiering for å kunne vidareføre dette arbeidet. Eg vil m.a. lage eit foredrag om erfaringar og funn i Nikkelverksprosjektet, og vil vere glad for alle invitasjonar til å framføre det.  

Til sist vil eg takke alle for samarbeidet. Dette arbeidet har vore ei stor glede. Eg er sikker på at det har synleggjort kor viktig og interessant innsamling av munnleg historie er, både for "lekmann og lærd". 

Bergen - 1. mars 2016 

Med beste helsing 


Bjørn Enes 


25/2-16: Vellukka avrunding av Nikkelverkprosjektet

lagt inn 25. feb. 2016, 19:22 av Bjørn Enes   [ oppdatert 25. feb. 2016, 19:31 ]

Seks inspirerte forteljarar i panelet - et drøt hundretal  engaserte tilhøyrar i salen. Det  er kortversjonen av referatet frå "mimremøtet" om kva som skjedde på Nikkelverket i 1975. 

I panelet sat (eller rettare sagt sto) fråvenstre Arne Johan Finne, Olav Erik Sørensen, Wiggo Svendsen, Robert Alsaker, Kåre Knudsen og Bjørg Bakken . 

Møtet vart opna av Cay Nordhaug . Leiaren av Nikkelverkets Arbeiderfoening. Samtalen vart styrt av Bjørn Enes. 

Opptak av møtet vil bli lagt ved intervjuserien. Det vert puublisert på nett i løpet av komande veke. 




22. februar: Fædrelandsvennen publiserte kronikk om prosjektet

lagt inn 22. feb. 2016, 07:19 av Bjørn Enes

Fædrelandsvennen publiserte 22. februar Bjørn Enes sin kronikk "Kva skjedde på Nikkelverket i 1975?", med ein kortversjon av sluttrapporten i prosjektet.  Denne timinga var svert god med tanke på mobiliseringa til møtet med same tittel på Kristiansand Bibliotek den 25/8. 

Abbonentar på fædrelandsvennen  kan lese kronikken på Fvn.no 

Den kan og lesast som bloggpost på Bjørn Enes sin blogg


6. februar: Erik Sørensen har publisert

lagt inn 17. feb. 2016, 00:45 av Bjørn Enes

Olav Erik Sørensen fekk dimme før tida av di han hadde fått jobb på Falconbridge i juni 1972. Der blei han verande arbeidslivet ut. Han vart skiftarbeidar - alltid på B-skiftet - på våtsida, og var frå fyrste dag involvert i utviklinga av det som skulle bli den nye klorluteprosessen. Då KLanlegget sto ferdig like før jul i 1974, var var han mellom dei fyrste skiftfolka som tok til å arbeide der. KL-prosessen starta som eit lite sidespor til hovudprosessen. Gjennom eit samanhgengande, intenst utviklingsarbeid dei neste 12 - 15 åra, tok den nye prosessen over meir og meir av sirkulasjonen, og i siste halparten av 1980-åra var den gamle Hybinetteprosessen historie.

I dette opptaket, som vart gjort heime hos han den 4/12 2015, fortel han både om den industrielle revolusjonen han var med på i produksjonen - og "etterpelet" som han opplevde i dei administrative avdelingane då han gjekk over til å arbeide på hovudlageret frå 1996.

Direkte adresse til has side: ErikSorensen.Memoar.no

14. januar: Øyvind Hushovd har publisert

lagt inn 16. jan. 2016, 09:39 av Bjørn Enes   [ oppdatert 16. jan. 2016, 09:41 ]

http://OyvindHushovd.Memoar.no
Økonom / Økonomisjef / Økonomidirektør / adm.dir / konsernpresident Øyvind Hushovd vart intervjua den 4. desember om endringane på Nikkelverket i åra 1975 - 1995  Intervjuar var Bjørn Enes. 
hushovd har no fjerna passordet frå minneopptaket - Sjå http://OyvindHushovd.Memoar.no 


Ny og endeleg dato for "mimremøtet" i Kr.Sand: 25. februar.

lagt inn 14. jan. 2016, 04:03 av Bjørn Enes

http://industri.memoar.no
Møtet skal gå torsdag 25. februar 2016 kl .19:30 rtil ca 21:30 i Kristiansand Folkebibliotek. 

Paneldeltakarane vert 
  • Arne Johan Finne 
  • Bjørn Gakken 
  • Kåre Knudsen 
  • Wiggo Svendsen 
  • Robert Alsaker
Samtaleleiar ver Bjørn Enes  - Sjå meir på http://industri.memoar.no 

10. januar: Erling Stensholt er publisert.

lagt inn 14. jan. 2016, 03:58 av Bjørn Enes

Tidlegare ingeniør, teknisk direktør og administrerande direktør Erling Stensholt har no fjerna passordet frå opptaket av samtalen han hadde med prosjektleiar Bjørn Enes den 3. desember. Dokumentasjonen og startvindu for filmen fin du her: Http://ErlingStensholt.memoar.no  
Opptaket er det sjette som er publisert i prosjektet "Vendepunkt 1975" . To intervju finst på nett, men dei krevjer inntil vidare  passord. Og to opptak er framleis under arbeid. 

15/12: Kulturrådet støttar IKKJE!

lagt inn 17. des. 2015, 05:30 av Bjørn Enes   [ oppdatert 17. des. 2015, 05:40 ]

http://www.kulturradet.no/tildelinger/prosjektstotte-kulturvern/runde-4-2015
Det ser ikkje ut til at munnlege forteljingar om levd liv i industrien er å rekne som immateriell kulturarv. I alle fall har ikkje Kulturrådet prioritert å løyve dei 75.000 kronene som Memoar, Norsk etnologisk gransking og Industri Energi hadde søkt om for å gjere minneopptak med ti industrifolk som var aktive i tiåra rundt dei store endringane som fekk hundre års vekst i industrisysselsetjinga til å "bråsnu". Det betyr at prosjektet i all hovudsak må gjennomførast som dugnadsarbeid. Industri Energi har løyvd den same summen. Det dekkjer det meste av reise- og utstyrskostnadane og litt løn - men ganske langt frå det arbeidet som var budsjettert og som no er lagt ned. 

Prosjektet industri.memoar.no vil uansett bli gjennomført. Men forventingane om at denne "nye" formen for kulturminnevern skulle få ein god start som kunne føre nærast direkte over i eit stort, nasjonalt hovudprosjekt, har fått eit skot for baugen.

Alle gode tips om alternativ finansiering er velkomne! 

9/12-15: Avgjerd i Kulturrådet 15/12

lagt inn 8. des. 2015, 22:39 av Bjørn Enes

Kulturrådet melder på sine sider at avgjerda om kven som får støtte frå ordninga om kulturminneprosjekt og immateriell kulturarv vert offentleggjort etter eit krådsmøte 14-15. desember. Prosjekt Vendepunkt 1975 er eit samarbeid mellom memoar, Norsk etnologisk gransking og fagforbundet Industri Energi. IE har støtta med 75.000 kroner, Memoar skal etter budsjettet leggje inn arbeidsinnsats tilsvarande kr. 150.000, og Kulturrådet har fått ein søknad om kr. 75.000,- 

1-10 of 41