Forprosjektskildring

"Vendepunkt 1975" - Pilotprosjekt innan immateriell arbeidskultur

Kort fortald:

Dette er eit forprosjekt om bruk av video i munnleg minnekultur. Det skal prøve ut korleis ein kan skape breitt engasjement rundt innsamling og bruk/deling av munnlege forteljingar om endringane i norsk arbeidsliv i åra rundt 1975, då hundre år med nær samanhengande vekst i registrert industrisysselsetjing brått snudde til nedgang. Forprosjektet skal utvikle eit kortkurs om bruk av video i minneinnsamling, gjennomføre pilotforsøk med minneopptak, kvalitetssikre, dokumentere og arkivere av pilotopptaka og prøve ut formidling/bruk/deling av dei. Forprosjektet skal finne ei framtidsretta løysing for korleis hovudprosjektet skal sikre arkivering, forvalting og formidling av innsamla materiale med forankring i ein offentleg ABMinstitusjon.

Opptaka skal som hovudregel foregå som frie intervju om korleis informantane hugsar arbeidet, arbeidsorganiseringa, omgangsformer, vitsar og vandrehistorier, humor, konfliktar, kjønnsbilete, gruppeidentitetar (eigne og andre sine), statussymbol og tabuar, framtidstru og -frykt, formelle og uformelle hierarki, endringsprosessar, bustadforhold og bumiljø, flyttingar og migrasjon, klassetilhøve, kulturkonfliktar osb osb.

Det skal lagast eit tekstresyme av kvart opptak med tagging til videofila slik at innhaldet vert søkbart. Kvart opptak skal kvalitetssikrast for ikkje å publisere noko som bryt med vanleg presseetikk. Forprosjektet skal finne ei framtidsretta løysing for arkivering, forvalting og formidling av innsamla materiale og dokumentasjon hos ein institusjon i den offentlege ABMsektoren.

Informanten skal kunne dele opptaket (eller utdrag frå det) i sosiale media, og det skal gjennomførast aktivitetar for å bruke pilotopptaka til å skape engasjement rundt innsamling av arbeidsminner.

Formål:

Formålet med pilotprosjektet er tredelt.

  • For det fyrste ynskjer me å finne ut korleis videoopptak av munnleg kulturarv og deling av slike opptak kan gjerast til kulturelle opplevingar og inspirasjonskjelder i seg sjølv, både for dei som tek del i innsamlinga og for dei som seinare får tilgang til forteljingane.

  • For det andre ynskjer me å finne ut korleis ei samling av munnlege forteljingar om denne viktige perioden i norsk historie kan organiserast og publiserast slik at den også fungerer som kjelde for kulturvitskapleg eller anna forsking (historie, språk, helse etc) og/eller som råstoff for forfattarar, program- eller filmskaparar, museumskuratorar etc.

  • For det tredje ynskjer med å prøve ut korleis eit digitalt arkiv/minnebase bør sjå ut og organiserast for at det skal fungere for alle ("vanlege" innbyggarar, forvaltinga, forskarar, sivilsamfunnet og det profesjonelle kulturlivet).

Funn i forprosjektet vil bli brukt til skildring av eit seinare hovudprosjekt. Grunnleggjing av samarbeidstilhøve og finansiering for eit hovudprosjekt er også eit mål i forprosjektet.


Samarbeidspartnarar i forprosjektet:

Prosjektet er initiert av foreininga Memoar (www.memoar.org), som og står som søkjar til finanseiring og prosjekteigar til forprosjektet.

  • Påtenkt prosjektleiar er frilansjournalist Bjørn Enes (www.enes.no).

  • Fagleg rettleiar er professor Ingar Kaldal ved Institutt for historiske studier på NTNU. (www.kaldal.net)

  • Arbeidsutvalet i fagforbundet Industri Energi (www.industrienergi.no) innstilte 1/9 til forbundsstyret at dei både skal å ta aktivt del i utviklinga av prosjektet og løyve kr. 75.000,- til forprosjektet. Vedtak om dette vil bli gjort av forbundsstyret den 9/9-15.

  • På søknadstidspunktet er me i dialog med fleire offentlege ABMinstitusjonar om fagleg forankring av prosjektet. Den partnaren som ser ut til å ha mest samanfallande interesser, er dokumentasjonsavdelinga i Norsk Folkemuseum/Norsk etnologisk gransking. Andre forankringspunkt kan vere eit av musea i Arbeiderkulturnettverket, så som Industriarbeidarmuseet, Arbeiderbevegelsens Arkiv el.a. Me reknar som sikkert at me vil få etablert eit godt samarbeid med ein av desse, og sender søknaden før det er avklart for å rekke søknadsfristen i september.

Ein endeleg samarbeidskonstellasjon med minst ein frivillig organisasjon, minst ein industriorganisasjon og minst ein historie- /kulturvernfagleg institusjon skal vere på plass før me startar arbeidet md forprosjektet.


Kvifor 1975?

Frå den fyrste industrielle revolusjonen nådde Noreg rundt 1850 og fram til 1974 steig den registrerte industrisysselsetjinga kraftig i Noreg. Så snudde det brått i 1975, og i dei tretti åra som fylgde gjekk talet på industriarbeidarar ned att omlag til nivået etter siste krig. I prosent av sysselsette var nedgangen endå meir dramatisk.

Var det ei av-industrialisering? Var det oljealderen som konkurrerte ut tradisjonelle næringar? Var det globaliseringa som slo inn? Var det datarevolusjonen som gjorde seg gjeldande? Eller var det berre ei manglande oppdatering av omgrepet "industri"?

I alle fall vart veldig mykje av det folk var vande med endra på kort tid. Verksemder som folk tenkte på som "trygge som banken" vart lagde ned eller flytta. Og eit snauttti-år etterpå kom til og med ei bank-krise. Det politiske "establishmentet" rakna. Det meste av det som vert lagt i omgrepet "1968" hende faktisk i åra rundt 1975. Ungdomskulla delte seg i to politiske leirar - mange gjekk til venste, og kanhende endå fleire gjekk til høgre, til dei nykonservative straumdraga som etter kvart samla seg i (eller vart utkonkurrert av) Framstegspartiet.

Lista av endringar - både materielle og immaterielle - som toppa seg i åra rundt 1975 er lang.

For industriens folk - arbeidarar, formennen, tekniske og merkantile funksjonærar og industrileiarar, var det eit tiår med omstillingar og uvisse. Gamle, hevdvunne handverk vart avlegs, gamle prestisjestrukturar og hierarki fall saman - og med dei nye teknologiane som flauma inn over dei verksemdene som ikkje skulle døy, vart alle relasjonar sette på hovudet. Læregutane sto og rista på hovudet over gamle meistrar som ikkje kunne få inn i hovudet forskjellen på pluss og minus eller o og ein....

Men korleis hugsar dei det i dag? Kva slag spor har det sett? Hugsar dei i det heile alt det som hende? Eller har dei laga seg historier der alle nederlag er gått i gløymeboka og alle sigrar er blåste opp? Har dei "alltid meint" - eller hugsar dei tvilen og reorienteringane som ingen kunne kome utanom?


Dokumentasjon - ikkje forsking

Sjølvsagt er det freistande å kaste seg over desse spørsmåla. Men ideen her er å gjennomføre eit "reportasjeprosjekt" - ikkje ei "kommentarrekke", for å bruke omgrep frå prosjektleiaren sitt fagfelt.

Alle journalistar som har fått høve til å gjere djupintervju, har nok opplevd korleis ein informant som "ikkje har noko å fortelje" kjem med den eine "gløymde" historia etter den andre når ho eller han vert varm i samtalen. Ofte er ingen meir overraska enn ho/han sjølv over alt som kjem fram. Det er denne lærdomen som er utgangspunktet for ideen om "Vendepunkt 1975".

Erfaring tilseier at det er stor interesse for slike intervju, både blant dei som vert intervjua, deira næraste (born, barneborn og nære vener) og meir perifere kontaktar, så som gamle kolleger og yrkesbrør, andre i same bransje - og folk flest i ei industribygd eller -by.

Mykje tyder på at stoff som dette også har allmenn interesse. Ikkje minst gjeld dette erfaringar frå andre land der det har vore arbeidd lenger med såkalla oral history-prosjekt:

  • I Storbritania har det gjennom tretti år vorte samla inn munnleg kjeldemateriale gjennom tematiske prosjekt. "Oral history" er blitt eit omgrep både i folkeleg engasjement og i akademiske disiplinar (sjå Oral History Society - www.ohs.org.uk).

  • I USA har prosjektet Story Corps i løpet av dei siste tolv åra samla inn og arkivert meir enn 50.000 intervju frå meir enn 80.000 deltakarar. Deltakaren får ein kopi som ho/han kan dele med kven dei vil. Ein annan kopi vert arkivert i American Folklife Center, som er ein del av Library of Congress. (Sjå www.storycorps.org)

  • I "fastlands-Europa" har interessa for munnlege forteljingar fram til nyleg vore konsentrerte om andre verdskrigen. Men mykje tyder på at her og veks interessa for dokumentasjon av samtid og nær fortid. I Sveits vart for eksempel intervjua frå prosjektet "Archimob" (1999) om krigsåra, brukte i utstillinga "L'histoire - c'est moi" ("Historia - det er meg") (2006) - og seinare fylgd opp med nye prosjekt frå etterkrigstid og samtid.

I Noreg var Edvard Bull ein foregangsmann på dette feltet, og saman med Norsk Folkemuseum dokumenterte han minner frå norsk industri i perioden 1880-1950. Sjølv om det også er gjort store minneinnsamlingar etter dette, er det etter det vi veit ikkje gjort større innsamlingar med fokus på minner om norsk industri frå tida då industrien - i alle fall i sysselsettingstatistikkane - har vore i tilbakegang.

Viktig i dette prosjektet er at me har ambisjonar om å skape eit stort engasjement blant frivillige og fagforeiningar i minneinnsamlingsarbeidet, og at me skal ha hovudfokus på å samle, bevare og publisere dei munnlege forteljingane i form av videoopptak.


Mål for forprosjektet:

Hovudmålet for forprosjektet er å beskrive og skape engasjement for eit hovudprosjekt med innsamling og formidling av minner og forteljingar om endringar i norsk arbeidskultur i tiåra rundt/etter det sysselsetjingmessige vendepunktet 1975. Hovedprosjektet skal involvere både organisasjonar i arbeidslivet, frivillige organisasjonar og profesjonelle fagmiljø innan historie- og kulturvern, og dette partnarskapet skal byggjast gjennom forprosjektet.

Forprosjektet skal bestå av desse delene:

  • Det skal utviklast og prøvast eit teoretisk/praktisk kurs om bruk av video i minneinnsamling. Teori og metode skal utviklast under rettleiing av Ingar Kaldal. (Han er i sluttfasen av arbeidet med ei ny bok teori og metodikk i minneinnsamling)

  • Det skal utviklast eit avtaledokument mellom prosjekt / prosjekteigar og informant, om vilkåra for opptaket og for seinare bruk av det. (Avtalane skal signerast av begge partar og lagrast saman med opptaket) Prosjektplan og avtaledokument skal meldast til og eventuelt godkjennast av Datatilsynet og Personvernombodet for forsking, både for forprosjekt og hovudprosjekt.

  • Det skal gjennomførast ein prøveserie med intervju i samarbeid med ei interessert lokal fagforeining, mest sannsynleg innanfor Industri Energi sitt organisasjonsområde. Me ynskjer å prøve ut både opptak i "studiosituasjonar" med ein intervjuar og ein informant, gruppesamlingar der fleire informantar samtalar og arrangement med publikum.

  • Kvart opptak skal kvalitetssikrast i den forstand at det skal vurderast om eventuell publisering vil vere i samsvar med reglar for god presseskikk. Dersom noko må takast ut, skal det i regelen lagast to versjonar - ein for formidling og ein for arkivering med avgrensa tilgang.

  • Kvart opptak skal dokumentarast i den forstand at det skal skrivast eit tekstresyme med taggar til kor i videofilen dei ulike delene kan finnast. Dette er for å gjere innhaldet i videofilane søkbare. Både tekstfil og videofil skal merkast med metadata der det skal nyttast/utviklast ei avgrensa rekke med emneord. Så langt råd skal denne emneordsrekka samordnast med t.d. Norsk etnologisk gransking.

  • Formidlingsversjonen skal kopierast ut i eit alminneleg digitalt visingsformat og overleverast til informanten. I regelen skal ho eller han oppmodas om å publisere opptaket slik at det kan delast i sosiale media og nyttast i forprosjektet sitt arbeid for å skape ytterligare engasjement for minnekultur og videoopptak av munnlege forteljingar. Forprosjektet skal hjelpe alle informantar som ber om det med slik publisering.

  • Forprosjektet skal finne ei framtidsretta løysing for korleis hovudprosjektet skal sikre arkivering, forvalting og formidling av innsamla materiale i samarbeid med ein institusjon i den offentlege ABMsektoren. Ein viktig del av forprosjektet vil difor vere å ta del i diskusjonar og forsøk i samband med utvikling av ein tverrinstitusjonell norsk eller nordisk portal for arkivering, forvalting og formidling av immateriell kulturarv generelt og munnleg kultur særskilt. Ein måte å gjere dette på, kan vere å lansere vårt for- og/eller hovedprosjekt som pilotprosjekt under utviklinga av ein norsk minnedatabase (Minner.no). Eit slikt utviklingsarbeid er alt i gang i regi av Norsk Folkemuseum, Norsk etnologisk gransking og KulturIT. Eit argument for at vårt prosjekt som pilot er at det vil bringe inn frivillig sektor, fag- og næringsorganisasjonar i eit breidt samarbeid om munnleg kultur alt på pilotstadiet.

  • Det vil vere eit eksplisitt mål for forprosjektet å fremje interesse, engasjement og kunnskap hos "vanlege folk" om innsamling av minner og videopptak av "munnlege forteljingar om levd liv". Både aktivitetane rundt innsamlingsforsøka og publiseringa av dei vil bli brukte til det. Det vil bli oppretta ei prosjektnettside som skal nyttast i slikt interesseskapande arbeid.

  • Forprosjektet skal beskrive, planlegge, samle partnarskap rundt, budsjettere, organsere og søke finansiering på hovudprosjektet.

  • Til sist skal sluttrapport frå forprosjektet og prosjektplan for hovudprosjektet evaluerast av historie- kulturverfagleg fagperson eller -institusjon.


Rettar:

I utgangspunktet er tenkjinga om rettar i forprosjektet slik:

I avtaledokumentet som skal signerast av prosjektleiar og kvar informant, skal det stå at informanten sjølv eig opptaket. Sjølv om det har form som eit intervju, skal forteljinga vere mest mogleg fri. Det skal difor ikkje herske tvil om at det er forteljaren sjølv som har opphavsretten.

Det skal vidare stå i avtalen at opphavsmannen (imformanten) gir varig innsynsrett til forskarar.

Og så skal det stå at informanten sjølv har rett til å publisere intervjuet, og at prosjektet skal hjelpe han/ho med det han/ho ber om det medan prosjektet pågår.

Eventuell bruk av intervjuet (eller deler av det) i utstillingar, filmar eller andre program av andre opphavsmenn. må avklarast med denne ophavsmannen etter vanlege reglar.

Desse prinsippa skal diskuterast grunndig i forprosjektet, med Datatilsynet


Milepelar

Alle involverte partar ynskjer å drive fram dette forprosjektet snarast råd. Vona er å kunne ha skildra og samla eit partnarskap til eit hovudprosjekt slik at arbeidet med å søkje finansiering kan starte tidleg i 2016. På søknadstidspunktet har me gitt oss sjølve desse fristane:

  • Ferdig utvikling av kortkurs for minnesamling på video: 1. november 2015

  • Gjennomføring av fyrste kurs: 15. november

  • Publisering av publikumsretta nettstad 15. november

  • Gjennomføring av prøveopptak innan 15. desember

  • Ferdig kalitetssikring og dokumentasjon 30. januar 2016

  • Ferdig prosjektskildring og partnarskap 3. mars 2016


Budsjett

Budsjettet er prega av ideen om å sameine frivillige, fag- og bransjeforeiningar og ABM-institusjonar i eit arbeid for å skape interesse og engasjement rundt minneinnsamling. Memoar er i utgangspunktet ein frivillig organisasjon som arbeider for å "fremje ein kultur for å ta vare på å dele munnlege forteljingar om levd liv" (formålsformuleringa). Men frivillig arbeid aleine kan verken skape den interessa som trengst no eller sikre at framtida får tilgang til det materiale som entusiastar samlar inn. Det trengst historie- og kulturvernfagleg kompetanse, det trengs ABM-insitusjonar - og det trengst ikkje minst at fagforeiningar og næringsorganisasjonar ser det som ei oppgåve å sikre også den immaterielle kulturarven for framtida.

Ut frå denne grunnhaldninga, har me laga eit forprosjektbudsjett der omlag halvparten av aktivitetane og kostnadane er utført og finansiert gjennom frivillig og ikkje-fakturert arbeid, medan den andre halvparten foregår som arbeidstid med finansiering.

Totalt har me kostnadsberekna forprosjektet til 300.000 kroner.

Verdien av frivillig og ikkje-fakturert arbeid frå Memoar, lokale fagforeiningar, minneinnsamlarar og informantar er kalkulert til 150.000,-

Resten av kostnadene er i hovudsak prosjektleiaren og rettleiaren si arbeidstid.

Som nevnt tidlegare, har fagforbundet Industri Energi alt innstil på å løvye halvparten av dette. Fyrst i september 2015 søker me resten (kr. 75.000,-) hos Kultrurrådet


Kostnadsbudsjett

Prosjektførebuing – prosjektleiar – timesats 550,-
Prosjekt utvikling og -skildring kr 11 000,00
Samarbeidsrelasjonar – industri : IE, LO, NI, kr 16 500,00
Etablering og drift av prosjektnettside og sosiale media kr 9 900,00
Samarbeidsrelasjonar – Arbeiderkulturnettverket kr 13 750,00
Utvikling av avtaledokuement kr 4 125,00
Utvikling og test av kurs for minnesamlarar kr 24 750,00
Prøveintervju og etterarbeid – (ca 6 intervju på ein stad) kr 20 625,00
Sluttrapport – evalueringsarbeid kr 8 250,00
Prosjektskildring og plan for intervjuopptak kr 5 000,00
Diett – 5 døger á 710,- (TrH, KrS, Osl) kr 3 550,00
Overnatting – 4 døgn á 800 (anslag) kr 3 200,00
Leigebil (anslag) 3300 X 6 kr 0,00
Reisekost elles (Anslag: 2000 X 5) kr 10 000,00
Prosejektleiar i alt kr 130 650,00


Prosjektførebuing – Rettleiar – timesats 850,-
Rådgjeving og evaluering – metodikk og metode kr 12 750,00
Evaluering av sluttrapport og plan for gjennomføring kr 6 800,00
Prosejektrettleiar i alt kr 19 550,00




Prosjektførebuing – ufakturert og frivillig arbeid – timesats 400,-
Prosjekt utvikling og -skildring – Memoar kr 20 625,00
Samarbeidsrelasjonar – industri og fagmiljø – Memoar kr 20 625,00
Kommentarar til metode og plan – IE. LO, NI kr 5 000,00
Kommentarar til metode og plan – Arbeiderkulturnettverket kr 5 000,00
Kursdeltaking – minnesamlarar (deltakarar) kr 24 000,00
Lokal førebuing – prøveintervju (lokal fagforeining) kr 15 000,00
Vurdering og signering av avtaledokument – 6 deltakarar kr 4 800,00
Gjennomføring – prøveintervju – delt+ frivillig medintervjuar kr 12 000,00
Etterkontroll av dokumentasjon/publisering (lokal fagfor.) kr 9 600,00
Sluttrapport – evalueringsarbeid – industriell/kulturfagleg kr 9 600,00
«marknadsføring» i sosiale media – minneinnsamlarar kr 24 000,00
Ufakturert og frivillig arbeid i alt kr 150 250,00




Totalbudsjett kr 300 450,00



Finansieringsplan

Søknad Industri Energi kr 75 000,00
Søknad Kulrturrådet kr 75 000,00
Frivillig innsats kr 150 000,00
Totalbudsjett: kr 300 000,00



Memoar sin eigeninnsats

Prosjektførebuing
Prosjekt utvikling og -skildring kr 20 625,00
Samarbeidsrelasjonar kr 20 625,00
Etablering av prosjektnettside kr 8 250,00
Deler av arbeidet med sluttrapport kr 1 000,00





kr 50 500,00


Avslutting

Relevans: Dette forprosjektet skal dokumentere minner frå ein periode i Noregs historie som enno ikkje ser ut til å ha blitt "gamal nok" for historikarar flest - men der kjeldene alt tek til å tynnast ut. 

Sett i lys av dei økonomiske stormkasta som i desse dagar slår inn over den industribransjen som vart "fødd" i åra rundt 1975, oljeindustrien, er tematikken høgaktuell. Debatten om kva Noreg skal leve av i framtida har knapt hatt eit slikt fokus sidan åra rundt 1975.

Kvalitet; På søknadstidspunktet er den historie- og kulturvernfaglege kvaliteten i dette prosjnektet fyrst og fremst sikra gjennom samarbeidet med professor Ingar Kaldal ved NTNU. Han er den fagpersonen som har arbeidd mest og lentst med teori og metode for munnleg historie og minnesamlingar, og han har og svært mykje erfaring med innsamlingsprosjekt. 

Som nevnt ovanfor ville me gjerne ha avklart kva for ein ABM-institusjon me skal samarbeide med om for- og hovedprosjekt. Det har me ikkje rekt innan Kulturrådet sin søknadsfrist, men me sender søknaden likevel i von om å kunne starte forprosjektet alt hausten 2015. Det hender svært mykje på den tekniske sida på dette feltet. Me er utålmodige etter å kome i gang også når det gjeld innsamling av innhald. 

Kontakten mellom vårt forprosjekt og dei øvrige museumsfaglege fagmiljøa i Noreg (og Norden) vil elles skje gjennom at prosjektet vil kunne nytte nettstaden Arbeidsarven.net.

Prosjektleiar: Bjørn Enes er ein erfaren journalist som har arbeidd både med tekst og video. Utanom journalistikken har han arbeidd mykje med tidsvitneintervju frå krigsåra i Noreg (også litt i Russland). Tematikken i dette prosjektet - endringane i industrien i åra rundt 1975 - kjenner han godt til både frå eigen erfaring, journalistisk arbeid og bokprosjektet "Kven skal bygge landet?" (Manifest, 2014 - nettpublisert i 2015 under tittelen "Industri 3.0"). Sjå info om Enes på www.enes.no.

Kulturuttrykk: Munnleg kulturarv - eller "oral history" - har aukande interesse over heile Europa. Minnesamlingar har i hovdregelen vore skriftlege eller transkriberte lydopptak. Dette prosjektet tar sikte på å samle inn, kvalitetssikre og publisere eit relativt stort tal av frie forteljingar i videoformat. Som kjent kommuniserer menneske med meir enn ord, og bevaring av minne i videoformat har derfor ein ekstra verdi.

Strategi: Prosjektet er etter vårt syn relevant i tilhøve til to punkt i Kulturrådet sin overordna strategi:

  • Det handlar om å dokumentere, bevare og formidle munnleg kulturarv frå norsk arbeidskultur.

  • Og det handlar om å styrke samtidas kulturuttrykk i den forstand at det markerer at munnlege forteljingar frå "vanlege folk" er eit bevaringsverdig kulturuttrykk.



Bergen - 2. september 2015

For Memoar - Bjørn Enes 

Comments