Kurs om minnesamling

Innan 15. november 2015 skulle det utviklast og prøvast eit teoretisk/praktisk kurs om bruk av video i minneinnsamling. 
Teori og metode skal utviklast under rettleiing av Ingar Kaldal.

Fyrste utkast til kursopplegg vart send til rettleiar og laurdag 31/11-2015. Det kan lesast på kortadressa Kurs.memoar.org

Etter avtale med Arbeidarforeininga er kurset planlagd laurdag 13. februar 2016.kl 09 - 18 i Strandpromenaden.  

Det foreslåtte kursprogrammet ser slik ut: 

09:00 Opning - Frukost og presentasjonsrunde. (Bauett og kaffi) Strandpromenaden.

09:30: Bjørn Enes: Oppsummering av dei ti fyrste minneopptaka.

Kva var det som hende etter 1975"?

10:15 - Pause

10:30 - Ingar Kaldal: Kva er ei minnesamling?

11:15 - Pause

11:30 - Opptak 1: Bjørn Enes intervjuar ein av deltakarane. Poenget med dette opptaket er å gå gjennom liktt teknikk og litt "psykologi" - bli ven med kamera. 1) Lyd - 2) Lys - 3) Ha det hyggeleg - få forteljingane fram.

12:15 - Pizza

13:00 - Ingar Kaldal - Om intervjuet. Kva er viktig å hugse?

13:45 - Diskusjon -

14:15 - Pause - kaffi

14:30 - Etterarbeidet:

Etikk - Avtaledokument

Redigering?

Dokumentasjon - "Metadata" - "Tesaurus" - Resymé - Undertitlar

Opplasting til Memoar.no eller Minner.no (når den er operativ)

Publisering

Ingar Kaldal. Bjørn Enes - og fri samtale.

15:15 Opptak 2: Ein eller to av deltakarane intervjuar ein av dei andre

16:00 (Pause med) diskusjon om opptak 2

16:15 Dokumentasjon av opptak 2: Kva for metadata skal me føre opp?

Kva skal presentasjonsteksten vere?

17:00 Opplasting til Vimeo (eller minner,no om den er operativ)

Etablering av side i Memoar.no (eller Minner.no om den er operativ)

17:30 Kursevaluering

18:00 Slutt .  


Frå sluttrapporten: 

Planen var å utvikle eit dagskurs for frivillige minnesamlarar, å samle ei gruppe på maksimum 12 interesserte, fortrinnsvis medlemmer av Nikkelverkets Arbeiderforening og gjennomføre det som eit laurdagskurs med Bjørn Enes og Ingar Kaldal som kursleiarar.

Kursprogrammet var klart 31/11. Program og presentasjonar er publisert på nettadressa http://kurs.memoar.org .

Kurset er ikkje gjennomført. Fyrste tanke vær å gjennomføre det i desember, men Arbeiderforeningen ba fyrst om utsetjing til januar og så til etter årsmøtet (9/2). Hovudproblemet var at det ikkje hadde meld seg interesserte deltakarar i kurset. Etter avslaget frå Kulturrådet vart det også større økonomiske vanskar med gjennomføringa, sidan kursgjennomføringa ville medføre kontantutlegg som reisekostnader, lokalleige etc. Etter årsmøtet vart det avgjort at dette prosjektet ikkje klarte å gjennomføre kurset.

Både for Memoar og for Norsk etnologisk gransking er eit slikt kurs av stor betyding. Me har difor blitt samde om å vidareutvikle og prøve ut det kursopplegget som er laga gjennom eit eige uavhengig oppfylgjingsprosjekt. Nettverket Arbeidsarven, Norsk folkeminnesamling og Lokalhistorisk Institutt vil også bli invitert med i dette prosjektet.

Kursplan og -materiell er tilgjengeleg på http://kurs.memoar.org.



Comments