Publisering

Publiserte opptak ligg inntil vidare på kortadressa Industri.Memoar.no

Innan 15. november 2015 skal det opprettast ei prosjektnettside som skal nyttast i interesseskapande arbeid. Det vil vere eit eksplisitt mål for forprosjektet å fremje interesse, engasjement og kunnskap hos "vanlege folk" om innsamling av minner og videopptak av "munnlege forteljingar om levd liv". 

Både aktivitetane rundt innsamlingsforsøka og publiseringa av dei vil bli brukte til det. 

iInnan utgangen av januar 2016 skal formidlingsversjonar  av alle prøveopptak vera kopierte  ut i eit alminneleg digitalt visingsformat og overlevert til kvar informanten. 

I regelen skal alle oppmodas om å publisere opptaket slik at det kan delast i sosiale media og nyttast i forprosjektet sitt arbeid for å skape ytterligare engasjement for minnekultur og videoopptak av munnlege forteljingar. 

Forprosjektet skal hjelpe alle informantar som ber om det med slik publisering. 

Bjørg Bakken: Begynte på Nikkelverket i 1974, etter at dei hadde avertert særskilt etter kvinner. Den fyrste arbeidsstaden hannar var Nikkelelektrolysen. I 1976 tok ho til å lære gummieringsfaget, og med nokre avbrekk i dei urolege 80åra var ho der og i PVCverkstaden fram til ca 1997. Då ville leiinga ha folk med driftserfaring på hovudlageret, ho vart rekruttert dit og der er ho framleis i 2015. 

Bjørg Bakken





Arne Johan Finne er pensjonist med 43 års arbeidstid på Nikkelverket. Heile tida har han vore aktiv i Arbeidarforeininga. Han har vore tidsstudietillitsmann, miljøtillitsmann og representant for dei tilsette både i Bedriftsforsamling og styre. .Han har også ein stor produksjon av eigne tekstar og biletsamingarom historia til Nikkelverket.

Arne Johan Fine:





Olav Støylen er pensjonist med 38 år attom seg som tillitsvald i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund (forbundsleiar frå 1995-2006): Les meir 



Embed gadget




Kåre Knudsen er også pensjonist. han begynte som mekanikar i 1960, og blei verande heilt fram til pensjonsalder. 

Kåre Knudsen

Sjå meir på Kaareknudsen.memoar.no

Comments