Prøveopptak

Innan 15 desember skal forprosjektet gjennomføre ein prøveserie med intervju i samarbeid med ei interessert lokal fagforeining, mest sannsynleg innanfor Industri Energi sitt organisasjonsområde. 
Me ynskjer å prøve ut både opptak i "studiosituasjonar" med ein intervjuar og ein informant, gruppesamlingar der fleire informantar samtalar og arrangement med publikum. 

Fyrste opptak vart gjort 8/10 med Olav Støylen (pensjonist, tiidlegare leiar av Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund) 

Andre opptak vart gjort 14/10 med Arne Johan Finne, Han begynte på Nikkelverket som dagarbeidar i 1967, Han har vore dagarbeidar i elektrolyse/elektrolyttrens fram til pensjonsalder i 2010, med avbrekk av omlag 10 år som heititds tillitsvald (tidsstudietillitsmann vernetillitsmann). Han har alltid vore aktiv i fagforeininga, m.a. som bedriftsforsamlings- og styrerepresentant. 

Tredje opptak vart gjort 15/10 med Kåre Knudsen. Han vart tilsett som mekanikar i 1967, og var mekanikar med mange ulike oppgåver fram til pensjonsalder i 2009. 

Fjerde opptak vart gjort 16/10 med Bjørn Bakken. Ho vart tilsett i 1974 og har vore dagarbeidar i elektrlysen, fagarbeidar i gummieringsverkstaden og arbeider no på hovudlageret.  

Femte opptak vart gjort 4/11 med Torleif Odland. Han begynte i Smeltehytta i 1972, og var innom dei fleste arbeidsstadene i hytta fram til siste tapping i 1983. Detterpå flytta han til KLanlegget der han var fram til pensjonsalder. Heile tida var han på B-skiftet. 

Sjette opptak vart gjort med Wiggo Svendsen, også det 4/11. Han begynte som sivilingeniør i 1980, dog vart ein sentral teknisk og organisatorisk leiar i heile den store omstillingsprosessen i 80- og 90-åra. 

Alle opptaka vert publisert på kortadressa industri.memoar.no så snart forteljarane gir melding om at dei kan publiserast. 

I prosjektbeskrivinga er det nevnt 6 - 10 opptak i pilotprosjektet. Den siste opptaksrunden i sjølve piloten vert gjort i fyrste veka i desember. Alle skal vere publiserte innan utgangen av januar 2016. 


 
Comments