Dokumentasjon

Innan utgangen av januar 2016 skal kvart opptak skal kvalitetssikrast i den forstand at det skal vurderast om eventuell publisering vil vere i samsvar med reglar for god presseskikk. 

Dersom noko må takast ut av eit opptak, skal det i regelen lagast to versjonar - ein for formidling og ein for arkivering med avgrensa tilgang.

Innan utgangen av januar 2015 skal også kvart prøveopptak dokumentarast i den forstand at det skal skrivast eit tekstresyme med taggar til kor i videofilen dei ulike delene kan finnast. Dette er for å gjere innhaldet i videofilane søkbare. 

 Både tekstfil og videofil skal merkast med metadata der det skal nyttast/utviklast ei avgrensa rekke med emneord. Så langt råd skal denne emneordsrekka samordnast med t.d. Norsk etnologisk gransking. 

I løpet av november vart det utvikla ei form på dokumentasjonen som vart drøfta med rettleiar Ingar Kaldal den 2/11. Den 10/11 skal den også diskuterast med Norsk etnologisk gransking i samband med eit strategiseminar om nasjonal minnebase. 

Kort fortald går den ut på eit kort tekstresyme og dei mellomtitlane som er lagt på i redigeringa. Det er tenkt at mellomtitlane skal vere så genereole at dei kan nyttast i fleire intervju, på same tid som det lengst råd skal nyttast ord som forteljarane sjølve brukar. I arbeidet med ein større minnebase vil desse stikkorda kunna utviklast til emneord i eig eigen tesausus for basen, bygd opp neanfrå gjennom slike mellomtitlar. Det trengst i så fall ein slags generator som både kan samle emneorda og gjere dei enkelt tilgjengelege for den som lagar mellomtitlarf. 

Døme: (Bileta er linka) 

https://sites.google.com/a/memoar.org/memoar/forteljarar/bjoergbakken
https://sites.google.com/a/memoar.org/memoar/forteljarar/arnejohanfinne
https://sites.google.com/a/memoar.org/memoar/forteljarar/kaareknudsen

Comments