Avtaledokument

Innan 1. november skal det utviklast eit avtaledokument mellom prosjekt / prosjekteigar og informant, om vilkåra for opptaket og for seinare bruk av det. 
 (Avtalane skal signerast av begge partar og lagrast saman med opptaket) 
Prosjektplan og avtaledokument skal meldast til og eventuelt godkjennast av Datatilsynet og Personvernombodet for forsking, både for forprosjekt og hovudprosjekt.

31/10 2015 var eit utkast lagt fram for rettleiar. Det har vore utvikla i samatlar med ei rekke fagpersonar ved Norsk etnologisk gransking, ei rekke museum og fagpersonar ved Kulturvitskap ved UiB. 

Seinare vart det diskutert med fagmiljøet i Bergen Byarkiv og i Norsk etnologisk gransking. Det vart også drøfta i samband med sjøfartsprosjektet. 

Den endelege versjonen som vart brukt i samband med avleveringa av opptaka i industriserien ser slik ut: 

Utkastet ser slik ut: 








Last ned utkast i PDF-versjon her)



Frå sluttrapporten:

Arbeidet med utvikling av avtaledokument har vore svært interessant og komplekst. Kort fortald har me opplevd det slik at me har blitt nøydd til å begunne eit brot med tradisjonane hos m.a. Norsk etnologisk gransking, av di samlingsarbeidet i dette prosjektet ikkje primært eller aleine er gjort for forskingsformål. Fyrste bruksmåte for desse forteljingane er deling eller publisering. Omsynet til forteljarane sin ytringsfridom er difor eit hovudomsyn i dette prosjektet.

Me har landa på det grunnprinsippet at eigedoms- og opphavsretten til opptaka som vert gjort, tilhøyrer fyrst og fremst forteljaren, dinest intervjuaren. Logikken er at det er forteljaren som skapar innhaldet ved å fortelje om sine minner. Intervjuaren skapar også innhald gjennom godt førbudde spørsmål, men hans/hennar rolle er sekundær i forhold til forteljaren.

Konsekvensen er at det er forteljaren og intervjuaren som bestemmer korleis opptaket skal kunne brukast. Me har laga eit avtaledokument der dei kan samtykke i at:

  • Det vert gjort opptak med videokamera

  • At opptaket vert redigert, påført mellomtitlar og dokumentert i tekst

  • At det vert bevart i eit offentleg arkiv, bibliotek eller museum,

Så kan forteljar og intervjuar signere på dette: "Eg vil dele forteljingane på internett. På det vilkåret som eg har kryssa av for nedanfor, gir eg også andre rett til å dele, kopiere, distribuere og spre forteljingane i kva for medium eller format som helst"

Under denne erklæringa kan dei så krysse av i ein eller fleire av desse boksane:

  • Frigitt - ingen vilkår - pluss Creative Commonslisensmerket "Public Domain Dedikasjon",

  • Eg vil bli namngitt - pluss CC-lisensmerket "navngivelse"

  • Deling på same vilkår - pluss CC-lisensmerket "del på samme vilkår"

  • Ikkje kommersiell bruk - CC-pluss lisensmerket "ikkekommersell"

  • Inga omarbeiding - pluss CC-lisensmerket "ingen bearbeidelse"

Under dette står det: "(Sjå nærare om dei ulike lisensane her: http://creativecommons.no/lisenser)"

Deretter vert dei inviterte til å signere på dette: "Vidare bearbeiding: Eg samtykker i at forteljingane kan brukast vidare i forsking, kunstnarisk/litterær produksjon, dokumentarfilm eller andre aktverdige formål på dei vilkåra som eg har kryssa av for under."

  • Dei vert inviterte til å krysse av for dei same CC-lisensane også når det gjeld vidare bearbeiding.

Til sist er det tatt med rubrikkar for andre særskilte avgrensingar som me har høyrt argument for. Det gjeld sperrefrist, tradisjonell avgrensing til "aktverdige formål" og/eller avgrensing til ein einskild institusjon. 


Comments