Om oss

Foreininga Memoar vart stifta i Bergen, 2015

Memoar (org.no. 915 636 926)  er ei foreining som arbeider for å fremje kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv. 

Kontakt: 
Memoar v/ Bjørn Enes, Nordbøveien 16, 5009 Bergen 
Bjorn.Enes@Memor.org - Tlf +47 41516745 

Bankkonto: 3633 41 87769  

Foreininga vart førebudd gjennom vinteren 2014-2015, og den formelle stiftinga vart gjennomført den 2/7-2015. Same dag vart foreininga også registrert i Brønnøysundregisteret og Frivillighetsregisteret. 

Styreleiar og dagleg leiar er frilansjournalist Bjørn Enes, Bergen. 

Memoar har stilt opp tre hovudoppgåver i starten:

  • Me vil arbeide for å få etablert eit intervjustudio som alle innbyggarar i Bergen kan nytte til å gjere video- og /eller lydopptak med personar som dei ynskjer å bevare forteljingar frå. Dette vil me gjerne etablere i samarbeid med Bergen Bibliotek på den måten at Memoar finansierer nytt utstyr som trengst for at Biblioteket skal kunne utvide sitt digitale verkstad-tilbod med eit slikt intervjustudio. 
  • Saman med Bergen Byarkiv ynskjer me å arbeide for å få etablert ein medieserver der innbyggarar i Bergen kan registrere og laste opp video-, lyd-, multimedia-, bilet- og tekstfilar som dei ynskjer å sikre bevaring av. 
  • Hausten 2015 ynskjer me å invitere interesserte innbyggarar i Bergen til opplæring og kunnskapsdeling om korleis studio kan brukast. Me ynskjer og å gjennomføre forteljarkveldar i samarbeid med Biblioteket og Byarkivet for å fremje interessa for munnlege forteljingar om levd liv og munnlege kjelder til samtids- og historisk dokumentasjon. 
I tillegg arbeider me for
  • Å utvikle ei nettside og / eller eit nettsamfunn som kan hjelpe medlemmer som ynskjer det å nå fram til større publikum.
  • Å arbeide for større akademisk og profesjonell interesse for munnlege forteljingar som kjelde for samtidsdokumentasjon og nær historie.
  • Å  ta initiativ til og delta i samarbeidsprosjekt med historielag, arkiv-, bibliotek og museum, akademia, forskingsmiljø og profesjonaelle forteljarar / media.
  • Og å verve medlemmer og gjennomføre eit fyrste ordinære årsmøte innan utgangen av 2015.
Me startar i Bergen. Men me deler gjerne erfaringane med interesserte i andre deler av landet, for dette er noko alle kommunar bør ha! 

 Ta kontakt gjennom epostadressa post@memoar.no

Fylgj oss også på Facebook  

Forhistoria

Det starta ein vinterkveld over eit glas kolsvart vossaøl på ei kneipe i Øvregate i Bergen, Bjørn er forfattar og journalist - med erfaring frå utvikling og produksjon av digitale media.  Mellom anna var han prosjektleiar for Neveragain.no - eit prosjekt som bygde opp eit arkiv og ein publiseringsløysing for tidsvitnefoteljingar frå norsk og internasjonal krigshistorie.  Han var og med på å utvikle Helsefilm.no.  Du finn meir om Bjørn på nettsida hans - www.enes.no  

Kontakt Bjørn : bjorn@enes.no

Jostein Saakvitne er ein erfaren medieforskar og -produsent med fartstid fyrst og fremst frå mediesenteret ved Høgskulen i Bergen. Han har skrive fleire lærebøker og fagartiklar om medieutvikling og elektromniske medier, og har leia ei rekkje utviklingsprosjekt. Ved sida av elektroniske media, er historisk stoff ei stor interesse hos han.  Det er dette som vert fokusert i denne videoen:  

Kontakt Jostein: jossen99@gmail.com 

Ikkje lenge etter vart Lars Ole Hafsmo trekt med i arbeidet. han er er altmoglegmannen i trekløveret. Han er ein allsidig kulturaktivist, songar og historiesamlar med hovudbase i Nordfjordeid. 

Kontakt Lars p  ålarsolehafsmo@gmail.com


Årsmelding - fyrste arbeidsår (2015)


SelectionFile type iconFile nameDescriptionSizeRevisionTimeUser