Prosjekt Arkivering av munnlege forteljingar

Memoar registrerer ned stor glede at mange støttar tanken om å bygge ut lokale og nasjonale arkiv til å kunne forvalte og fomidle munnlege forteljingar i videoformat. 
  • Lokalt er det interesse for dette i Bergen Byarkiv.  Dei vurderer framleis kostnadane med videolagring som så store at ein lokal server som både kan vere lagrings- og delingsmedium, må vere eit framtidsprosjekt. Men dei vil gjerne ta imot ferdige prosjektarkiv som omfattar både video, dokumentasjon i form av tekstar og emneord, og eventuelt tillegsmateriale i form av foto, artiklar etc. (Sjå referat frå siste samtalar med Byarkivet
  • På nasjonalt plan er det fyrst og fremst Norsk etnologisk gransking ved Folkemuseet som har vist interesse og handlekraft i dette sprøsmålet. Dei arbeider for å få etablert ein pilot på ein minnebase i 2016. (sjå referat frå møte med Folkemuseet og KulturIT)
  • Men Memoar treng ein stad å arkivere munnlege forteljingar alt no. Talet på ferdig dokumenterte opptak stig, og det er til aukande bekymring at dei berre vinst på private harddiskar utanom dei kopiane som ligg på Vimeo. Eit lynnedslag i Bergen kan gjere kål på alt arbeid som er gjort! 
  • Derfor har me arbeidd fram ei løysing som kan vere ei økonomisk overkommeleg mellomløysing. I beste fall kan den også synleggjere moglege løysingar både for organisering og kostnadsrammer for ein framtidig nasjonal minnebase. .Me har presentert løysinga i denne presentasjonen: 

Mellombels arkivløysing:

.  


Detaljane i korleis arkivstrukturen i det mellombels arkivet skal sj ut, må samsvare med strukturane eller i alle fall tenkinga i dei offentlege arkiva som innhaldet skal avleverast til. 


Utkast til digital og analog mappestruktur i Memoar-prosjekt:



Forklaringar:

Hovudmappe - Open for offentleg innsyn.

Prosjektskildring.

Sluttrapport.

Kopi av nettside med peikarar til publiserte forteljingar

Publiserte artiklar.

Upubliserte artiklar

Kopi av dokumentasjonsblad frå personmapper

Oversyn over analogt/fysisk materiale innlevert til off. arkiv


Personmappe A - open for offentleg innsyn

Dokumentasjonsblad - original

Avtaledokument.

Videofil

Illustrasjonsbilete. - biletadresser

Anna digitalt arkivmateriale

Oversyn over innlevert analogt/fysisk materiale innlevert

Personmappe B - Eventuelle leveransar med avgrensa innsyn:

Evt. Videofil

Illustrasjonsbilete. - biletadresser

Anna digitalt arkivmateriale

Oversyn over analogt/fysisk materiale innlevert til LAB

Leveranse til analogt arkiv (f.eks. Lokalhistorisk Arkiv Bergen / personarkiv):


Oversyn over innhald i digital mappe (prosjektmappe)

Dagbøker, handskrifter, originalfoto, evt. råfilm, etc.

(Memoar lagar forslag til Lokalhistorisk arkiv Bergen om at det analoge peronarkivet også skal ta imot filmar/videoar på fysiske lagringseiningar i dagens format, CD, minnepinnar etc).

 


Comments