Ambisjonar og planer

Alle har me ei livshistorie, arbeidshistorie, barndomsminne eller “taus kunnskap” som kan kome til å gå i grava med
Bjørn Enes
oss, om ikkje me gir forteljingane vidare.

Desse forteljingane har verdi – ikkje berre for våre eigne etterkomerar. Dei har verdi også for andre forteljarar frå same stad, same arbeidsplass eller fag. For andre sine etterkomerar, for lokalhistorikarar, for kunstnarar og forfattarar – og ikkje minst for forskarar, no eller i ei fjern framtid.

Dette er ei prosjektside som er etablert for å utvikle ideen om ein “felles digital hukommelse”.  Me har som ambisjon å utvikle:

  • Ein ikkjekommersiell organisasjon som skal gjere det enklare for folk å lage og dele forteljingane sine
  • Arrangere kurs for dei som vil skrive sjølve
  • Arrangere opptak og/eller intervju for dei som vil fortelje på video
  • Skaffe kontakt med skribentar eller filmskaparar for dei som vil bli intervjua
  • Hjelpe med sjølvpublisering av trykte bøker eller e-bøker, videoar eller digitale forteljingar
  • Organisere samlingar, turar og seminar med foredrag og deling av forteljingar.
  • Bygge nettverk mellom fagmiljø/forskarar og kjelder/forteljarar.
  • Ein trygg lagringsplass der forteljingane kan forvaltast
  • Eit digitalt arkiv der folk sjølve kan laste opp tekstar, bilete, lydopptak, video, presentasjonar o.a.
  • Ein metadatabase som gjer forteljingane søkbare (NoArk-kompatibelt)
  • Eit samarbeid med det offentlege arkivverket om lagring, forvalting og drift av arkivtenestene.
  • Ei profesjonell verksemd som kan drifte
  • Ei nettside der opphavskvinner og -menn kan dele forteljingane sine,
  • Ei redaksjonell verksemd som kan vidareutvikle nokre forteljingar til ein blogg og etter kvart eit tidsskrift
  • Eit bokforlag som kan produsere og distribuere bøker, Ebøker og redigerte filmar
  • Ein prosjektorganisasjon som kan sikre framdrift i nye prosjekt
  • Prosjektet starta i ein prat over eit ølglass mellom to gamle vener i januar 2015:

Me vil gjerne ha med fleire i arbeidet! Ta kontakt – del gjerne peikaren til denne sida – og kom med forslag eller tilbod!

Comments