Framdrift - før febr. 2016

15/2-16: Memoar legg om nettsidestrukturen

posted Feb 14, 2016, 3:25 PM by Bjørn Enes

OBS: Frå 15/2-16 vert ikkje lenger framdriftsmeldingar publiserte på www.memoar.org: 


Nettsida - eller nettsidene - til Memoar veks med aktiviteten. Men sidan aktiviteten veks fort, oppdagar me stadig manglar med nettsidene. I det siste har det rett og slett blitt for mange av dei.


Frå 15. februar 2016 vert den definitive hovudsida www.memoar.no. Den skal gi eit oversyn over dei forteljarane som har publisert munnlege forteljingar, dei prosjekta som Memoar tek del i og nokre vikrtige informasjonar om ting som er på gang.


Kvar forteljar og kvart prosjekt får sine eigne "heimesider" under denne forsida.


Framdriftsmeldingane er flytta over til ein blogg med "snarvegsadressa" Framdrift.Memoar.no . Den får og ein peikar i hovudmenyen på nettsida.


Den tidlegare organisasjonsnettsida Memoar.org vil bli bygd om til eit reint dokumentarkiv. Dei einaste endringane på den førebels er at framdriftsmeldingane er fjerna. Men etter kvart vil heile "dot-org-sida" gli over i gløymsla.


Me vonar at me fåt til å forme ut ein enklare og meir effektiv struktur med dette :-)

2/2: Memoar søker bibliotek som vil samarbeide

posted Feb 2, 2016, 5:35 AM by Bjørn Enes

Prosjektforslag: Munnleg minnekultur som nytt tilbod ved norske bibliotek.

https://sites.google.com/a/memoar.org/memoar/lag-forteljingar
Organisasjonen Memoar ynskjer å samarbeide med eitt eller fleire bibliotek på Vestlandet om å prøve ut fylgjande nye tilbod til innbyggarane:
  • Etablere studio i biblioteket, som innbyggarane kan låne til opptak av munnlege forteljingar om levd liv.

  • Etablere ei skyteneste for lagring av slike opptak, slik at dei seinare enkelt kan avleverast til offentleg lokalt eller nasjonalt arkiv for langtidsbevaring og formidling.

  • Leggje til rette og drifte denne skytenesta slik at det vert enkelt for forteljarane å publisere og dele dei munnlege forteljingane sine på internett

  • Formidle slike publiserte munnlege forteljingar gjennom eit eller fleire digitale media.

  • Arrangere kurs og erfaringsutveksling for interesserte innbyggarar om samling, dokumentering, forvalting og formidling av munnlege minneforteljingar.

  • Og arrangere publikumsarrangement i biblioteket for å fremje munnleg minnekultur.

Me ynskjer å vere samarbeidspartnar med eitt eller fleire bibliotek som kan tenkje seg å prøve ut eit slikt tilbod, og som kan tenkje seg å søke - aleine eller saman med andre - om prosjekt- og utviklingsmidler frå Nasjonalbiblioteket innan 19. februar i år.

Meir om oss: Memoar er ein nystifta frivillig organisasjon med styre i Bergen. Det er lett å finne informasjon om oss på nettsidene våre:

  • www.memoar.org handlar og oppbygginga av organisasjonen,

  • www.memoar.no er ei side for formidling av munnlege forteljingar som forteljarane har publisert på internett.

Me har kapasitet til å ta de facto prosjektleiing dersom det skulle vere interessant for samarbeidande bibliotek.

Forslag: Me vil gjerne møte bibliotekssjefar som finn dette interessant så snart som råd, for å drøfte om me skal gå vidare med å utvikle idéen.

Kontakt: 

  • Epost bjorn.enes@memoar.no 
  • Tlf 41516745 

Bergen 2/2 - 2016

Med beste helsing 


Bjørn Enes, leiar av Memoar. 

27/1-16: Intervjustudio er i funksjon i Bergen!

posted Jan 28, 2016, 1:48 AM by Bjørn Enes

Noregs fyrste offentlege studio for opptak av munnlege forteljingar om levd liv! 

Intervjustudio i Bergen Bibliotek får ein stille start i desse dagar - det skal prøvast ut gjennom praktisk bruk ein periode før det vert lansert for alvor. 

Men alle som har lyst kan låne det frå no av. Sjå nærare om nyskapinga på Memoar.no / Lag forteljingar 

19/1-16: Krigsseglarregisteret er offentleg!

posted Jan 19, 2016, 4:06 AM by Bjørn Enes   [ updated Jan 19, 2016, 4:12 AM ]

www.krigsseilerregisteret.no
I dag - 19. januar 2016  - vert krigsseilerregisteret tilgjengeleg for allmogen. Det inneheld pr i dag 6000 namn med informasjonar om skip og hendingar. Arbeidet med å bygge registeret vidare ut vil halde fram -- målet er at flest mogleg av dei 30.000 norske krigsseglarane skal finnast der. Under lanseringa er det ikkje nevnt noko om at registeret også har rom for å samle lyd- og videointervju med krigsseglarar, men plattformen er tilrettelagt også for dette. Dersom det vert eit satsingsområde, har Memoar lova å engasjere seg i det.  Sjå 
www.krigsseilerregisteret.no

I pressemeldinga frå Stiftelsen Arkivet heiter det m.a:: 
Arbeidet med å samle inn alle historiene til norske krigsseilere som deltok under andre verdenskrig har pågått i lang tid. I samarbeid med Stiftelsen Arkivet og Lillesand sjømannsforening/sjohistorie.no, var det Samlerhuset som i 2014 tok initiativet til et komplett, digitalt register. 
www.krigsseilerregisteret.no
 
Krigsseilerregisteret er et nasjonalt register for alle norske menn og kvinner som seilte i den norske handelsflåten 1939-1945. Initiativtaker Samlerhuset, i tett samarbeid med Stiftelsen Arkivet og Lillesand sjømannsforening/sjohistorie.no, inviterte det norske folk på dugnad i 2014 med oppfordring til å dele sine historier. Samlerhuset garanterte 1,5 millioner kroner til oppstart av arbeidet.

Ved lanseringen 19. januar vil registeret inneholde ca. 6.000 navn, og målet er at så mange som mulig av de over 30.000 norske krigsseilerne skal inn. Markeringen av offentliggjøringen vil foregå på Oslo Sjømannsforening, der blant annet Jon Michelet vil være tilstede.
 
– Dagen i dag er en stor merkedag for både krigsseilerne og deres etterkommere, så vel som alle som er interessert i denne viktige delen av historien da verden var i krig. Krigsseilerne var trolig de nordmenn som hadde størst påvirkning på de alliertes seier over Hitler. Opprettelsen av dette registeret er langt på overtid, og burde vært startet for lenge siden. Vi skal likevel gjøre alt vi kan for å få det så komplett som mulig, sier direktør hos Stiftelsen Arkivet, Audun Myhre
 
Oppretter Norsk senter for krigsseilerhistorie
Initiativtaker Samlerhuset garanterte midler for oppstart av prosjektet, og har også bidratt med å samle inn en rekke historier gjennom en landsdekkende kampanje i sosiale medier. I statsbudsjettet 2016 ble det bevilget 1,5 millioner kroner til å etablere Norsk senter for krigsseilerhistorie, som en årlig bevilgning for videre drift. Det er fra dette senteret Stiftelsen Arkivet skal drifte Krigsseilerregisteret, i tett samarbeid med Lillesand Sjømannsforening samt andre norske sjømannsforeninger. Det skal også foregå forskning, dokumentasjon og formidling av krigshistorien.
 
– Gjennom årenes løp har det vært mange regionale initiativ, ildsjeler og organisasjoner som har bidratt til å registrere krigsseilere, men det har manglet en felles koordinering mot et nasjonalt og tilgjengelig register. Det er gledelig å se at vårt opprinnelige initiativ nå har nådd helt opp til regjeringen, og at en fremtidig drift og ivaretakelse av Krigsseilerregisteret er sikret, sier administrerende direktør i Samlerhuset, Ole Bjørn Fausa.
 
Historiene samles i en database tilgjengelig for alle. Her vil det fra i dag være mulig å søke opp hver enkelt krigsseiler. Hver seiler får sin egen hjemmeside i registeret, og det vil være mulig å innhente informasjon om seilernes omfattende historie, alt fra hvor vedkommende seilte til hvilke utmerkelser som er tildelt.
 
Registeret skal inneholde oversikt over alle norske menn og kvinner som seilte i den norske handelsflåten 1939-1945. Det inkluderer perioden 1939-1940 når Norge var nøytralt gjennom utenlandsflåten Nortraship, og hjemmeflåten under okkupasjonen 1940-1945. Etter hvert skal nordmenn i norsk og alliert marine, samt de som seilte for allierte og nøytrale handelsskip, inkluderes. I tillegg skal også utenlandske sjøfolk som seilte for Nortraship og hjemmeflåten registreres.
 
Registeret vil være tilgjengelig på www.krigsseilerregisteret.no fra i dag.
 

14/1-16: Seatrans AS støttar "Sjøfartsminner"

posted Jan 16, 2016, 10:25 AM by Bjørn Enes

Prosjekt Sjøfartsminner fekk i dag melding om at Seatrans AS vil beale kostnadane for to minneopptak (2 X kr. 6.900,-)  Memaor takkar djupt! 

I alt er 11 rederi og meklarhus søkte om å dekke i alt kr. 138.000,- til forprosjektet for å samle inn munnlege sjømannsminner. 

9/1-16: Bergen Skipperforening går inn som partnar i prosjekt "Sjøfartsminner"

posted Jan 16, 2016, 10:21 AM by Bjørn Enes

Les meir under prosjektsidea Http://Sjofartsminner.Memoar.org

25/2-2016:"Kva skjedde på Nikkelverket i 1975?

posted Jan 14, 2016, 3:48 AM by Bjørn Enes   [ updated Jan 14, 2016, 3:51 AM ]

http://industri.memoar.no
Det vert minneopptak i form av ein panelsamtale med publikum i Kristiansand den 25. februar. Arrangementet er eit samarbeid mellom memoar, Nikkelverkets Arbeiderforening og Kristiansand Folkebibliotek. Seks vetaranar skal samtale om endringane på Nikkelverket i åra rundt og etter 1975, då tre kvart århundre med så å seie samanhengande vekst i sysselsetjinga på Sørlandet sin største arbeidsplass, brått snudde til nedgang. les meir på Http://Industri.Memoar.no 

17. januar: Paal "Pablo" Strand på Sjøfartsmuseet

posted Jan 8, 2016, 5:33 AM by Bjørn Enes   [ updated Jan 8, 2016, 5:33 AM ]

Nytt minneopptak på museet: Paal Strand reiste til sjøs 15 år gammal i 1961, og blei verande sjømann heilt til 2006. Han seilte både på dekk og i maskin, som dekksgutt, motormann, maskinassistent, båtsmann og matros først for Mowinckel, Reksten og Westfal-Larsen. I 1984 gjekk han over til innanriks fart som arbeidsleiar i ferjeredieriet Askøy Bergen, noverande Fjord Line.

Pål Strand har mykje å fortelje, mellom anna om sitt fyrste møte med Japan, om å arbeide saman med krigseglarar, om drama som sjølvmord, kollisjonar og brannar, om 25 år som skipstillitsmann, om å bu i Colombia og mykje anna. Han er ein god forteljar, noko som han mellom anna har praktisert gjennom 30 år med frivillig nærradioarbeid.

Samtalepartnar / intervjuar vert Bjørn Enes frå Memoar. Publikum er velkomne til å vere til stade under intervjuet. Det vil seinare bli avlevert til Bergen Byarkiv, og dersom Paal Strand ynskjer det vil det også bli publisert på sjofart.memoar.no 


31/12: Bruk av tilskot frå Bergen Kommune

posted Dec 31, 2015, 12:12 AM by Bjørn Enes   [ updated Dec 31, 2015, 12:17 AM ]

Som tidlegare meldt fekk Memoar tilsagn om støtte kr. 17.500,- til etablering av intervjustudio i samarbeid med Bergen Bibliotek. Det vart sett som ein føresetnad at prosjektet skulle vere gjennomført og rapportert innan årsskiftet. 

Memoar protesterte på denne korte fristen, men fekk ikkje svar før den opsette fristen. 

For ikkje å risikere krav om tilbakebetaling av løyvinga, gjorde Memoar vedtak om desse tingingane den 30/12 2015:

1 stk. Goodman GS643 Green screen Foto Studio pakke (Lys og bakgrunn) kr. 4.495,-

1 stk. ekstra studiobakgrunn - grå kr. 1.295,-

1 stk. Zoom Q8 Handy Video Recorder kr. 3.895,-

1 stk. ekstra SSH-6 Stereo Shotgun Micrfophone til Q8 Handy kr. 1.290,-

1 stk. Weifeng-330A Video / Foto stativ kr. 595,-

1 stk Dropbox Enterprise abb. for mellomløysing prosjektarkiv 1) kr. 4.572,-

mva: kr. 1.143,-

0 stk Vimeo Pro konto for publisering av opptak på nett (1.990,-/år) 2) kr. 0,-

Avsetjing til annonsering på Facebook når tilbodet opnar (januar 2016) kr 215,-

SUM - bruk av tilskotsmidler pr 31/12 2015: kr. 17.500,-

1) Årleg kostnad. Me har fått 20 prosent rabatt for non-profit verksemd. Årsprisen er 480,- Euro. Det gir oss "lagerplass" for 5 Tb/år, noko som tilsvarer ca 1000 opptak, kvart på 45-90 minutt. Det er vesentleg meir enn me reknar med det vert bruk for i studioprosjektet, og me reknar difor at komande årsavgifter kan finansierast med å vidareselje lagringsplass til andre prosjekt.

2)Me har ikkje etablert Vimeo Pro-konto for publisering av munnlege forteljingar på internett, sidan Biblioteket gjerne ser at forteljingane vert publiserte på Biblioteket sin Vimeokonto.  


Fullstending sluttrapport til kommunen kan lesast her. / lastast ned her

18/12: Bergen Kommune støttar intervjustudio med 17.500,-

posted Dec 30, 2015, 7:06 AM by Bjørn Enes   [ updated Dec 31, 2015, 12:02 AM ]

Fredag 18. desember 2015 kom endeleg svaret på søknaden som memoar sende inn i juli 2015, om støtte til etablering av intervjustudio i Bergen Bibliotek. Det har vore svært vanskeleg å kommunisere med Byrådsavdelinga for klima, kultur og næring / Seksjon for arkiv, bibliotek og museum i denne saka, men til slutt kom tilsagnet: Kommunen har løyvd kr. 17.500,- til prosjektet. 


Diverre var brevet formulert slik at den inneheldt eit krav om å gjere prosjektet ferdig før årsskiftet. De skaper vanskar, i og med at det i praksis berre er romjula å gjere på. Memoar sende difor ein klage på vedtaket, der me bad om forlenga frist. 

Klagen ligg også i vedleggsarkivet. 

Me sende klagen på epost med ei fylgjebrev med samandrag og ei kort utgreiing av det problemet at det berre var tre arbeidsdagar å gjere unna prosjektet på, og me hadde vel forventa å få ein reaksjon på klagen. Men noko slik reaksjon kom ikkje, og difor gjorde me unna alle planlagte innkjøp slik at alt var brukt opp og sluttrapport kunne skrivast innan årsskiftet. 

Sluttrapporten vert send den 31/12, og vert lagt i vedleggsarkivet så snart den er send. 

Opning i januar?
I byrjinga av desember måtte me i samråd med staben i biblioteket endå ein gong utsetje arbeidet med studio, nytt måte er avtalt 15. januar. Men no når løyvinga er på plass, kan installasjon og prøvekøyring gjerast raskt. mwe vonar difor at både studiorigg, lyssetjing og programvare skal vere å plass slik at studio vert enkelt å bruke. 

Så snart studio er klart, vil me starte marknadsføringa av t studio er klart til bruk. Truleg vil me også arrangere kurs for fricvillige minnesamlarar som har lyst å bruke studioet. 

Ein hjarteleg takk til Bergen Kommune for løyvinga!  

1-10 of 66