FAQs

Vanlege spørsmål:


Kven?

Alle kan me intervjue personar me synest har interessante forteljingar å dele. Det bør me gjere - og Memoar er ei foreining for alle som vil arbeide for at det skal bli enkelt og rimeleg å lage gode intervjuooptak. 
Profesjonelle intervjuarar - historikarar, etnografar, journalistar, kunstnarar osb osb - kan ikkje erstattast av "alle" - men di fleire amatørar som gjer, lagrar og deler opptak av munnlege forteljingar, dess rikare materiale har dei profesjonelle å foredle.  

Korleis?

I Bergen - opptak: Frå tidleg haust 2015  kan du tinge studiotid under menyet "Tenester" på nettsida til Bergen Bibliotek. Når studio er på plass, skal me også lage enkle bruksrettleiingar. Når opptaket er ferdig, kopierer du det over til ein minnepinne el.l., og tar det med deg heim. 
I Bergen - lagring: Me har god von om at Bergen Byarkiv vil tilby ein server der du kan laste opptaket opp alt hausten 2015. Nærmare rettleiing om dette kjem. 
Andre stader: Truleg er det ikkje vanskelegare å få dette til andre stader enn i Bergen. Ta gjerne kontakt om me kan vere til hjelp!
Formalitetane: Me arbeider med eit standard avtaledokument mellom intervjuar og forteljar. Pr. november 2015 ser det slik ut: 
 

Kva?

Intervjustudio: Eir lydisolert rom med studiolys, studiobakgrun, ein eller to mikrofonar og eitt eller to kamera.  
Utstyret skal ha ei standard oppstilling, slik at uvande folk kan sette seg rett ned, trykke på REC-knappen og vere rimeleg trygge på at dei får eit godt opptak. 
Server: Memoar sitt ynksje er at Arkivverket skal tilby lagringsplass til alle innbyggarar. Det betyr at du må fylle ut eit skjema med informasjon om kva som finst på opptaket, kven som skal ha lov til åsjå det - og så kan du laste opptaket opp over internett på same måten som til Vimeo eller youTube. 

Kor?

memoar startar i 2015 som ei lokal foreining i Bergen. Men verken Bergen eller Bergen sine mange forteljingar kan forståast utan samanheng med resten av landet og verda. Derfor ynskjer me å samarbeide med andre som deler denne interessa i andre kommunar.  Abisjonen er studio og serverløysingar i alle kommunar og ein ressursrik, landsdekkjande organisasjon. 

Kvifor?

Munnlege kjelder til samtids- og historiedokumentasjon er undervurderte i Noreg. Detsame er verdien av forteljingar om levd liv som elles verken vil nå fram til media, litteraturen eller filmkunsten. Og lysta til å fortelje og til å leggje etter seg forteljingar, dyrekjøpt kunnskap og visdom, er sterk hos alle menneskje. Når det er så enkelt og billeg å sikre at dette blir gjort som det er no, er det heilt galt å la vere. 


Bli med i Memoar! 

Frå august 2015 vil me starte å teikne medlemmer i Memoar. Ein gong i løpet av hausten vil me gjennomføre det fyrste ordinære årsmøtet. Me vil gjerne ha med alle interesserte så tidleg som råd i arbeidet!

Kontakt: post@memoar.no 
Comments