Nyhende

  • 14/6-16: Kjartan Rødland fekk Målprisen 2016.  "Eg har vore heldig og fått arbeide mange stader i landet", sa journalisten, redaktøren og forfattaren Kjartan Rødland (78) då han tok mot Målprisen 2016 frå Hordaland Mållag på tysdag ...
    Lagt inn 14. jun. 2016, 15:55 av Bjørn Enes
  • 14/6-16: Kjartan Rødland får målprisen 2016 Kjartan Rødland får Hordaland Mållag sin Målpris for 2016, for å ha styrkt bruken av god nynorsk i media. Mållaget har merka seg at han rydda vegen og la sterke ...
    Lagt inn 8. jun. 2016, 12:40 av Bjørn Enes
  • 3/5: Professor Gunnstein Akselberg i Nynorskbaren "Elevar og nynorsk i den vidaregåande skulen" Spørsmål og drøfting i plenum Ope for alle – inngang kr 50,- Arrangør: Bergen MållagSkriv gjerne ut og del plakaten
    Lagt inn 25. apr. 2016, 22:40 av Bjørn Enes
  • Hilde Traavik: Tre minutt om tidleg start med nynorskopplæring GODE RESULTAT MED TIDLEG SKRIFTLEG SIDEMÅL: I denne treminuttaren fortel dosent Hilde Traavik ved Høgskulen i Bergen om si forsking på tidleg start med skriftleg sidemål. Det viste seg at ...
    Lagt inn 11. apr. 2016, 10:20 av Bjørn Enes
  • Fredag 15/4: Kulturelt samkome i Logen Teater Gode medlem i Hordaland MållagFredag 15. april tek landsmøtet i Noregs Mållag til på Hotell Grand Terminus i Bergen. Fredag kveld klokka 20.30 inviterer vi til kulturell samkome ...
    Lagt inn 11. apr. 2016, 06:31 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 5 av 49. Vis mer »

(Klikk på annonsa for større versjon)

Hordaland Mållag

Hordaland Mållag er med sine om lag 2900 medlemmer det største fylkeslaget i Noregs Mållag. Det er mange lokallag i Hordaland. Bergen Mållag er det største lokallaget i landet (530 medl), og lag som Voss (260 medl), Bergen Ungdomslag Ervingen (200 medlem) og Ullensvang (150) er og mellom dei største.

Me arbeider for auka bruk av nynorsk i skulen, næringslivet og i samfunnet elles, og har mellom anna ei eiga  skulemålsnemnd.

Dersom du ynskjer å melda deg inn i Hordaland Mållag, kan du nytta innmeldingsskjemaet på sida til Noregs Mållag.

Om nettsida:
Nettsida er eit dugnadsarbeid. Send meldingar om mållagsarbeidet, artiklar, bilete og forslag til forbetringar til Hordaland@Maallag.no eller direkte til Nettansvarleg i Hordaland Mållag Bjørn Enes 

Ein stor del av verksemda på nettsida handlar å å legge ut saker som kan delast på Fjesboksida www.Facebook.com/Hordaland.Maallag

Nynorsk i Hordaland 
Nynorsken står sterkt på Vestlandet. Av 33 kommunar i fylket har 30 valt nynorsk som administrasjonsmål, medan tre (Bergen, Askøy og Odda) er språkleg nøytrale.


Nynorsk.no 
På vevsida nynorsk.no kan du lesa siste nytt om målsaka og nynorsken.

Comments