Nyhende


Nynorskbar 7. mars: Terje Valen om å omsetja Karl Marx

lagt inn 15. feb. 2017, 09:11 av Bjørn Enes

Terje Valen - historikar, forfattar og politikar i Bergen, fortel om arbeidet med å
omsetja eit av Karl Marx sine viktigaste verk frå 1840-tals tysk til moderne nynorsk.

I åra 1845 - 1846 skreiv Karl Marx og Friedrich Engels ein serie filosofiske artiklar - og la dei i ein konvolutt, som vart liggjande fram til 1930-talet. Då vart det publisert fyrste gong under tittelen “Den tyske ideologi”. 

ettertid er boka rekna som eit av dei viktigaste filosofiske verka til dei to, og den fyrste omfattande utleggjinga av den marxistiske historieteorien - historisk materialisme.

Ope for alle - inngang kr. 50,- 


Årsmøte i Bergen Mållag måndag 20.02 kl. 18.30 på rom 225, Bergen rådhus

lagt inn 7. feb. 2017, 08:30 av Bjørg Eli Eide   [ oppdatert 16. feb. 2017, 06:42 ]

Velkomen til alle medlemer i Bergen Mållag.
Saksliste vert snart lagd ut. Kom gjerne med innspel til saker de vil fremja på årsmøte. Send til bergen@maalag.no.

Beste helsing

Bjørg Eli Eide
leiar i Bergen Mållag

Bergenskonferansen 25. - 26.03 2017

lagt inn 2. jan. 2017, 05:43 av Bjørg Eli Eide

Stad: Universitetet i Bergen, Aulaen

Laurdag: Språk i styring og opplæring

Sundag: Vegar  til integrering

Startar kl. 11 laurdag 25.03 med registrering og kaffi, og sluttar sundag 26.03 med lunsj og avreise frå kl. 12.30.

Endeleg program og informasjon om påmelding kjem snart!

Arrangør: Universitetet i Bergen, Bergen Mållag og Hordaland Mållag



Laurdag 5/11 kl. 15: Peter Hognestad - 150årsfeiring

lagt inn 23. okt. 2016, 12:26 av Bjørn Enes




Den 12. november i år er det 150 år sidan omsetjaren, målreisaren og biskopen Peter Hognestad  vart fødd.

Det vert markert med eit lite ettermiddagsseminar  med konsert laurdag 5. november kl 15 på Litteraturhuset i Bergen. 






5.april: Nynorskbar med Hilde Traavik

lagt inn 4. apr. 2016, 22:26 av Bjørn Enes

Hilde Traavik
Dosent ved Høgskolen i Bergen

Tidleg start med skriving på nynorsk når opplæringsmålet er bokmål.

Spørsmål og drøfting i plenum


Nynorskbaren er eit kulturarrangement i regi av Bergen Mållag, fyrste tysdag i kvar månad. 


Normalt går det føre seg i Logen Bar, i høgda over Logen Teater (Øvre Ole Bulls plass)


Nynorskbaren er open for alle – inngang kr 50,-

Arrangør: Bergen Mållag

Tysdag 1. mars: Nynorskbar om nynorskelevane sine rettar

lagt inn 20. feb. 2016, 09:32 av Bjørn Enes

Både Øystein Hassel og Reidar Staalesen er representantar for Arbeidarpartiet i Bergen bystyre. 

Dei kjem til Nynorskbaren for å fortelje om interpellasjonen den 20.januar i år: 
"Sikring av rettane til nynorskelevar på ungdomstrinnet." 

Spørsmål og drøfting i plenum

Ope for alle – inngang kr 50,-  

Arrangør: Bergen Mållag

Skriv gjerne ut og distribuer plakaten 

1. februar: Nynorskbar med Helga Eriksen

lagt inn 7. jan. 2016, 04:21 av Bjørn Enes

Helga Gunerius Eriksen fortel om sitt hemmelege liv.....

Helga Gunerius Eriksen har fått både Kritikarpris og Bragepris som barnebokforfattar, men ho har også eit "hemmeleg liv" som vaksenbokforfattaren Helga Eriksen. Ho kjem til Nynorskbaren , der ho les frå publiserte og upubliserte tekstar, mellom anna frå vaksenbøkene "Rut" (Samlaget 2002), "Kvadratiske konturar" (1998)  og "Dersom du" (1994)

Ope for alle – inngang kr 50,-  
Arrangør: Bergen Mållag



Skriv gjerne ut plakaten og spre han!

1/12: Nynorskbar om tidsskriftet "Røyst"

lagt inn 28. nov. 2015, 02:31 av Bjørn Enes

2014 vart tidsskriftet Røyst stifta av ein gjeng studentar i Bergen. 

Røyst er eit uavhengig tverrfagleg tidsskrift som skal vere ei plattform for diskusjon og nyvinning på tvers av partilinjer på venstresida. 

Tidsskriftet er basert i Bergen og ynskjer å styrke politisk initiativ på Vestlandet, med nasjonalt og internasjonalt utsyn. 

Ida Storhaug og Maria Dyrhol kjem frå "Røyst" for å snakke om prosjektet, og om si nye utgåva om nyliberalisme.

Ope for alle – inngang kr 50,-

Arrangør: Bergen Mållag


Skriv gjerne ut og heng opp plakaten 


5/12: Førjulsmålkafé

lagt inn 28. nov. 2015, 01:35 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. nov. 2015, 01:37 ]

Bergen Mållag inviterer alle språk- og litteraturinteresserte til ein triveleg drøs om både mål og meining - ikkje minst om dette nyordet "førjulsmål". 

Det vert vel helst som ein bokkafé å rekne, med utsal av gode nynorskbøker og gratis julebakst og kaffi.

Klokka 13:30 omlag vert det minifordrag av Margunn Rauset om "Kvar ligg den nynorske hunden begraven?

Frå kl. 15:30 vert det ein liten lesarbrevdugnad på same stad. 

Vel møtt - ta med naboen og!

6/10-15: Nynorskbar med Rune Timberlid

lagt inn 17. sep. 2015, 22:44 av Bjørn Enes   [ oppdatert 18. sep. 2015, 04:21 ]

Rune Timberlid er forfattar. 
Sidan debuten i 1991 har han skrive fleire bøker om politibetjent Rolf Randen frå Høyanger. 
Kva skil Timberlid sine krimromanar frå andre? 
Kvar hentar han ideane frå, og korleis går han fram når ein ny roman skal ta form?  
Kom, lytt, lær og still spørsmål!

Før foredraget vil Atle Marøen og Birthe Eriksen gi ei orientering om Hordaland Teater.

Ope for alle – inngang kr 50,-  

Arrangør: Bergen Mållag




Skriv gjerne ut og heng opp plakaten! 


1-10 of 69