Om oss

Årsmelding 2015 for Bergen Mållag

Bergen Mållag har registrert 587 medlemer. 454 har betalt medlemskap. Me har hatt 9 styremøte i 2015. Styret er: Nils Mæhle (leiar), Anne Kristin Vassbotn (nestleiar, skrivar våren 2015), Bjørg Eli Eide (skrivar hausten 2015), Astrid Helene Olsen og Synnøve Myking. Studentmållaget har møtt som observatør, og Livar Aksnes har vore kasserar.


Oppfølging av arbeidsprogrammet for 2015.

Dette vart vedteke på årsmøtet 17.02.2015. BM har følgt opp dei fleste punkta, slik:

  • vervekampanje, her er det nødvendig med nye rundar

  • delteke i den offentlege debatten om nynorsk. Det gjeld både BM og SmiB

  • har følgt opp nynorskbaren, jf eige punkt

  • sendt utsendingar til årsmøtet i Hordaland Mållag, 28.02. – 01.03.

  • førebutt møte med skulebyråden i Bergen kommune og fylkesdirektør opplæring i Hordaland fylkeskommune

  • følgt opp nynorskprosjektet mellom Bergen kommune og Nynorsksenteret

  • gjennomført Bergenskonferansen 25.-26.04., jf eige punkt

  • støtte til arbeidet for nynorskteater sentralt i Bergen (Logen)

  • arbeid for å skipa ei eiga nynorskstilling i samarbeid med Hordaland Mållag og Noregs Mållag

  • vellukka nynorskkafé 05.12., med interessant program, matøkt, sal av bøker m.m. og lesarbrevdugnad

  • var med i den uavhengige 1. mai-alliansen med mållagsparole

  • markerte Torgdagen i Bergen, med stand, medlemsverving og utdeling av materiell

  • deltok på den årlege landskonferansen til Nynorsksenteret

  • organisasjonsmidlane til NM. BM søkte, og fekk kr 20 000,- i tildeling

  • BM deltok i valmøtet om Odda-modellen 18.08. på Litteraturhuset

  • BM arrangerte valmøte 01.09. Ni politiske parti var inviterte, og alle stilte i Logen (stor sal). Ein vellukka kveld. Følgde også opp eitt av innlegga med å senda brev til Bergen kommune. Føremål: Å få Bergen kommune til å opna for at tilsette kan skriva nynorsk (om den tilsette ønskjer det)

  • idédugnad 15.09. Også andre mållag deltok. Ein interessant kveld

  • god kontakt og samarbeid med Noregs Mållag gjennom 2015


Nynorskbaren

Denne vart avvikla etter planen, første tysdagen i kvar månad på Logen. Det var mange interessante kveldar. Frammøtet har vore relativt bra. Somme tema hadde likvel fortent at fleire av medlemene kunne delta. Tema og innleiarar på nynorskbaren 2015:

  • Skrivekunstakademiet. Innleiing ved Olaug Nilssen. Spørsmålsrunde

  • Bergen som nynorskbyen. Orientering om Bergenskonferansen. Spørsmålsrunde

  • Endre Brunstad om boka ROM FOR SPRÅK

  • Måltrastane frå Meland Mållag

  • Forfattar Rune Timberlid om forfattarskapen. Spørsmålsrunde

  • Valmøte 01.09.

  • Om Olav H. Hauge. Innleiing v/Liv Marit Aksnes. Ansvar for kvelden SmiB

  • Om tidsskriftet RØYST

Me har dei same merknadene til nynorskbaren som sist: 1) SmiB har stilt opp på ein strålande måte, både med eigne tema og med deltaking. 2) Det er framleis utfordringar. Me har ikkje nådd godt nok ut til medlemene. Her er det naturleg å spørja årsmøtet om synspunkt.


Medlemer, og innbetaling av medlemspengar

Bergen Mållag er eitt av dei største mållaga i landet med 587 medlemer, ein auke på 17 frå 2015. Pr 31.12.2015 har 448 betalt medlemspengar. Økonomien vår er avhengig av slik innbetaling, og BM bør framleis prioritera denne saka, og då i samarbeid med Noregs Mållag. Det nye styret må vurdera korleis dette kan gjerast.


Nettsidene mm

Det har vore gjort mykje godt arbeid med nettsidene til Bergen Mållag. Bjørn Enes har hatt ansvaret. BM nyttar også sosiale medium som Facebook. Her kunne BM truleg gjort meir. Ulike medium er viktige for 1) å halda best mogeleg kontakt med medlemene, og 2) for all verksemd utover. Det er naturleg at årsmøtet drøftar dette samla spørsmålet. Eit tiltak kan vera å skipa kurs for interesserte medlemer.


Bergenskonferansen 25.-26.04.

Konferansen var eit samarbeid mellom Høgskolen i Bergen, Bergen Mållag og Hordaland Mållag. Fleire støtta konferansen økonomisk, m.a. Høgskolen i Bergen, Noregs Mållag, Hordaland Mållag og Bergen Mållag.

Konferansen hadde mange deltakarar, og vart opna av Marit Aa. Tennø, leiar i Noregs Mållag. Elles vart slike tema tekne opp:

  • Ny institusjonsstruktur innanfor høgare utdanning. Språklege konsekvensar med vekt på nynorsk

  • Bergen som nynorskbyen i Noreg

  • Norskfaget i lærarutdanninga. Status og utfordringar

  • Kommunereforma – konsekvensar for nynorsken?

  • Nynorskforsking

  • Media og nynorsk

25.04. var det lagt opp til kulturkveld med Frode Grytten og andre.


Bergen Mållag – planar framover

Bergen Mållag har som hovudoppgåve å arbeida for nynorsk. Me har visjonar om å auka nynorskbruken på alle område.

Det er i dag stort engasjement for norsk språk, ikkje minst nynorsk. Bergen Mållag vil gjera det me kan for å fremja debatt og få fleire med i arbeidet for nynorsk. Det vil me gjera ved å:

  • prioritera arbeidet for å verva nye medlemer, og å aktivisera noverande medlemer

  • delta i den offentlege debatten om nynorsk, og då som representant frå Bergen Mållag

  • skipa mediekurs for medlemene

  • vidare utvikling av nettsidene og av sosiale medium, jf eige punkt

  • lesarbrevdugnad

  • følgja opp og vidareutvikla nynorskbaren, jf eige punkt

  • følgja opp samarbeidet mellom Bergen kommune og Nynorsksenteret om nynorskprosjektet

  • sjå til at byrådet i Bergen følgjer opp eiga politiske plattform om nynorsk språk, m.a. om nynorsk som opplæringsmål, og at byrådet fremjar ei eiga språkmelding

  • senda utsendingar til fylkesårsmøtet i Hordaland Mållag

  • senda utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag

  • vera med i den uavhengige 1. maialliansen med mållagsparole

  • markera Torgdagen i Bergen, med stand, medlemsverving og utdeling av materiell

  • oppmoda fleire institusjonar, offentlege og private, til å nytta nynorsk

  • rosa dei som skriv nynorsk, gjennom tilbakemelding m.m.

  • utvida samarbeidet med andre mållag og med SmiB

  • ta initiativ til nye nynorskprosjekt i barnehage, skule og høgare utdanning, og i det private næringslivet

  • arbeida for nynorsk fagspråk i skule, høgare utdanning og det private næringslivet, jf påverknaden frå engelsk

  • kommunereforma – og nynorsken. Følgja utviklinga og vurdera konsekvensar og tiltak

  • møte med Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune

  • saman med Hordaland Mållag etablera prosjektstilling for nynorsk, i samarbeid med Noregs Mållag

  • eventuell oppfølging av Bergenskonferansen

  • vidareutvikla samarbeidet med Noregs Mållag, m.a. i eigne møte

  • arbeida for å få større ressursar til arbeidet med nynorsk i Bergen og Hordaland


12.01.16

For styret i Bergen Mållag

Nils Mæhle (leiar)


Tidlegare årsmeldingar:

 

.