472dager siden
Villomrennet 2011

Sponsorar



416dager siden
Galdhøpiggrennet 2011

Ny nettstedaktivitet

Jubileumstur til Galdhøpiggrennet



Villom Telemarkklubb feirer i 2010 20-årsjubilum.

Me ynskjer i den forbindelse å invitere alle medlemmer og tidligare medlemmer til jubileumstur med klubben.

 

Kva er meir naturleg enn at turen vert lagt til Spiterstulen og Galdhøpiggrennet som var der det heile begynte?

Galdhøpiggrennet er Norges mest kjente fjelltelemarkrenn og samlar omlag 400 entusiastiske telemarkkøyrarar kvart år. Denne skifesten ynskjer me at alle som har tilknytning til klubben og eit hjarte for telemarkkøyring får oppleva/gjenoppleva.

Galdhøpiggrennet  vert arrangert i tradisjon tru fyrste helga etter påske. I 2010 er det den 10. April. For øvrig informasjon om rennet gå inn på www.galdhopiggrennet.com

 

Me inviterer med dette til ei skihelg på Norges tak med mykje spektakulær skikøyring 9.-11. april 2010.

 

Foreløpig plan for turen er:

  •    Buss frå Ål fredag: Me tek sikte på å reise frå morgon ca. 08:00, men vil tilpasse dette dersom mange får problem ift arbeid o.l. Matstopp på Sinclair i Kvam, Gudbrandsdalen.
  •    Overnatting i 2 og 3 mannsrom på Spiterstulen med frukost og festmiddag lurdag, og frukost sundag.
  •    Heimreise frå Spiterstulen ca. kl. 11:00 sundag. Matstopp på McDonalds på Lillehammer sundag.

(Dersom det er åpent over Valdresflya køyrer me sjølvsagt der. Matstoppa vert då på Beitostølen)

 

Pris for turen er kr. 1150,- pr. pers.

(I prisen ligg det transport, overnatting med mat, mat fredag og sundag ifm reisa og ny villomgenser)

Startkontigent for å køyre rennet kjem i tillegg. Den er på ca. kr. 500,-. Deltakarane ordner dette sjølv, men mindre de ynskjer hjelp til å setje saman eit lag.

 

Alle som vil bør sjølvsagt køyre rennet enten individuelt eller på 3-mannslag.

 

For å få ein oversikt over interessa og reservering av rom er me avhengig av bindande påmelding innan 15.10.09.

Påmelding kan gjerast til: Morten Svanaasen på  99 27 47 08  morten@strendotrevare.no

                                              Lars Gjengedal på 48 14 52 15  lars@inspera.no

                                              Håvard Tveito på 90 99 22 91 htveito@hallingdalbetong.no

 

Me håpar alle gamle og unge ynskjer å bli med, slik at dette vert ein minnerik og flott jubileumstur.

 

Med venleg helsing

Villom Telemarkklubb  


Påmeldte pr 2. nov:

  • Nils Veslegard
  • Eirik Øen
  • Nils Bekkestad
  • Borgar Eliassen
  • Steinar Gudbrandsgard
  • Lars Gjengedal
  • Håvard Tveito
  • Morten Svanåsen
  • Håkon Skrindo
  • Halvor Brattegard
  • Steinar Forberg
  • Gjermund Springgard
  • Kjersti Simpson-Larsen
  • Rønnaug Tveito Skille
  • Frode Berg Hovda