Lokalhistorie sidan 1914


 
 
 
 

Velkomen til Sunnhordland Årbok si nettside! 
Sunnhordland Årbok er den eldste lokalhistoriske årboka i Sunnhordland. I 2009 sendte me ut den 90. utgåva av årboka. Gjennom alle dei åra boka har kome ut,  frå det vesle heftet som vart gjeve ut dei første ti-åra, utan illustrasjonar av noko slag og med kanskje berre tre-fire artiklar til året, til den boka på kring 200 sider som me sender ut i dag, har Sunnhordland Årbok vore ein viktig arena for vår lokalhistorie, med artiklar skrivne av både faghistorikarar og såkalla glade amatørar. 

Vil du teikna abonnement på årboka, kan du tenkja deg å skriva i boka eller har du noko anna på hjartet, ta kontakt med Sunnhordland Museum på tlf 53 41 38 99 eller epost  felles@sunnhordland.museum.no