Senter for helseforskning i Sogn og Fjordane er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for helsefag. Denne nettstaden er ein informasjonsplattform for FoU-samarbeidet mellom helseføretaket og høgskulen.
Målet med samarbeidet er å styrka utvikling og forsking innan helsetenesta i Sogn og Fjordane gjennom å etablera eit felles forskingssenter, som skal bidra til å:
Senteret skal vere pådrivar i høve vedteken forskingspolitikk og strategi for Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane, og rettleie på søknadsutforming og prosjektutvikling. I samarbeid med andre delar av Helse Førde og Høgskulen i SOgn og Fjordane skal senteret bidra til å utvikle støttefunksjonar og tilbod for å auke FoU-kompetansen, og til rapportering og saksutgreiing. Samordningsgruppe Samordningsgruppa for Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane er samansett av forskingsleiar for senteret, to medlemar frå Helse Førde, av desse er den eine fagdirektøren i Helse Førde HF, og to medlemmer frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, der den eine er dekan ved avdeling for helsefag. Samordningsgruppa har fokus på å auke samarbeid, aktivitet og kvalitet på forskinga ved dei to samarbeidande institusjonane, og har ansvar for å initiere fagleg utvikling og eit felles fagmiljø innan helseforsking ved Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Samarbeidsorganet skal også initiere søknader om FoU-prosjekt og faglege samarbeidsprosjekt, og har ein rådgjevande funksjon i høve til leiing og styra i Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Kontaktpersonar Førstelektor Marit Solheim - forskingsleiar (Tlf: 57 72 25 31). |

