Skodvin Montessoriskule godkjent som Montessoriskule
’Open montessori-dag’
Laurdag 05.11.2011 kl. 13:00-15:00
på Skodvin skule
”Det eg høyrer, gløymer eg. Det eg ser, hugsar eg. Det eg opplever, forstår eg.”
Me har lånt skulen og heldt ’open montessoriskule dag’ for foreldre og føresette til aktuelle og potensielle elevar ved Skodvin Montessoriskule.
Denne dagen vil de få:
· Møte montessoripedagogen vår Jo Båtevik. Han vil fortelja litt om Montessori-pedagogikk og kva tankar han har for skulen.
· Oppleve korleis eit montessori-klasserom kan sjå ut
· Sjå læringsmateriale som me har stilt ut
· Prøve ut vanlege arbeidsmetodar
· Godt høve til å stille spørsmål til pedagogar og styret, samt kome med gode idear og innspel
Velkommen innom til ein kopp kaffi og masse inspirasjon!
Helsing styret i Skodvin Montessoriskule
Korleis praktiserer Da Vinci overgang til ungdomskulen?
daVinci tilbyr ikkje skule for 8-10 årstrinn. Ettersom elevar nærmar seg ungdomskulen og då særleg på 7.ande årstrinn vert dei trena i arbeidsmetodar som passar i forhold til kommunal ungdomsskule, mellom anna prosjektarbeide. Det vert i betydeleg grad brukt bøker/læreverk. Det vert hevda at tilbakemeldingar frå ungdomskular er at elevar som har gått i grunnskule basert på montessori i større grad evnar å jobbe sjølvstendig samanlikna med elevar frå kommunal barneskule.
Kva skjer framover?
Besøk på daVinci Montessoriskole i Bergen
Læringsmetode
Skulen har delt læringsromma sine inn i tema/fag: Eit norsk-rom, matematikk-rom, gegografi-rom, eit rom for engelsk, eit for kunst og handverk, musikkrom osv. Eigen gymsal. Kvart rom hadde eit breitt utval av læringsmateriell tilhøyrande det spesifikke temaet (Ridderborga viste seg å inngå i norsk som trening i bruk av preposisjonar o.l. J). Orden og system prega alle lokala.
Arbeidsmetodar
Typisk læringsmetode er å byrje med treningsmateriale i t.d. matematikk, og etterkvart som ein har innarbeida forståing for oppgåva/temaet så vil ein gradvis jobbe seg over frå treningsmateriale til meir ’tradisjonell’ løysing av oppgåver på papir.
På ein montessoriskule er det vektlagt bruk av ulike kjelder for kunnskaps tileining. Faktabøker, internett, bruk av delar av ulike skuleverk. I tillegg til innkjøpt montessori treningsmateriell, er det vanleg at lærar lagar trenings- og presentasjonsmateriale til aktuelle tema.
UDIR pålegg privatskular å dokumentere at dei oppfyller krav til timetal på dei enkelte fag. I vekeplanen til daVinci viser det difor timeplan med planlagde økter i dei ulike faga, i tillegg til ’blanke felt’ der det er lagt opp til meir fritt val kva tema/oppgåver den enkelte vil arbeide med (type det vi er vande med som ’plantime’). Det vert likevel stimulert til at ein flettar tema frå ulike fag saman der det er høveleg. F.eks kan ein i geografi søkje delar av lærestoffet i engelsk lektyre. Og i læra om forhistoriske dyr kan det også flettast inn matematikk i forhold til tal og mengdebegrep. Målet er å bruke kreativitet, og å spinne rundt det som fengar den enkelte elev.
Vekeplanar og månadslogg
Kvar måndag får elevane ved daVinci Montessoriskole utdelt vekeplan, slik vi er vande med i kommunal skule. Ved månadslutt skriv kontaktlærar ei oppsummering av kva elevane har jobba med gjennom månaden, grad av måloppnåing for den enkelte og kva eleven eventuelt treng jobba meir med. Føresette loggar seg inn på eiga nett-side for sin elev og les status og kjem med eventuelle innspel.
I tillegg til nasjonale prøver har skulen jamlege kartleggingsprøver for å følgje opp i forhold til måloppnåing og prestasjonar i forhold til nasjonale krav.
Overgang til ungdomskulendaVinci tilbyr ikkje skule for 8-10 årstrinn. Ettersom elevar nærmar seg ungdomskulen og då særleg på 7.ande årstrinn vert dei trena i arbeidsmetodar som passar i forhold til kommunal ungdomsskule, mellom anna prosjektarbeide. Det vert i betydeleg grad brukt bøker/læreverk. Det vert hevda at tilbakemeldingar frå ungdomskular er at elevar som har gått i grunnskule basert på montessori i større grad evnar å jobbe sjølvstendig samanlikna med elevar frå kommunal barneskule.
Når kan me vente svar frå Utdanningsdirektoratet?
Søknad til Utdanningsdirektoratet er sendt!
Hundvingrend Indremisjon
Hundvin Handel AS
Nils Træland VVS AS
Skodvin Skulemusikk
UL Nybrot
Hundvingrend sanitetsforening
Hundvin bygdelag
Ones og Kvalvåg grendalag
Ja til valfridom i oppvekst- og levekår!
Ja til levande nærmiljø med butikk,
barnehage, skule, aktive lag og
organisasjonar i heile kommunen!
Støtt opp om skulen, -den er basen!
Med venleg helsing
Styret i Skodvin Montessoriskule
v/leiar Eirik Helland
Ynskjer du Montessoriskulen å bevare
Tenkjer du- Dette må me klare!
Då kan du støttemedlem bli
Ved 200 kroner til skulen å gi.
Kontonummer 3632.56.99064 på deg venter
Støttemedlemmar kan vere både gutter og jenter!
Det kan vera hønsen og Hansen og bestemor
Mamma og pappa eller onkel Ingolf sitt kor
Eller kanskje du heller vil gje oss ei gåve?
Ein ting kan me iallefall love
Privatskulestyret står på for skulen vår
uansett om me skulle få trange kår!
Montessoriskular veks fram over heile landet:
Aftenposten skriv om dei mange Montessoriskulane som veks fram ved nedlagte skular.
Søknadsfristen er gått ut for Dagleg leiar og pedagogar
Styret vil no signera intensjonsavtale med aktuelle kandidatar. Ynskjer du å arbeide ved skulen vår, finn du kontaktinformasjon i linken til tidlegare søknadsutlysning ovanfor.
|
Privatskulestyret arbeider no intenst med søknaden til Utdanningsdirektoratet fram til søknadsfrist i april. Me kjem også ut med stillingsannonsar i desember. I desse dagar har du fått eit skriv i posten der du kan væra med å støtta oss så me klarar oppstart i 2012! Me håpar du finn mykje god informasjon på sidene her som me vil nytta fram til søknad er godkjent. Me har også mailadresse som vert motteken av styreleiar Eirik Helland: |
Torsdag 28.oktober 2010 vart det halde stiftingsmøte for foreninga Skodvin Montessoriskule.
Etter at kommunestyret i Lindås vedtok å leggja ned Skodvin Skule, har ei breitt samansett arbeidsgruppe sett på om det er mogleg å få til ein privatskule i krinsen. Foreldre i Skodvin skulekrins ynskjer å vidareføre eit pedagogisk tilbod med bla. gjennomgåande bruk av læring i aldersblanda grupper, der ein utviklar fagleg og sosial kompetanse på tvers av alder og evner. I ein montessoriskule er dette eitt av fleire spennande hovudelement, og det er derfor ynskjeleg å kunne tilby og drive ein slik skule. På hundvin.no, bygdas eigen heimeside, kunne foreldre og føresette melda si interesse, og på eit bygdemøte i september vart pedagogikk og skuleform grundig presentert av montessoripedagog Christine Fløisand Nygaard.
På eit nytt bygdemøte vart arbeidsgruppas forslag til driftsform, vedtekter og styre lagt fram, og på stiftingsmøtet vart vedtekter for foreninga godkjende og det første styret i foreninga Skodvin Montessoriskule vart valt.
Dette styret har følgjande medlemmar;
Styreleiar Eirik Helland
Nestleiar Kjetil Gjerstad
Styremedlemmar Eva Sæle Fyllingsnes
Monica Skare Ones
Anniken Aadneram
Janne Steinsund
Varamedlemmar Irmelin Seljelid Larsen
Erlend Vaktskjold
Trygve Kvalvåg
Søknad om oppstart av privatskule med alternativ pedagogisk retning skal sendast innan 1.april 2011, og ein reknar med at skulen er i gang frå skulestart i august 2012.










