SvingeSvein 

Attende     Neste

Lydprøvar

Ekstrautstyr...



Vår nye tremolopedal med namnet SvingeSvein, er no klar for å koma på golvet framfor gitaristar rundt om i verda. 

Denne pedalen kan tilby ein del meir enn den tremolo pedalen du har no(sannsynlegvis..) Kan i all nøysemd liste opp kva denne pedalen kan tilby:

- MIDI synkronisering

- Tap funksjon

- 2 eigendefinerte kurveformer som kan vera opp til 4 takter

- 4 standard kurveformer; firkant, sinus, sagtann og trekant

- Mjukvare(software) som kan lasta inn kurveformar og setje frekvens grenser for brytaren

-Brytar for ratio 2:1, 1:1, 1:2

- Mogeleg å koble til expression pedal for frekvens og djupnad (ikkje med på bilete)

- Analog modulering v.h.a VCA (Voltage Controlled Amplifier)

- Volumjustering

- Ekte vidarekobling(true bypass..)

- Standard 9V straumforsyning

Som de kan sjå er det MIDI inngong på denne saken. Den vert brukt til 2 ting; du kan styra tempoet på tremoloen og du kan lasta inn eigendefinerte modulasjonskurvar. Du kan laga eigne kurvar som varer opp til 4 takter. Det er mogeleg å lagre 2 slike sekvensar, A og B. Dette er ein valdig kjekk sak å leike seg med! Då kan ein også lage taktmønster som f.eks 5/4 og 7/8. Er SvingeSvein kobla til MIDI sync og du kjøyrer enten kurveform A eller B, kan du ved å trykkje på tap brytaren starte sekvensen frå start. 

Her er eit lite innsyn i kva som er på innsida av SvingeSvein. Midtpunktet er ein microprosessor som genererer modulasjonskurvane, behandlar MIDI og bereknar tempoet frå tapbrytar. Men sjølve moduleringa er analog, så lydsignalet er analogt heile vegen. På oscilloscopet  bak kan ein sjå eit signal som er modulert med ein trekantpuls.

Pris:  3000kr 

(noko leveringstid)