Båtforening og gjestehamn / Boating Association and Guest Harbor, Meir informasjon om Nedstrand her og på www.nedstrand.info. Der finn du også kalender over aktivitetar.
Årsmøtet 2012Årsmøtet 2012 blir gjennomført Fredag 23. mars klokka 20. Det ver sendt ut innkalling og sakliste saman med faktura på årsavgift. Du finn oversikt over og kontaktinformasjon til styret her. Medlemsavgifter 2012I styremøte 3. februar vedtok styret at årsavgifta for båtplass blir sett ned frå 800 til 500 kroner pr. breiddemeter. Dette har samanheng med at vi er ferdige med å betale det avtalte anleggsbidraget til Tysvær Kommune. Samstundes vert medlemsavgifta sett opp til 200 kroner. Utleigepris (for dei som leiger ut plassen sin på årsbasis) frå 2012 skal endrast frå 1400 til 1420 kroner pr. breiddemeter.StraumDet er no installert målarar på alle kontaktar. Dei som har bestilt målar må ta kontakt med Arne Myskja (98214722) for å få hengelås til sin kontakt og avlest startstand på målaren. For alle andre gjeld det at det er lov å vere tilkopla maskimalt 24 timar (for lading, arbeid osb) og at forbruket skal estimerast og betalast i kassa. Dei som har vore tilkopla straum (meir enn dei 24 timane) i vinter, må også ta kontakt slik at vi kan få kalkulert forbruk og ordna opp. Les meir her! Er plassen din ledig i ein periode?
|

