|
Denne sida tek føre seg Turi Eide sin hobby og store lidenskap: Modellering av nissar og dukker. Dei siste åra har ho dyrka dette på fulltid. Resultata kan du sjå her.
Mange på Sandane og ellers i Nordfjord har fått med seg at Turi kan med å modellere. Ho har helde kurs her på Sandane, i Førde, på Skei i Jølster, Nordfjordeid og Lote. Etter eit innslag på Norge Rundt 18. desember 2003 tok det av for alvor. Folk ringar frå nært og fjernt for å skaffe seg dei ettertrakta nissane ho har spesialisert seg på. Turi sine traisjonelle "fjøsnissar" har heilt klart sine tilhengarar. Og for å bruke Turi sine eigne ord: "Amerikanissane passar liksom ikkje heilt her med oss!"
Her kan du finne bilder av nissane og dukkene som Turi har laga. I tillegg kan du sjå og lese om kurs ho arrangerar, eller har delteke på. Det er også svært hyggeleg om du legg igjen ei melding på gjestesida.
For vidare kontakt, skriv ein e-post til: turi.eide@enivest.net |
|
OPPDATERING 10.09.11: Nytt galleri på heimesida! Sjekk ut "Galleri Dukker 2011". OPPDATERING 01.11.10: Nytt på sida: "www.kjellarstova.no" Ny adresse for nettsida. Det er slutt på alle innvikla navn. No samlast alt under den enkle og sjølvforklarande sida kjellarstova.no. Den gamle sida finn du derimot her: http://www.home.no/kjellarstova (enn så lenge) OPPDATERING 20.09.10: Nytt på sida: "Galleri Dukker 2010" Ta ein tur innom og sjå dei nye dukkene til Turi!
|
|
|