Rutetider



Sport

Det er ofte stor aktivitet på indrettsanlegget på Fogn. Her er mange i alle aldrar som spelar fotball på grasbanen eller i fotballbingen med kunstgras. Me har og ein gymsal der zumba og andre former for aerobic vert praktisert i organiserte former tre kveldar i veka. I gymsalen er det og småbarnstrim for born mellom 0-6 år annankvar torsdag. Elles er det mange uorganiserte aktivitetar på ettermiddag/kveldstid. 

A-laget i fotball har fram til nyleg hatt ei eiga nettside med informasjon om laget, samt rapportar frå kampane dei har spelt. Denne sida er no flytta inn i Fogn.org, slik at nyhende om laget vert lagt ut her, og informasjon om laget og sesongen finn du ved å klikka på linken på høgre sida (under "Sport", eller ved å klikka HER.