Den nye satsinga i Fogn IL, felles søndagstur den siste søndagen i kvar månad, har no hatt si første utflukt. Primus motor Heidi Sangedal melder om 40 deltakerar og god stemning på turen til Peråsen, som vart ein nokså kort tur i og med at dei fleste skulle ned på skulen og få med seg middagen til helselaget. Heidi understreker at sjølv om eit av bileta under kan gi inntrykk av det, så er ikkje isen trygg på vatna rundt på Fogn no. Men den vert kanskje det i løpet av denne veka? Meir info kjem i så fall om dette... Else Jorunn Løland Vold var ein av deltakarane på turen, og har knipsa bileta under: |



