Rutetider



Nyhende‎ > ‎

Store ting skjer på butikken

lagt inn 08:35 30. jan. 2012 av Håvard Østhus   [ oppdatert 08:35 30. jan. 2012 ]
Dei har grunn til å smila, både kunde Ingunn Sandanger og butikksjef, og no eigar, Arnstein Idsø. Det tidligare andelslaget Fogn Landhandel AL har overlatt drifta til Idsø, som og eig 100% av aksjane i det nystifta Fogn Dagligvare AS.

Og kundane har god grunn til å vera nøgde, for frå og med førstkommande onsdag (1. februar) vil butikken vår vera open frå klokka 09.00-20.00 på kvardagane, og frå 09.00-18.00 på laurdagane!

Det vil og skje ei ombygging og oppgradering av butikken. Dette ser ut til å skje i veke 12 eller 13, og butikken vil då vere stengt i ei heil veke.

Me kjem tilbake med meir informasjon når denne er klar!