Rutetider



Nyhende‎ > ‎

Mykje lovande i første treningskamp

lagt inn 00:52 4. feb. 2012 av Håvard Østhus   [ oppdatert 00:52 4. feb. 2012 ]
MIL 2 - Fogn IL: 8-5. Sjølv om det vart tap i årets første treningskamp for A-laget til Fogn, var det mykje positivt å ta med seg heim. Mellom anna markerte Lars Olav Bø (biletet) seg med ei perleskåring, og det vart stadfesta at fleire av Fogn sine forsvarsspelarar har krutt i skuddføtene.

Kampen vart spelt på innandørs kunstgrasbane på Tau, og skilte seg frå ein vanlig fotballkamp ved at det berre var ni spelerar på kvart lag, i tillegg til at det var tre omgangar á 25 minutt. Fogn fekk ein god start då eldstemann Sigve Bø skaut ballen hardt nede i hjørnet frå frå ca 15 meter, 0-1! Deretter utlikna MIL til 1-1, før Lars Olav Bø fyrte av frå ca. 25 meter og knalla ballen inn i krysset, 1-2! Dette vart stillinga til den første pausen.

I 2. omgang kom Olav Selvåg Bø inn på midtbanen, og markerte seg raskt med fleire gode raid. Målet hans kom derimot etter ein corner, der Olav fekk dempa ballen inne i feltet, og skaut ein markkrypar forbi keeper og i mål, 1-3! Etter dette både reduserte og utlikna MIL til 2-3 og 3-3, før Olav var på farten igjen. Han lurte det meste av MIL-spelerar på høgresida, før han la hardt inn foran mål der Håvard Østhus hadde ein enkel jobb med å putta ballen i mål, 3-4! Slik var også stillinga då "dommaren" blåste av den andre omgangen. Det må nemnast at "dommaren" i denne omgangen var Jakob Bø, sidan MIL ikkje hadde fått tak i eigen dommar slik at laga delte på å dømme. Dette hadde nok ikkje keeper Trond Egil Sivertsen fått med seg då han omtrent ti minutter ut i omgangen gav Jakob litt kjeft fordi han ikkje gjorde seg spelbar då keeper skulle kasta ut ballen... Me får tru at Trond Egil var mest fokusert på eigne oppgåver, for trass eindel baklengsmål sto han ein svært god kamp.

3. omgang var ikkje mykje å skrive heim om for Fogn sin del. MIL skåra tre mål på det første kvarteret, og Fogn låg plutselig under 6-4. Då valgte trenar Jakob å flytta den gamle spissen Andreas Svela fram frå sin vanlege midtstopparposisjon, og fekk fort utteling for dette. Svela, som tidlegare hadde stått bak og ropt at folk burde skyte tidlegare, fekk ballen på ca. 25 meter, og banka med ein gong  ballen høgt i mål, 5-6! Diverre putta MIL to kjappe skåringar før kampen var over, slik at sluttresultatet vart 8-5 til heimelaget.

Trass tapet var ikkje trenaren vonbroten etter kampen. "Her er det mykje potensiale" var gjennomgangstonen frå Jakob i garderoben etter kampen. Målskårar Svela meinte at ein måtte sjå det positive i at Fogn leda etter 2 omgangar, noko som i resten av sesongens kampar ville føre til siger...

Fogn benytta desse spelarane:
Trond Egil Sivertsen, Sigve Bø, Olav Østhus, Andreas Svela, Hans Hagenes Bø, Eirik Runestad, Harald Østhus, Lars Olav Bø, Jakob Bø, Olav Selvåg Bø, Martin Østhus, Leiv Erling Idsø, Håvard Østhus og Kristian Sunde.

Mål:
Sigve, Lars Olav, Olav SB, Håvard, Svela