lagt inn 13:06 27. mai 2012 av Håvard Østhus
Fogn IL har det siste halve året arrangert fellesturar den siste søndagen i månaden. Den siste turen før sommaren, gjekk til Skinnvigå, på sørsida av Fogn. Ein god gjeng møtte opp, og når det i tillegg var mange frå Strandalandet som hadde tatt turen med båt, vart det skikkeleg sommarferiestemning ved sjøkanten.
Det var mykje snakk om kor flott denne stranda eigentleg er, med si 40 meter lange sandstrand, grasbakken ovafor stranda, og den fine laguna ein kan bada i. Diverre er det litt vanskeleg å koma gåande til det mange omtala som "Fogns flottaste strand", då ein må forsera både tett skog og partier med myr for å koma fram. Dette er ei utfordring som fleire ynskjer å ta tak i, og Fogn IL har sendt eit brev til Fogn grendalag der ein betre sti ned til Skinnvigå var hovudtema.
Under kan de se nokre bilete frå søndagens tur. Dei flotte sandslotta som er avbilda, er bidrag i sandslottkonkurransen, som endte med delt førsteplass til alle som var med:)
|
lagt inn 05:51 24. mai 2012 av Håvard Østhus
Me er inne i ein fantastisk periode, reint værmessig. Sola skin frå klår himmel, og gradestokken bikkar 25 grader rett som det er. Framover ser det og godt ut, sjølv om temperaturen vil synka litt i neste veke. No til helga er det Pinse, noko som betyr langhelg for mange av oss. I tillegg til grilling og kos ute i sola, kan dei som er på Fogn få med seg desse arrangementa: Fredag 25. mai kl. 18.00 (merk tida) - Fotballkamp
Fogn A-lag møter MIL 2, som har fått ein like dårleg sesongstart som heimelaget. Kan Fogn få sine første poeng i denne kampen? Laurdag 26. mai kl. 10-14 - Loddsal
Finnøy Husflidslag har loddsal ved butikken Laurdag 26. mai kl. 15.30 - Zumbatrening
Idrettslaget arrangerer zumba i gymsalen. Det koster 20 kr. Søndag 27. mai kl. 11.00 - Misjonsmøte
Fogn misjonslag (NLM) arrangerer møte på bedehuset. Hans Kristoffer Goa talar, og det vert teke opp kollekt. Søndag 27. mai kl. 14.00 - Felles søndagstur til Skinnvika
Oppmøte ved Mari-Anne og Jon Olav Runestad. Mulighet for grilling. Ta med spann og spade til sandslottkonkurransen:) Søndag 27. mai kl. 18.30 - Gudsteneste i Fogn kyrkje
Ved prest Rune Andreassen. Song av Fognakoret. Nattverd. Offer til Ben-Haim i Israel. Velkommen og god pinse i hytte og hus! |
lagt inn 08:52 19. mai 2012 av Håvard Østhus
[
oppdatert 08:56 19. mai 2012
]
Fogn søndagsskule har dette året samla inn penger til fattige born i Romania, som ikkje eingong har luer på hovudet når det er kaldt om vinteren. I tillegg til å samla inn pengar, har dei samla inn luer, så neste vinter blir det 12 par ører som fryser mindre i øst. Søndagsskulen vil takka dei som kom med luer!
Elles vert det avslutning i søndagsskulen på søndag 20. mai kl. 11.00. Parker ved Helga og Ståle Østhus sitt gamle hønsehus, og gå vidare til naustet deira. Av program nemner vi:
- Andakt v/Håvard Østhus
- Dei som slutter på søndagsskulen/ringen, får eit lite minne.
- Grilling (ta difor med eigen grillmat og drikke, så stiller me med grill og litt mat til kaffien)
- Leikar
- Kollekt
Velkommen alle saman - også du som ikkje har gått så ofte på søndagsskulen dette året, og mor og far og besteforeldre...
(Tekst og foto av Janne Aano Bø) |
lagt inn 14:53 18. mai 2012 av Håvard Østhus
Fogn - Pol: 0-5 (0-2). Det gjekk ikkje som heimepublikum ønska, då serieleiar Pol gjesta Fogn 18. mai. Pol vart eit par nummer for store for dei blåkledde, og vann heilt fortent.
På biletet ser du dommar Roald Johannessen frå Tjensvoll, som klør seg i hovudet etter kampslutt. Det var det fleire andre som gjorde og, då Johannessen viste ut Leiv Erling Idsø, og oversåg at det heller var fleire Polspelerar som skulle sett resten av kampen frå sidelinja. Det er vell eit teikn på at noko ikkje var heilt som det skulle vere, då til og med den høggravide blant publikum sprang ut på banen etter kampen, for å informere dommaren om nokre grunnleggjande reglar...
På toppen av det heile vart midtstoppar Olav Selvåg Bøe skada mot slutten av kampen, og han ser ut til å få ein lengre pause frå fotballen. Difor er det ekstra viktig at dei resterande spelerane hever seg nokre hakk før fredagens heimekamp mot det andre botnlaget, MIL 2.
Kampfakta
Fogns lag: Trond Egil Sivertsen Hans Hagenes Bøe Jakob Bø Olav Selvåg Bøe Ivar Opsal Ole Jakob Kjølvik Johannes Hovda Rolf Østhus Martin Østhus Henning Skartveit Håvard Østhus Lars Olav Bø Leiv Erling Idsø Harald Østhus Kristian Sunde Eirik Runestad
Rødt kort: Leiv Erling Idsø
|
lagt inn 03:53 18. mai 2012 av Håvard Østhus
[
oppdatert 04:48 18. mai 2012
]
Sjølv om både regn, vind og temperatur vart som vèrmeldarane hadde spådd, så sette ikkje dette nokon dempar på festdagen på Fogn! Stemningen i folketoget var god, det var ei flott samling i kyrkja, og maten smakte like godt, sjølv om den vart spist inne i gymsalen dette året. Leikene for born og vaksne vart delvis flytta inn i eit stort partytelt, og "straffekonken" vart i bingen framfor på den blaute grasbanen. Om kvelden vart det som vanleg ein heidundrande fest med god mat, tale av Gjesdal-ordførar Olaug Bollestad, og mykje god underhaldning. Ekstra stor applaus fekk dei to lokale talenta Hans Hagenes Bøe og Madelaine Gordon Graadahl stilte opp med kvart sitt innslag. Hans spela gitar og song to songar, medan Madelaine hadde fått med seg ei dyktig dansegruppe til sitt dans/songinnslag. Bilete frå dagen kan du sjå under. Video frå kvelden vert lagt ut seinare. (Bileta er knipsa av Manna Wajanathawornchai, Else Jorunn Løland Vold og Håvard Østhus) |
lagt inn 08:08 16. mai 2012 av Håvard Østhus
[
oppdatert 08:09 16. mai 2012
]
Sjølv om veret ikkje er det beste for tida, så går det heilt klart mot sommer, bading og sjøliv. For å setje fokus på tryggleik i og ved sjøen, har Grieg Seafood avd. Sjernarøy gjort det til ein tradisjon å dela ut flytevestar til alle 4. klassingane i kommunen kvar vår. Og onsdag 16. mai kom Lars Martin Hetland frå Grieg Seafood til Fogn og fortalte om kor viktig det er å bruka rednings/flytevest når ein ferdast ved/på sjøen. Til slutt kalla han fram 4. klassingane, og delte ut ein flytevest til kvar, noko dei såg ut til å setje stor pris på!
Eit flott tiltak frå Grieg Seafood, som me håper dei vil fortsetja med i fleire år framover:) |
lagt inn 14:16 14. mai 2012 av Håvard Østhus
[
oppdatert 14:33 14. mai 2012
]
Nasjonaldagen er rett rundt hjørnet, og det er mykje som skal gjerast klart. Nokre av dei som har mest å gjere i desse dagar, er gjengen som sit i 17. maikomiteen på Fogn. Me har tatt ein prat med leiaren i komiteen, Aud Aano, for å høyre korleis arbeidet går! Sjå videoen under!
|
lagt inn 14:12 12. mai 2012 av Håvard Østhus
Madla 2 - Fogn: 5-0 (0-0). Fogn klarte seg svært godt i første omgang, men då det plutseleg vart 9 mot 11, var det over og ut for dei mørkeblå...
Fogn kom til Madla med null poeng på sine tre første kampar. Heimelaget var rett nok ikkje så mykje betre, då dei kun hadde fått med seg eit poeng i sesongen så langt. Difor var det ikkje overraskande at kampen starta jevnt, og at det var 0-0 til pause.
Etter pause fekk først midtstoppar Andreas Svela sitt andre gule kort for dagen, før forsvarskollega Sigve Bø fekk marsjordre ti minutter seinare. Då hadde Fogn alt slept inn to mål, og kampen var i realiteten køyrd. Heimelaget putta tre til før kampslutt, og Fogn måtte reise heim med sesongens største tap i baggasjen.
No ventar tre heimekampar på rad, dei neste tre fredagane. Først kjem serieleiar Pol til Fogn 18. mai, før tabelljumbo Midtbygden (ligg bak Fogn på færre skåra mål) tek turen over fjorden 25. mai. Til slutt kjem Sola 2 på fredag 1. juni. Så no er det berre å møta opp på Fogn stadion på fredagane framover, og heia gutane i mørkeblått fram til dei første poenga denne sesongen!
Kampfakta:
FOGNS LAG: Olav Østhus Pål Rune Grønås Sigve Bø Andreas Svela Hans Haganes Bø Ole Jakob Kjølvik Johannes Hovda Jakob Bø Martin Østhus Ivar Opsal Rolf Østhus Henning Skartveit Leiv Erling Idsø Harald Østhus
KORT: Andreas Svela (raudt) og Sigve Bø (raudt) |
lagt inn 08:35 9. mai 2012 av Håvard Østhus
[
oppdatert 08:35 9. mai 2012
]
Vi vil med denne nyhetssaken prøve å karlegge ønske/behov ved et eventuelt trimsenter på Fogn. Vi kunne tenke oss følgende forslag:
- Årskort voksen m/12 mnd binding: 400 kr pr mnd.
- Årskort student/lærling m/12 mnd binding: 200 kr pr mnd.
- Familie, 2 personer m/12 mnd binding: 600 kr pr mnd.
- Drop in pr time: 120 kr
Aldersgrensen: 15 år
Vi kommer til å sette inn følgende trimutstyr til å begynne med: - Tredemøller
- Elipsemaskiner
- Spinningsykler
- Romaskiner
- Styrkemaskiner
- Vekter
- Trimsykler
NB! Dette er ikke bindende, kun en karleggin av interessen på Fogn. Håper du/dere kan fylle ut skjemaet under, så vi kan få en oversikt over interessen. Dette er bare et foreløpig forslag, og vi er åpne for endringer, men utstyr + lokaler koster, og vi bør ha en viss økonomisk sikkerhet for at dette skal kunne realiseres.
FRIST FOR UTFYLLING: 15. MAI
Kartlegging av interesse for Fogn TrimsenterKartlegging av interesse for Fogn Trimsenter
|
lagt inn 14:34 4. mai 2012 av Håvard Østhus
Fogn IL - Hinna 2: 1-4 (0-3). Etter nok eit tap, står Fogn no att med ein heller laber sesongstart. Mot Hinna 2 var det største lyspunktet at Johannes Hovda (biletet) gav melding om at han vil spele for dei mørkeblå framover. Diverre klarte verken Johannes eller andre å hindra eit nytt tap.
Fogn starta klart best i motvind og motsol på Fogn Stadion. Ballen var stort sett berre på Hinna sin banehalvdel dei første minuttene, uten at heimelaget kom til dei heilt store sjansane. Det klarte derimot Hinna 2 etter ca. 10 minutter, då dei utnytta ein feilpasning frå back Pål Rune, til å kome i overtal på si venstreside. Det presise innlegget vart sett sikkert i mål, 0-1. Nokre minutt seinare fekk bortelaget corner, og denne utnytta dei på beste vis. I og med at det var sterk medvind for Hinna 2 i første omgang, klara spelaren å skru ballen rett i mål bak keeper Trond Egil, 0-2. Fogn hadde tidvis godt spel, og både Ivar og Jakob var farleg frampå utan å få uttelling i form av skåringar. Diverre fekk Hinna 2 sett inn nok ei skåring like før pause, slik at stillinga var 0-3 ved halvtid.
I andre omgang fekk Fogn både vind og sol på si side, noko som bidrog til at stemningen i pausen var fokusert på at "dette skal me snu". Og eit kvarter ut i andre omgang byrja det som kunne vore ei fin opphenting. Ivar jakta på eit tilbakespill til keeper. Dette fører til at keeper blir stressa, og utsparket går rett i beina til Håvard, på ca. 20 meter. Han brukar eit par touch til å legga ballen til rette, før han skyt over keeper og i mål, 1-3! Etter dette dalte tempoet i kampen veldig, og Fogn kom berre til halvsjansar foran målet til Hinna 2. Sistnemnde fekk òg kampens siste mål, sikkert sett frå straffemerket, 1-4.
Kampfakta
Fogns lag: Trond Egil Sivertsen, Pål Rune Grønås, Andreas Svela, Sigve Bø, Hans Haganes Bø, Ole Jakob Kjølvik, Martin Østhus, Jakob Bø, Johannes Hovda, Håvard Østhus og Ivar Opsal.
Benytta reservar: Rolf Østhus, Henning Skartveit, Kristian Sunde, Harald Østhus.
Fogns mål: Håvard Østhus
Gule kort: Jakob, Svela og Ivar |
|