NB! Datoen for Blåhø Opp 2012 blir 28. juli. BlåhøOpp har 5 års jubileum i 2012 Vi vil markere dette med å lage ei større og finare medalje til utøvarane. Vi vil også lage ein 5 års pokal i ein spesiell utsjånad. Alle som har gjennomført 9 eller 15 km, eller ein kombinasjon av desse, kan kjøpe denne pokalen. For sykkel er det fyrst i 2013 at det er 5 års jubileum, men ein kombinasjon av sykkel og løp, vi også gjelde på 5 års pokalen Vi satsar på å få alle som ynskjer det til å «Nå Toppen» Dei som vil gå eller jogge frå Vågåmo utan tidtaking, skal få moglegheit til dette. Vi set som betingelse at dei startar frå Vågåmo kl 9.00. Startnummer får dei kjøpt same dagen, på rennkontoret ved Vågå Hotel. Vi vil ha så mange som mogleg med på dette og håpar at mange tek utfordringa. Alle som når til topps får t-skjorte og medalje. Dei får og nyte den fantastisk flotte utsikta frå Blåhø, og kan også være med å skape ei kjempestemning ved målgang, for løpere og syklister. Starkontingent for trim er sett til kr 150,- Premiering Alle klassevinnere + tredjedel av startende i kvar klasse får: BlåhøOpp premie (dette gjeld konkurranseklasse for 9km løp, 15 km løp og sykkelklasser 15 km) Totalvinnere for damer/ herrer på 15 km løp og 15 km sykkel får kr 1500,- i premie (beste tid for dame og herre løping og sykkel) Eventuell ny rekord blir premiert med kr. 5000,- Alle som deltek og når toppen av Blåhø får også: Blåhømedalje og t-skjorte med BLÅHØ OPP logo Rekorder på 15 km løp og 15 km sykkel Sykkel herrer: Olav Trønnes 1.03,44 Sykkel damer: Mari Trønnes 1.14.10 Løp herrer: Jon Tvedt 1.13.35 Løp damer: Anita Håkenstad Evertsen 1.16.04 Presseoppslag på løpet Blåhø Opp blir støtta av: |



