Årets konsert blir med Lomsk! Lørdag 23. Juni kl 20.00 på Besseggen Fjellpark Maurvangen. (Samme dag som Besseggløpet ) Billetter kjøpes her og ved inngangen http://www.lomsk.no/ Friluftskonsert ved Gjende begynner å bli ein tradisjon. Det begynte i det små, lokale artistar ved Gjendevatnet, med eit lite, men tilfreds, publikum. Etterkvart har vi hatt kjente artistar med stor scene montert, og profesjonell lydkvalitet. Publikumsrekorden hadde vi med Vamp, da hadde vi 1200 som kosa seg i hellinga opp frå Gjendevatnet. Av tidlegare artistar kan vi nemne; Knut Kjøk og Dag Gården, Lomsk; BukkeneBruse; Vegard Vårdal m.fl.; Valkyrien Allstars, Vamp, Bjørn Eidsvåg. Det er ikkje tilrettelagt med benkar, du tek med sitteunderlag eller slenger deg ned i lyngen om været er tørt og varmt. Gjende ligg på 984 moh – det er lurt å ha det i bakhodet med tanke på klesvalget, det er ikkje alltid det er t-skjortetemperatur.. |